Aktiv påske



Endeleg påske og endeleg ferie! 🙂 

No har eg ikkje komt meg på fjellet riktig enda. Men snart…

Påsken skal nyttast til å slappe av, vera med familie og vener, og sjølvsagt ete litt påskesnop.

Samtidig prøver eg også så godt som råd å planlegge ein aktiv ferie. Eg tek med joggesko og treningstøy som vanleg. Ingen sykkel, men skia er sjølvsagt obligatorisk på påskeferie.



Å planlegge er jo alltid lurt. Kvar skal du vere, kor mange dagar skal du vera der? Og kva aktivitetstilbod finnes? Kva vær er det meldt? Har du ein treningskompis du kan lage avtale med?

Det blir nok mest ski denne påska, men eg må nok springe litt for å vera budd på kommande vekers utfordringar. Det er ikkje lenge igjen til Bergen City (halv) marathon, og så skal eg springe 10 km den 13. april. Då SKAL eg under 50-talet.

Håpar alle nyttar høvet til å vera ute, og særleg ute saman med familien. Få ting slår Kvikklunch med mini i solveggen. Om turen ikkje blir så lang, er ikkje så farleg. Det viktigaste er å vera ute saman.





Advertisements

Eg har fått ein ny mann i livet mitt…



Eg har lenge sakna ein turkompis. Men no har eg jammen fått ein. Han er ikkje så pratsom, meir ein lyttar. Men godt selskap er han!



I går kom vi oss opp på Ulriken. Ikkje berre ein gang, men faktisk to…



Det var ganske mørkt…Hodelykt var greit å ha!



Bergen by night.

Anbefalar alle å ta seg ein kveldstur på fjellet. Men hugs god hovudlykt! Og sjekk at den har nok batteri før du legg avgarde…

God tur!

Trening veke 10

Godt nøgd med veka så langt. Mandag var det 1000m-intervallar. Det vart riktignok berre 7 intervallar i 4:45-fart. (Og den eine vart litt kortare pga. sting.) Men: godt å vera igang med intervallane igjen! 🙂 Eg har skulka intervallar litt no i vinter…

Tysdag – Oh, happy day på BergenFitness

IMG_8606

Sirkeltrening. Statisk trening. Herleg økt! Avslutta med Tabata: 20 sek airsquats 10 sek pause, 20 sek 90grader hold, 10 sek pause. 8 gonger (!) Her snakkar vi syre…Men digg å kjenne at det ikkje var like vond som sist, då eg hylte av smerte før eg kollapsa i forsterstilling.

Onsdag var det skidag:

IMG_8637

IMG_8638

Kjente det litt i låra då eg kasta meg ut i laussnøen… 🙂

Torsdag var planen å springe ein roleg langtur i sone1/2. Men: Det plaska ned. Verkeleg. Alternativ vart vurdert, inne på mølle? Litt kjipt.

Sjekka SatsElixia, og fann ein 75min sykkeltime. Stakkars lår! Men så lange sykkeltimar er gull, så eg måtte berre hive meg med. Og herlighet: Bergen – Voss nærmar seg med stormskritt!

IMG_8660

IMG_8662

I morgon blir det kviledag, så blir det ein roleg langtur på laurdag. Så må eg ta det litt med ro, for mandag er det siste sjanse for meg å perse på Vinterkarusellen! Blir spanande.

IMG_8665

Amsterdam-tskjorta på i dag. Gode minner! 🙂