Oppladning til Os Triathlon

Denne veka har eg prøvd å ta det roleg. Rolege langturar på joggefronten og litt spinning. Men så hadde eg så veeeldig lyst å vera med på Stoltzekarusellen, og så måtte eg jo berre på sirkeltrening med godgjengen på Bergen Fitness:

Bergen Fitness <3

Bergen Fitness ❤

Berre litt svømming i dag, så skal eg slappe godt av. Har meld meg på crawle-kurs (jada, litt seint no, kanskje), etter å ha innsett at eg rett og slett ikkje kan crawle. I fjor på Os Triathlon svømte eg bryst, med våtdrakt. Det er ikkje spesielt lurt, i og med at drakten gir veldig mykje motstand ved brystsvømming, i tillegg til at du blir mykje meir sliten enn dersom du crawlar. Men no skal eg endeleg få lært meg grunnleggjande teknikk. Det ser eg fram til!

Ellers er det berre å kaste seg uti, og melde seg på Os Triathlon. No er det fullt i mosjonsklassen, men framleis plassar i konkurranseklassen. Os triathlon er eit sprint-triathlon, det vil seie at det er 750 meter svømming, 20km sykling og 5km løping. Overkommeleg for dei aller fleste, og ikkje minst kjempekjekt. Bli med du og! 🙂 For min eigen del, er målet å forbetre tida mi frå i fjor. Håpar og trur at det skal gå greit. Eg brukte 1time og 35min i fjor, så potensialet for forbetring er jo stort. Men så var det å trene riktig…Svømminga gjekk greit ein periode, men så forsvann motivasjonen litt. Etter knall og fall på sykkel rett før Bergen City Halvmarathon har eg hatt eit anstrengt forhold til klikk-pedalane mine…Sååå….Kremt. Eg har bestemt meg for å byte pedalar og sykle i joggesko. (Oh, no himlar alle syklistane med augene.) Nei, unnskyldingane er mange. Svaret får eg svart på kvitt på søndag. 🙂

Advertisements

3 thoughts on “Oppladning til Os Triathlon

    • Eg veeeeeit! :p Men du anar ikkje, her snakkar vi verkeleg angst! Det var dritkjipt å tryne. Skikkeleg dust måte, bråbremsing og rett i bakken. Hadde ikkje sjans til å få løyst ut foten. Eg har verkeleg tatt skrekken! (Og sparar jo heise med tid i T2!;)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s