6 dagar til Ironman 70.3 Haugesund

 Det byrjar å nærme seg veeeeldig. Eg er nervøs, men samtidig har eg senka absolutt alle forventningar. 

Eg har slitt mest med svømmingen, men etter crawlekurs i vinter, ein god del svømming ute i år, følte eg at eg hadde fullstendig kontroll.

Diverre skjer det noko i konkurranse. Pulsen hoppar i taket, halsen snører seg heilt igjen og eg får panikk. Eg hadde håpt dette var tilfeldig og at eg berre var veldig uheldig då det skjedde sist. Diverre skjedde det igjen i helga på Selje Challenge (racerapport kjem seinare, eg manglar bileter!), så no er eg ganske fortvila. Vil eg i det heile klare symjeetappen i Haugesund på 1900meter når eg såvidt overlevde 400 no i helga?
I tillegg har eg pga. sjukdom fått trent ALT for lite dei siste månadane. Syklinga er nok den som har lidd mest, og den etappen ein vil tape mest tid på. 90km på sykkel er jo faktisk ein del. Men: No er det for seint. No er det berre å møte opp og håpe på det beste.

Advertisements

4 thoughts on “6 dagar til Ironman 70.3 Haugesund

  1. Kjenner meg igjen i panikk og hals som snører seg i møte med vann og ikke minst: kaoset som oppstår når alle legger i vei på svømminga. Jeg kavet meg hyperventilerende gjennom 500m svømming første gang jeg var med på sprint tri. Helt grusomt! De andre gangene etterpå har det derimot gått bra. Og jeg vet ikke om det har noe å si men de andre gangene så har jeg gått ut i vannet først og ligget der og duppa og svømt noen tak før start. På den måten kommer liksom ikke overgangen til vann som et sjokk på verken kroppen eller meg. Uansett: blir det for ille så er det beste rådet å legge seg på rygg til man finner roen igjen (men det tipset har du nok fått allerede) 😉 Lykke til! Tvi tvi

    • Takk, Silja! 🙂 Tek i mot alle råd med takk. No er det andre gong dette har skjedd, men begge i konkurranse. Har ikkje nokon problem under trening. Skal prøve å ta det HEILT med ro i Haugesund. Eg får heller vera sist opp av vannet. Har fått tips om pusteøvingar, men usikker på om eg vil klare å få til det om panikken brer seg. Skal bruke lang tid i vannet på førehand, roe meg heilt ned….Så får eg berre krysse fingrane og håpe på det beste!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s