Oppladning til Os Triathlon

Denne veka har eg prøvd å ta det roleg. Rolege langturar på joggefronten og litt spinning. Men så hadde eg så veeeldig lyst å vera med på Stoltzekarusellen, og så måtte eg jo berre på sirkeltrening med godgjengen på Bergen Fitness:

Bergen Fitness <3

Bergen Fitness ❤

Berre litt svømming i dag, så skal eg slappe godt av. Har meld meg på crawle-kurs (jada, litt seint no, kanskje), etter å ha innsett at eg rett og slett ikkje kan crawle. I fjor på Os Triathlon svømte eg bryst, med våtdrakt. Det er ikkje spesielt lurt, i og med at drakten gir veldig mykje motstand ved brystsvømming, i tillegg til at du blir mykje meir sliten enn dersom du crawlar. Men no skal eg endeleg få lært meg grunnleggjande teknikk. Det ser eg fram til!

Ellers er det berre å kaste seg uti, og melde seg på Os Triathlon. No er det fullt i mosjonsklassen, men framleis plassar i konkurranseklassen. Os triathlon er eit sprint-triathlon, det vil seie at det er 750 meter svømming, 20km sykling og 5km løping. Overkommeleg for dei aller fleste, og ikkje minst kjempekjekt. Bli med du og! 🙂 For min eigen del, er målet å forbetre tida mi frå i fjor. Håpar og trur at det skal gå greit. Eg brukte 1time og 35min i fjor, så potensialet for forbetring er jo stort. Men så var det å trene riktig…Svømminga gjekk greit ein periode, men så forsvann motivasjonen litt. Etter knall og fall på sykkel rett før Bergen City Halvmarathon har eg hatt eit anstrengt forhold til klikk-pedalane mine…Sååå….Kremt. Eg har bestemt meg for å byte pedalar og sykle i joggesko. (Oh, no himlar alle syklistane med augene.) Nei, unnskyldingane er mange. Svaret får eg svart på kvitt på søndag. 🙂

Sommerkarusellen

sommerkarusellen

Foto: Sommerkarusellen

 

sommerkarusellen2

Foto: Sommerkarusellen

Mandag vart det tid for årets siste sommerkarusell. Utruleg greit tilbod for å halde formen ved like i løpet av sommaren. Det var fem løp totalt, og eg deltok på alle. Utruleg kjekt arrangement! Løypa er på 5km og lettløpt. Det var difor gode moglegheiter for ny pers. Det lukkast eg med i første løpet, som var før sommarferien. Då sprang eg på 23:30. Dermed låg alt til rette for å jobbe seg ned mot 22-talet, som var målet. Så kom sommarferien, gitt! Sååå…Det gjekk diverre ikkje denne gongen. Tidene gjekk berre nedover etterpå. Men spring rimeleg jamnt. Så det er vel noko å ta med seg. Eg kjem sterkare attende neste år!

Litt av poenget med å springe såpass mange 5km løp, var også å jobbe med farten. For å perse på 10 km og halvmarathon, må eg rett og slett springe fortare. Så enkelt, men likevel så vanskeleg. Samtidig trur eg at desse løpa har gitt meg eit godt grunnlag å jobbe vidare med. Eg er veldig spent på korleis det vil gå på halvmarathon under Knarvikmila 6. september. Det vil vera ein god peikepinn på korleis eg ligg an før hovudmålet mitt i oktober: Amsterdam halvmarathon.

Håpar alle melder seg på neste års Sommerkarusell. Gneist gjer verkeleg ein knalljobb med dette arrangementet. Utruleg kjekt å sjå at så mange frivillige står på for å lage til eit så flott arrangement. Til og med været har vore upåklageleg alle gongene. 🙂 Alle som deltek på 4 av 5 løp, får medalje:

sommerkarusellmedalje

Bergen Fitness ❤

 

Mjølkesyre

Desse to vekene har det vore mykje mjølkesyre. Korte, men intense økter. Endeleg fekk eg forbetra tida mi i Stoltzen! I mandagens Stoltzekarusell gjekk eg på 15:24. Målet er å kome under 15 minutt på sjølve løpet den 27. september.

 

Stoltzen2Kort og brutalt opp, men ein god tur nedatt.

 

Den andre “syreøkta” har vore sirkeltrening på mitt favorittreningsstudio: Bergen Fitness.

Bergen Fitness

Kvar tysdag er det sirkeltrening, og denne tysdagen var det statiske øvingar. Det gjorde vondt. Men gøy var det! 🙂

 

Eg kan ikkje få understreka nok kor viktig det er med styrketrening. Det gjer verkeleg underverker. Eg har hatt eit trøblete kne, og skranglete hofter, men etter å ha begynt med systematisk styrketrening i vår, har dette forsvunne heilt(*bankibordet*). Mange løparar er redd for å trene for mykje styrke, fordi ein føler ein blir “tung” osv. Det er synd, for styrketrening har så mange fordeler!

I og med at eg har hatt mange intense økter den siste tida, har eg prøvd å restituere godt, med ein kviledag i veka, samt restitusjonsturar med joggesko på beina. Skulle helst ha sykla litt denne veka, men det har blitt nedprioritert. Neste veke er det inga bøn. Då må eg sykle.

Trening veke 31

Alt går litt treigt for tida. Kvardagen kom som vanleg brått på, og no er det om å gjere å komme fort inn att i jobb og rutiner. Ei kjapp oppsummering av veka som gjekk:

Tysdag var det gjennomkøyring av Os Triathlon-løypa med BTC (Bergen Triathlon Club):

Os

Alltid litt seint ute…Må berre fikse litt på brillene…

Os Triathlon er eit sprint-triathlon. Det vil seie 750m svømming, 20km sykling og 5km springing. Det er ein overkommeleg distanse for dei aller fleste. Os Triathlon er eit veldig greit nybyrjar-triathlon, så det er berre å melde seg på her.

Tri2

Frå svømming til sykkel

Tri5

Frå sykkel til løp

Ellers har eg gått Stoltzen i styrtregn, på årets treigaste tid: 16:28. Ikkje bra. Satsar på revansje på torsdag. I tillegg har eg fått sprunge nokre kilometer. Godt å få kroppen i gang igjen etter ferien. Kjenner at eg ligg litt bakpå akkurat no, men hausten byr på mange utfordrande løp, så det er berre å legge seg i hardtrening.