Sommarferie

Trening i sommarferien kan vera utfordrande. Veka har vore tilbragt i Italia, med mykje god mat, god drikke og seine kveldar. For min del, er varmen den største utfordringa. Samtidig er kjensla etterpå like herleg som vanleg. Kanskje ekstra deilig når du kan ta deg ein kald dusj eller allerhelst eit kaldt bad i sjøen etterpå.

20140726-193837-70717268.jpg

Å gjere seg kjent på feriestaden med ein joggetur, er både kjekt og nyttig. Undersøk området på førehand, bruk google maps, eller gjer som meg, legg merke til gang/sykkelvegar/stiar når du går for å finne hotellet. Eg joggar stort sett alltid med Nike + appen med gps. Greit hvis du skulle rote deg vekk, og kjekt å sjå etterpå kvar du har vore, i tillegg til at den registerer fart og distanse.

20140726-194440-71080221.jpg

Upåklageleg utsikt på denne turen langs Gardasjøen.

2xu

2xu22xu3

Som veldig mange triatletar, er eg veldig fan av 2xu-produkta. Vurderer å få meg ny våtdrakt (den gamle har diverre blitt litt for stor, meir om den i eit seinare innlegg), og då kjem eg nok til å gå for ein frå 2xu. Av andre 2xu-produkt har eg ein trishorts, ein vanleg shorts, ein termal tights og ein vanleg tights. Skal også investere i nye kompresjonsstrømper eller calf guards.

Når det gjeld tightsen, er eg nok mest nøgd med thermal-varianten. Den er mindre gjennomsiktig, og eg tykkjer den gir litt betre kompresjonseffekt. Den er jo litt varmare, men for ein frysepinn som meg, gjer det absolutt ingenting.

Lettvint mellommåltid

Eg er stor fan av det lettvinte. Eg har det stort sett alltid travelt, så litt for ofte blir det mat “på farten”. Då gjeld det å ty til enkle, men sunne løysingar. No om sommaren er eg hekta på nektariner. Heilt nydeleg saman med kesam. Særleg den nye kesamen med lime. Nam.

 

Kesam

Lettvint og godt i sommarvarmen

 

Nordnes Sjøbad

20140717-001242-762603.jpg

Eg er ikkje nokon spesielt stor fan av klorvatn, så eg tykkjer difor det er herleg å bade ute på Nordnes Sjøbad. Litt grått og kaldt i været, men det gjorde ingenting. Vannet var 25 grader, så det vart ein oppfriskande svømmetur.

Hadde med meg mini, så det vart roleg svømming med fokus på teknikk. På grunn av været var det nesten ingen andre der, så vi kunne verkeleg boltre oss.

Racerapport Jølster (halv) maraton

5. juli var det klart for Jølster Maraton. På heimesida deira http://jolster-maraton.no/ lokkar dei med “lett løype i vakker vestlandsnatur”. Betre blir det vel ikkje?

bilde 4

Jølster

Etter ei veke med alt for tung trening (styrke/svømming/Stoltzen) i tillegg til mange timar i bil dagen før, var eg ikkje heilt optimistisk. Men håpte den lette løypa ville hjelpe meg til å nå eitt av delmåla for i år: Halvmaraton på under 1:50. Eg sprang Bergen City Maraton på 1:52, og det er ei ganske tøff løype.

Jølster halvmaraton

Klar til start

Det var varmt, og eg prøvde å byrje roleg. Den lånte Garmin-klokka synte ei km-tid på litt under 5:00. Heilt greit tempo å ligge i.

Første drikkestasjon kom litt brått på, men eg passa på å få i meg drikke. Planen var å ta ein gel litt før 10km. Rundt 8km kom det ein drikkestasjon, så eg nytta høvet. Det var ein Squeezy-gel innkjøpt for høvet, og berre testa ein gang før. Litt risikabelt, men eg satsa på det skulle gå greit. Passerte 10km på rundt 51min. Innsåg då at dette gjekk litt for fort. Persen på 10km frå i fjor er på 51. Samtidig er eg nok i betre form no, så eg prøvde å ikkje la meg stresse. Stoppa kort på alle drikkestasjonar. Det vart veldig varmt etterkvart. Prøvde å nyte naturen og den flate løypa.

Klokka synte etterkvart at eg låg veldig godt an til å nå målet på under 1:50. Ved 15km var eigentleg planen å få i seg ein ny gel. Eg visste ikkje når neste drikkestasjon kom, så eg bestemte meg for å droppe det. Følte meg utruleg bra, og det var jo ikkje så langt igjen! (Note to self: Aldri høyr på deg sjølv midt under eit løp).

Det gjekk som det gjekk. Smellen kom vel på ca.18/19km. Då hadde eg også blødd naseblod ei stund. Ville berre stoppe opp og gå. Heldigvis kom det ei bak meg som pusha på, og motiverte meg til å halde ut siste km. Kom i mål på 1:52:54. Jaja. Alltid noko ein kan ta med seg frå kvart løp. Det var uansett ei flott oppleving med masse kjekke folk! Anbefalar alle å ta turen til neste år. Velorganisert og bra løp. For min del fryktar eg diverre at det kræsjar med Ironman 70.3 Haugesund neste år. Ellers hadde eg absolutt teke turen igjen!

Før heimreise vart det jølstraaure på Jølstramuseet. Herlighet. Beste måltidet på lenge. Nydeleg!

jølstraaure

Sirkeltrening

Bergen Fitness

Tysdagar er det sirkeltrening med Fredrik på Bergen Fitness. Det er tungt. Sveitten silar og eg sukkar og stønnar av rein utmatting undervegs, men det føles så utruleg bra etterpå!

For dei som ikkje kjenner til konseptet sirkeltrening, så er det ei tung og effektiv treningsform. Her får du trent både styrke og kondisjon på same tid. Ein gjer nokre få øvingar med fleire repetisjonar og korte pausar mellom.

WOD (Workout of the day):

 

BF2 Bergen Fitness

Eg er ganske fersk, så eg må alltid spørje om nokon kan forklare øvingane eller forkortingane. I dag var det jumping squats (hoppande knebøy), Kettlebell swings (vanskeleg å forklare…), push ups og situps. I 20 min. Så var det Tabata. Stå i 90 grader inntil veggen, planke og L-sit. Alle øvingane 4 x 20 sek.

L-sit (sitt som ein L) var ingen umiddelbar suksess. Eg fekk krampe, og fekk vel eigentleg aldri heilt dreisen på den. Men eg prøvde!

Lyst til å prøve du og? Meld deg inn på: www.bergenfitness.no Du kjem ikkje til å angre!

1000 meter intervallar

Track

Intervallar er vel både elska og ikkje minst hata. 10 x 1000 meter med 60 sekunds pause, skal visstnok vera Anders Aukland si favorittøkt, i følgje sportmedia.no. Javel. Då prøver vi det.

Det er viktig å ikkje opne for hardt, men heller ta i litt på slutten. Det er fort å bli overivrig i starten, men hugs at du skal halde ut 10 drag, så tilpass farten etter dette. I og med at det er sommar, varmt og eg var litt usikker på formen, prøvde eg å legge meg på 4:30-tempo. Det gjekk veldig greit. Den treigaste gjekk på 4:38 (inkludert vekksparking av fotball frå luringane som “trente” fotball der) og den raskaste på 4:28, så eg reknar den som godkjent.

Note to self: Ikkje et egg og bacon til middag før intervalltrening…