Ostegratinert blomkål med bacon

Eg har jo trass alt lova at denne bloggen også skal handle litt om mat, så i dag kjem det endeleg ei middagsoppskrift. Denne er heller ikkje mi, men kjem frå skulekjøkenet på Leikanger Ungdomsskule.

Oppskrift:

1 Blomkålhovud

200 g Bacon

Ostesaus:

1ss Smør

2ss Kveitemjøl

3dl Mjølk

50g Kvitost

og 50g Kvitost til å strø over til slutt

Slik gjer du:

Del opp blomkålhovudet, og kok det til det er mørt. Skjær baconet i små bitar og steik. Ostesaus: 1. Fres smøret, ha i mjølet og rør saman. 2. Spe med litt av melka om gongen. 3. Rasp osten og rør inn.

Saus

Ostesaus in the making

Ostesaus in the making

Legg dei ferdigkokte blomkålbitane i ei eldfast form, og hell ostesausen over.

BlomkålStrø til slutt over bacon og raspa ost. Steik i omnen på 225 grader til osten er gyllen.

Ferdig

Sever gjerne med brød og salat.

Håpar det smakar, gi gjerne ein lyd når de har testa det ut! 🙂

Advertisements

Trening på kurs

Det har vore nokre intense veker med eksamen, så rett på ei vekes kurs.

Vanlegvis slit eg med å få trent medan eg er på reise/kurs, men denne gongen var eg klar. Eg pakka med meg treningsbag og treningstøy og alt eg trengte. Hotellet hadde avtale med Stamina om fri trening, så her var det berre å nytte høvet.

20141122-164107-60067439.jpg

Eg allierte meg med ein kollega, og vi prøvde å dra med oss fleire. Det gjekk over all forventning! Jogga mandag og onsdag, og var på Stamina tysdag og torsdag. Klapp på skuldra!

Det var lange dagar. Undervisning frå 8:15 til 17:00, så trening var heilt nødvendig for å halde ut.

Litt pinleg då eg stod i ein tom garderobe og skulle ta selfie foran speigelen, og så kom det ei dame brasande inn. Eg veiva kjapt vekk mobilen og prøvde febrilsk å late som eg leita etter dekning eller whatever…Busted…Så…Det vart eit bilete av garderoben i staden…

20141122-164458-60298903.jpg

Selfies fekk vente til eg var trygt tilbake på hotellet…

20141122-164634-60394588.jpg

Så til alle andre som skal ut og reise: Undersøke treningstilboda på førehand, pakk treningstøyet og alt du treng (treningsbag og hengelås til garderobe feks.) Eg hadde treningstøyet mitt som handbagasje på flyet, veldig praktisk. Og allier deg med andre, det gjer alt SÅ mykje enklare. 🙂

Lykke til!

Student 2.0

Då var det tid for å komme seg i eksamensmodus. 100% jobb er bytta ut med 100% studier den neste veka.

Er det ein ting eg har lært frå studietida, så er det at i eksamensperioden er det ekstremt viktig å halde treninga oppe. Alt blir så mykje lettare då.

Veka har bestått i 1000-meters intervallar (som måtte avbrytes pga. skaden i foten), sirkeltrening på BergenFitness, Stoltzen med Melkesyre,
Crawlekurs og så blir det intervallar og spinning i helga.

Hugs å trene! Det funkar mot alt! Trust me. 🙂

20141107-132237-48157993.jpg