Bergen City Marathon

  Trur sjeldan eg har vore SÅ avslappa før eit halvmarathon. Antakelegvis fordi eg visste innerst inne at eg ikkje var heilt klar for dette. 

Eg har jo konsentrert meg om å perse på 10km dei siste månadane, så eg har faktisk ikkje hatt meir enn 2 (!) turar over 10-12km i år.

Menmen. Her var det berre å snøre på seg joggeskoa og få jobben gjort.

Dagen før: Slappa godt av. Åt pasta, tok ein pitteliten øl og eit glas raudvin (dette er ingen tradisjon, og sikkert ikkje veldig smart, men eg var på Humorfest). Avslutta kvelden på sofaen med smågodt.

Morgonen før løpet: Eg skulle jo stå opp i gooood tid, ete ein gooood frukost og slappe av før eg reiste innover. Jah. Nei. Altså. Eg forsov meg (what else is new), måtte SPURTE til bussen, som stod der, men valgte å køyre likevel! Jaja. 30 min seinare enn planlagt var eg ved Vikinghallen for å levere tøy. Og FOR ein kø! Djiz! 

 Tilslutt måtte alle berre kaste frå seg posane og springe. Vi vart lova at det var MASSE doar nede på Bryggen. Det var vel å overdrive. 8 (?) toalett på fleire tusen deltakarar?!? Det endte opp med at eg tissa foran eit bygg, med utsikt til Vågen og der kom det jammen ein hurtigbåt køyrande saaaakte forbi medan eg sat og tissa. I tillegg fekk mannskapet på Statsraad Lehmkuhl seg ein GOD latter. Jaja. Må man, så må man!

Ferdig tissa og klar, stilte eg meg opp i pulja mi (litt ambisiøs då eg meldte meg på i fjor 1:45-1:50). Startskotet gjekk, og eg prøvde å ikkje byrje for hardt. Eg visste kor tungt det ville bli oppover, så her var det berre å halde igjen. Sprang roleg og hadde god flyt. Forbi Stoltzen kjente eg at eg kvidde meg litt for bakkane oppover, men så passerte eg ein treningskompis som ynskte meg lykke til, og SÅ høyrde eg plutseleg kubjeller! Kunne det være…? Jo, det var! Midt i den tyngste bakken stod mange smilande heiande Melkesyre-folk! Åh, det var så herleg! Så utruleg kjekt å verkeleg bli heia på! Det gav ein skikkeleg boost! 🙂

Bortover Fjellveien føltes beina fine. Eg såg på tiden at det gjekk litt seint, men samtidig var eg akkurat ferdig med den tøffaste delen av løypa. Plutseleg var eg komt til 10 km. Såg på klokka og trur den viste 55min. Oi, saaaakte! Jaja. Men alt føltes så bra. Tok første gel før drikkestasjonen, og følte meg framleis veldig pigg. Km-skilta kom brått så fort etterkvarandre! (Litt av forklaringa er jo at løyper går nedover akkurat der.) 

Eg hadde grua meg veldig til å komme ned til Store Lungegårdsvann, for der fekk eg det tungt i fjor! Men plutseleg var det nokon som ropte “Heia Janne!”. Der stod det jammen ein fin fyr i bunad og heia på meg. Så denne gongen smilte eg rundt heile vannet. Stor skilnad frå i fjor! 

Resten av løypa er ganske kjedeleg, og eg var eigentleg mest opptatt av å finne ut når eg skulle ta neste gel. “Eg føler meg jo så bra no, eg treng sikkert ikkje den!” “Jo, Janne. Det gjer du. Hugs korleis det gjekk i Jølster. Då gjekk du på ein smell NETTOPP fordi du tenkte slik som dette!” Så tok eg den siste gel-en. Men det kom jo aldri drikkestasjon! Så det var litt nedtur. Føltes som ein evighet før eg endeleg fekk skylt han ned.

Sprang med lette bein forbi staden der eg gjekk på ein alvorleg smell i fjor. Då gjekk eg, og ville eigentleg berre gi meg. Men så kom det ei venninne i BTC-som oppmuntra meg til å komme meg avgarde. Det var gull! I år var det min tur å oppmuntre dei som byrja å gå på samme plass. Det føltes godt! 🙂

  I år var eg også mykje meir ved bevissthet då eg sprang over Fisketorget, fekk eit heiarop til, og så var det berre å komme seg i mål. Eg prøvde å sette opp farten, men det var ikkje så veldig mykje guffe igjen. Men følte meg veldig bra då eg gjekk i mål. 1:54:07. Ikkje supert, men eg kan jo ikkje klage. Eg har ikkje trent nok på distansen. Tiden i fjor var 1:52:44, men opplevingane var som natt og dag. Tommelopp for BCM som arrangement og tusen takk til alle supporterane i Melkesyre. De er gull!
Påfyll etterpå er viktig. Burger var heilt rett valg etter 21km. 🙂

  

Advertisements

AXTRI

Oioioi! Eg har lenge gått og leika med tanken om å vera med på Axtri, men har liksom tenkt at eg måtte fullføra Ironman Haugesund først. Uansett har Axtri vore utselt lenge. Men plutseleg tikka det inn ei melding på Messenger: “Velkommen som Axtri deltagar. No gjeld da å trena målretta men balansert :)” 

Eg trudde det var kødd. Men, neida! Det var ein ledig billett på finn.no som min “gode hjelpar” hadde fått tak i. Så i dag gjorde eg omregistreringen og jammen er eg påmeldt!

  
Snakk om skrekkblanda fryd!! 

1900meter svømming i iskaldt vann, 98km på sykkel opp fjellet og nedatt, så 19km løping oppover til Østerbø. Denne dagen skal eg tilbakelegge 4200 høgdemeter totalt. Jøsses! 

For meir info, sjå denne lenka: AXTRI

OMG.

50:00

Herlighet. SÅ skuffa er det lenge sidan eg har vore….

Alt låg til rette for ny pers. Og det vart det. Den gamle var på 50:11. Eg skulle berre springe LITT fortare, så eg endeleg kom meg under 50. Men NEI. 50 BLANK. Er det mogleg?

Jaja. Det kjem vel i løpet av året. Før neste moglegheit for pers på mila, er det BCM – Bergen City (halv) Marathon neste helg. Hadde som mål å komme under 1:50 i år, men eg har sprunge alt for lite, rett og slett. Men eg skal no gjere mitt beste, likevel!

Hadde planlagt å ta nokre stemningsbileter før start, men eh…Her var det eg tok:

Påska er over!

Påska var som vanleg fantastisk, og alt for kort…

Det vart mest ski og lite anna trening. Ein kort joggetur var alt eg fekk tid til. Men så var det til gjengjeld MYKJE ski. Mest i bakken, for at mini skulle få prøve seg på slalom, men også ein fantastisk topptur til Kjeringi 1314moh.

Nydeleg 360graders utsikt frå toppen.

Las ein artikkel om at fleire og fleire vil gå på topptur. Det er kjempebra! Samtidig er det viktig at folk lærer seg det grunnleggjande før ein går i fjellet. Eit skredkurs/toppturkurs er absolutt å anbefale. Ellers er det berre å kome seg ut og nyte den fantastiske naturen vår!

Etter eg kom heim, har eg trent mest spinning og styrke. Ein kort løpetur er alt det har blitt.

Så har eg vore ein tur i Stoltzen:

Der går det seinare enn nokon sinne…Det har blitt så ille at eg faktisk gruar meg til årets høgdepunkt, Stoltzekleiven Opp. Jaja.

Gledar meg veeeeldig til mandag. Då SKAL eg sette ny pers på 10km. 🙂 Heilt ukjent løype, men den skal vera relativt flat: Kaland Løpskarusell Berre å melde seg på!

I dag er det Marathonkarusellen for mange, eg droppa den, sidan det ikkje er så lenge til Bergen City Marathon. Håpar det var eit lurt valg.

Ynskjer alle ei god og aktiv helg! 🙂