Racerapport Jølster (halv) maraton

5. juli var det klart for Jølster Maraton. På heimesida deira http://jolster-maraton.no/ lokkar dei med “lett løype i vakker vestlandsnatur”. Betre blir det vel ikkje?

bilde 4

Jølster

Etter ei veke med alt for tung trening (styrke/svømming/Stoltzen) i tillegg til mange timar i bil dagen før, var eg ikkje heilt optimistisk. Men håpte den lette løypa ville hjelpe meg til å nå eitt av delmåla for i år: Halvmaraton på under 1:50. Eg sprang Bergen City Maraton på 1:52, og det er ei ganske tøff løype.

Jølster halvmaraton

Klar til start

Det var varmt, og eg prøvde å byrje roleg. Den lånte Garmin-klokka synte ei km-tid på litt under 5:00. Heilt greit tempo å ligge i.

Første drikkestasjon kom litt brått på, men eg passa på å få i meg drikke. Planen var å ta ein gel litt før 10km. Rundt 8km kom det ein drikkestasjon, så eg nytta høvet. Det var ein Squeezy-gel innkjøpt for høvet, og berre testa ein gang før. Litt risikabelt, men eg satsa på det skulle gå greit. Passerte 10km på rundt 51min. Innsåg då at dette gjekk litt for fort. Persen på 10km frå i fjor er på 51. Samtidig er eg nok i betre form no, så eg prøvde å ikkje la meg stresse. Stoppa kort på alle drikkestasjonar. Det vart veldig varmt etterkvart. Prøvde å nyte naturen og den flate løypa.

Klokka synte etterkvart at eg låg veldig godt an til å nå målet på under 1:50. Ved 15km var eigentleg planen å få i seg ein ny gel. Eg visste ikkje når neste drikkestasjon kom, så eg bestemte meg for å droppe det. Følte meg utruleg bra, og det var jo ikkje så langt igjen! (Note to self: Aldri høyr på deg sjølv midt under eit løp).

Det gjekk som det gjekk. Smellen kom vel på ca.18/19km. Då hadde eg også blødd naseblod ei stund. Ville berre stoppe opp og gå. Heldigvis kom det ei bak meg som pusha på, og motiverte meg til å halde ut siste km. Kom i mål på 1:52:54. Jaja. Alltid noko ein kan ta med seg frå kvart løp. Det var uansett ei flott oppleving med masse kjekke folk! Anbefalar alle å ta turen til neste år. Velorganisert og bra løp. For min del fryktar eg diverre at det kræsjar med Ironman 70.3 Haugesund neste år. Ellers hadde eg absolutt teke turen igjen!

Før heimreise vart det jølstraaure på Jølstramuseet. Herlighet. Beste måltidet på lenge. Nydeleg!

jølstraaure

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s