Racerapport: Stoltzekleiven opp 2014

Startområdet

Startområdet

Så var det klart for årets desidert viktigaste formtest: Stoltzekleiven opp, populært kalla Stoltzen. Ca. 800 trappetrinn, og litt over 300 høgdemeter fordelt på 0,8 km. Bratt. Vondt.

I og med at eg har ein betennelse under foten, tykte legen min det var ein dårleg ide å stille til start. Eg var for så vidt einig i det, men eg gjorde det likevel. Belastninga ved å gå i Stoltzen er ei heilt anna enn det som utløyste betennelsen: For mange km på hard asfalt. Heldigvis og bankibordet så gjekk det heilt fint med foten. 🙂 Av og til er lukka betre enn forstanden.

Eg skulle starte ganske tidleg, 09:30, så det var tidleg opp ein laurdags morgon. Kom litt seint, men med tanke på været, passa det eigentleg heilt ypperleg. Det var opplett fram til ca 15 min før eg skulle starte, men eg klarte heldigvis å halde meg tørr heilt fram til start. Nervøs, men samtidig visste eg at eg ikkje ville kunne prestere optimalt denne dagen. Målet var å kome så nær 15:24 som mogleg. Det er persen min frå årets Stoltzekarusell.

Klok av skade, prøvde eg å ikkje gå for hardt ut. Tok det ganske roleg, samanlikna med tidlegare turar, men det gjekk kort tid før eg kjente blodsmaken. Mangen år sidan eg har kjent den så tidleg i løpet! Men eg veit jo kvifor. Skade, ei veke med forkjøing og feber, tre veker med minimalt med aktivitet. Kondisen forsvinner fort, gitt! Prøvde å ta det litt roleg, og konsentrere meg om å gå jamnt. Lettare sagt enn gjort. Halvvegs ser eg på klokka, har no for lengst gitt opp målet om 15:24.og konstaterer at eg ligg litt foran skjema for å slå tida frå i fjor (16:38).  Då kjente eg at eg vart litt stressa. Kva om eg ikkje klarte å slå fjorårstida ein gang? Prøvde å gasse på. Kjente at det nesten svartna for meg på veg oppover, men brått hadde eg passert skiltet “Melkesyren”. Då veit eg nøyaktig kor langt det er igjen, og eg veit nøyaktig kva tid eg må ha når eg kjem til byrjinga på tretrappene for å setje ny pers. Trappene kjem, eg ligg godt foran skjema. Har lite eller ingen krefter igjen, hugsar berre glimtvis trappene og den siste bakken før mål. Kastar meg over målstreken og legg meg ned. Heilt ferdig. Høyrer speakeren rope opp namnet mitt, og eg høyrer 15:47. “Jess”, tenker eg og er nøgd med det. Får stabla meg på beina, og får lappen i handa. Æsj. Det var 15:57. Jaja. Under 16. og ny offisiell pers med over 30 sekund. Det får holde.

Den offisielle lappen

Den offisielle lappen

Legg merke til at idrettslaget er Syril. Det har stått slik sidan første gong eg meldte meg på i 2009/2010. Burde vel kanskje endre det, men det er utruleg morosamt å hente startnummer hjå gamle friidrettsringrevar som med ein gong skjønar kvar eg kjem frå: “Syril, ja du er sogning du altså!” Syril i mitt ❤

Her kan du sjå utviklinga mi i åra som har gått:

Stoltzestatistikk

Stoltzestatistikk

Formen er heldigvis stigande! Håpar den fortsetter slik. Neste år er det under 15 som gjeld. Følte eg var rimeleg nær i år, og eg veit eg har det inne. Men Stoltzen er Stoltzen. Det er knallhardt, rett og slett. Og sjølv om du blir raskare, er det like j… smertefullt kvar einaste gong ein går der.

Advertisements

Racerapport: Knarvikmila

Endeleg var det tid for Knarvikmila. Heldigvis hadde eg gløymt kor tung den løypa er, ellers hadde eg definitivt grudd meg mykje meir…Dagsformen var heilt fin, kroppen kjentes bra, ingen ondter eller andre ting. Eg hadde vel eigentleg ingen plan, anna enn å få testa formen.

Startskotet gjekk, og eg hadde ei god kjensle. Musikk på øyret og energigel i lomma. Denne gangen hadde eg faktisk to: Ein Winforce og ein Energydrink. Betre føre var. For dei som ikkje kjenner til Winforce, kan eg anbefale å teste ut den. Den einaste gel-en magen min har tålt…Smakar kokos.

Dei første km gjekk greit, litt for fort, men det er utruleg vanskeleg å ta det med ro i byrjinga. Dette må eg definitivt jobbe meir med. Litt usikker på kva tid eg passerte 10 km på, men trur det måtte vera rundt 51 min. Litt for raskt. Samtidig skulle eg jo ha ny pers. Det var vel omtrent på 10km eg byrja å kjenne at det plutseleg verka ufatteleg langt å skulle springe 21km. Etter såpass mange 5km-løp, føltes det frykteleg langt. Hugsar ikkje heilt når eg tok gel-en, men trur det var rundt 11-12km. Rett før ein drikkestasjon, slik at eg kunne skylle den ned. Kjente det var godt med påfyll. Bomma nok litt med måltida denne dagen, det vart for mange timar frå frukost (den obligatoriske havregrøten) til løpet starta.

Knarvik2

Rundt 16km byrja det å bli tungt. Heiv innpå energidrinken (utblanda gel m/koffein). Den gav eit lite kick, så eg holdt humøret oppe. Siste del av løpet føltes som ein einaste stor oppoverbakke. Det var vel antakelegvis mest psykisk, men eg kan då ikkje hugse at løypa var så tung som dette…? Rundt 19km byrjar eg å kjenne noko i anklane/foten. Hm? Krampe? Prøver å ignorere. Så byrjar det plagsomme kneet å verke. Smertene blir verre. No verkar eg vel strengt tatt i heile høgre fot. Det er for kort igjen til å bryte. Bit tenna saman. På veg inn mot stadion, har eg mest lyst til å grine. Prøver å sette opp farten, men det er nesten omogleg å trakke på foten. Byrjar å halte. Kjempar meg i mål hinkande/haltande. Shit! Vondt! Setter meg ned. Er vant til at halvmarathon gjer vondt, men dette var vel kanskje ikkje heilt bra…? Tida vert 1:56:01. (Ja, det sekundet var jo litt irriterande, men uansett for dårleg tid til at det betyr noko.) Skuffa, men mest bekymra. Uansett: Knarvikmila er velorganisert og veldig kjekt! Eg kjem nok tilbake neste år. Einaste eg saknar er fartshaldarar, slik det var på BCM. Eg prøver jo å følge med på klokka, men etter sånn 13-14 km blir eg så susete i hovudet når eg skal rekne ut korleis eg ligg an, at det er heilt utruleg.

Medalje, YT-bar og...makrellfilet...

Medalje, YT-bar og…makrellfilet…

Søndagen gjekk eg tur på Fløien. Planen var å “walk it off”. Det gjekk dårleg. Endte med eit “kjapt” besøk på legevakta på mandag. Røntgenbileta kunne ikkje gje noko klart svar. Muligens tretthetsbrudd, muligens betennelse. Skulle kome innatt om ei veke om det ikkje gav seg. “Heldigvis” vart eg forkjøla også, så eg har brukt veka til å ligge strekt.

Rest-Ice-Compression-Elevation

Rest-Ice-Compression-Elevation

Så. Kva kan eg sei? Kjem sterkare tilbake! 🙂 Håpar berre eg klarar å ta det nok med ro, og vera forsiktig nok. Planen er å trene alternativt. Både sykling og svømming skal gå greit, så får eg prøve litt forsiktig styrketrening.

 

CC-Lappar

Nam...

Nam…

Eg har jo lovd at bloggen skal handle litt om mat også. Dersom du er ute etter lavkarbosukrinmelislettprodukt-tull, har du kome til feil blogg. Eg brukar ikkje kunstige søtningsmiddel eller lettprodukt. Men eg prøver likevel å ha eit nokon lunde fornuftig og variert kosthold. Ein favoritt til helgefrukosten er CC-Lappar, eller Cottage Cheese-lappar. Dei er enkle, proteinrike, luftige og veeeldig gode. Dette er ikkje mi oppskrift, eg fann den på ein blogg for mange år sidan, som no ikkje eksisterar lenger. Skulle gjerne kreditert rett opphavskvinne, men eg hugsar rett og slett ikkje kven det var. (Gi gjerne ein lyd i kommentarfeltet om du kjenner den att.)

Oppskrift: OppskriftaOppskrift

Framgangsmåte: Mål opp havregryna (bruk store, dei er best), bakepulver og Cottage Cheese. Ha i eitt egg og ein eggekvite (jada, du kan bruke begge egga, det går heilt fint), tilsett vann og mos det med stavmikser til det blir ei fin, jamn røre. Tilsett krydder etter ønske. La røra stå og svelle nokre minutt i kjøleskapet. (NB, om den blir ståande ei stund, er det lurt å røre litt i den, i og med at dei små bitane frå havregryna vil synke til bunnen.) Så er det berre å steike små lappar på middels varme i ei steikepanne. Alternativt kan du bruke vaffeljern og lage vaflar. Berre hugs å bruke godt med smør/olje (jada, her brukar vi meierismør. Margarin er bannlyst i heimen.) Så er det på med syltetøy og gjerne rømme. Nam! Oppskrifta ovanfor er berekna på ein person, så doble gjerne oppskrifta. Då rekk det til 2-3 personar, litt avhengig av magemål. (PS: Når eg doblar oppskrifta, brukar eg likevel berre ei teskjei bakepulver, og så brukar eg gjerne 3 egg og ein eggekvite.)