Litt lei av trening..?

Akkurat no er eg nok litt treningslei. Eller i alle fall konkurranselei. Alle dei store måla er overstått, og eg kjenner at kroppen er sliten. I utgangspunktet skal eg vera med på Os Triathlon 6. september, men eg kjenner at lysta til å hive seg i våtdrakten er ganske så fråverande akkurat no. Samtidig er det jo eit veldig kjekt arrangement. Og eg har jo lyst å få det med meg. Helst også forbetre tida mi frå 2013 nokre hakk.  

Utesvømming fristar lite for tida…


I tillegg må eg byrje å springe meir. Scottish half marathon i Edinburgh nærmar seg med stormskritt. Det skulle jo bli ny pers, men løpeformen er dårleg for tida.

Og så burde eg gått meir i Stoltzen…Det tradisjonsrike løpet er jo også snart, 25. Og 26. september.

Så akkurat no er eg litt sånn: “Burde-burde”.

I dag skulle eg eigentleg vore med på gjennomgangen av Os Triathlon-løypa. Men eg hadde rett og slett verken ork eller lyst. Viktig å lytte til kroppen av og til, tenker eg. 

Men kva gjer eg då istadenfor? Jo. Eg går på BergenFitness. Finaste plassen med dei finaste folka.

   
 

I tillegg ser eg på bileter frå sommaren, for å minne meg på kor kjekt eg har hatt det, og alt eg har oppnådd. 

Låner dette biletet frå Finisherpix…

 
Satsar på at både hovud og kropp kjem på betre tankar etterkvart. Eg har kvilt meg godt den siste tida, men manglar framleis overskotet. 

Problemet er også at eg er grunnleggjande lat. Så det kan jo vera eg spelar meg sjølv eit puss. Det beste i verda er jo å ligge på sofaen med smågodt og sjå på seriar frå Netflix. 🙂

Jaja. Gledar meg til å vakne stiv og støl i morgon etter dagens sirkeltrening. Det var herleg å få svetta skikkeleg. Og å få gjort noko anna enn svømming, sykling og springing.

Advertisements

Oppsummering Axtri

Då vi reiste frå Bergen tidleg fredags morgon, var eg ganske roleg. Eg visste at eg berre fekk gjere mitt beste, og sjå korleis det gjekk. Ein sykkeltur opp Aurlandsfjellet i sommar, avslørte det eg frykta: Eg sykla for seint.

Likevel hadde eg eit lite håp om at det kanskje kunne gå dersom eg gav alt eg hadde.

Kvelden før var prega av lett nervøs stemning, registrering og infomøte i idrettshallen i Aurland, før vi åt middag på Østerbø. Klargjeringa tok sin tid, alt måtte festast på, sorterast, organiserast osv. Eg var veldig redd for å gløyme noko.

Vi måtte opp ganske tidleg. Eg slepte meg opp, pakka dei siste tinga, og åt frukost. Åt for ein gangs skuld ganske mykje. 

Nede i skiftesona i Aurland, byrja nervene å komme. Noko som resulterte i spying bak bilen. Herleg. Sånn gjekk det med frukosten!

Eg var livredd for vanntemperaturen, som berre kort tid før hadde vore nede i 9 grader. Eg prøvde panisk å få lånt meg ei neoprenhette med hals dagane før, men konkluderte med at eg som lett kan få panikk i vannet, ikkje burde ha noko rundt halsen. Den vanlege neoprenhetta fekk halde.

Rett før start fekk vi vite at temperaturen var komt opp i 13/14 grader. Eg pusta letta ut. 

Eg somla som vanleg, og vart ikkje klar før rett før starten. Då alle fekk beskjed om å gå opp av vatnet, måtte eg berre ein liten tur ned i vannet for å kjenne på temperaturen. Det var iskaldt! 14 grader my ass. Det føltes meir som 11.

På med kvit vaselin på hender og kjake, så litt småtripping før kanonskuddet kom.

Roleg ut i vatnet, som vanleg. Mykje armar og bein. Kaldt. Iskaldt! Halde fokus no. Svømte bryst lenger enn planlagt, for brillene tok inn vann. Eg hadde fått badehetta innanfor. Litt knoting etter første bøye, så fekk eg dei endeleg til å sitte. Deretter crawla eg heile vegen med unntak av eit par tak rundt andre bøye. 

Fekk heilt grei flyt, hadde roen. Plutseleg smakte og lukta vatnet diesel! Æsj! Ok. Fokus. Snart framme no. Litt bølger på veg tilbake, men ikkje noko voldsomt. Prøvde å henge på ein fyr som svømte bryst. Ah, beina mine er iskalde! Til tross for neoprensokkar…Endeleg kom flagga.

Kom meg ikkje på beina på første forsøk. Heilt svimmel og ør. Måtte ha hjelp til å få av drakten, fingrane virka ikkje.

 

Foto: BTC/Axtri (Nokon som veit namnet på fotografen?)

 
  
Endeleg på land. Hadde bestemt meg for å ta det litt roleg i skiftesona, for å vera sikker på at eg fekk med meg alt. Næring, lause bein, jakke, hjelm, briller, panneband, you name it. Magen romla. Ikkje så rart. Frukosten låg jo igjen i ein dam bak bilen…

Endeleg kom eg meg ut av T1. 

Så var det sykling. Eg visste det ville bli tøft. Prøvde å halde farten oppe, men det gjekk seint. Speedometeret mitt sa takk for seg rett før start, men eg hadde gps-klokke på meg. Diverre visste eg at den ikkje ville ha nok batteri til heile etappen. Og eg måtte halde styr på klokka for å ikkje gå glipp av cutoff-tiden. 

Eg vart passert av i allefall 4 på vegen oppover. Dei sykla så lett og fint! Snart kom ei venninne syklande forbi. Eg visste ho var raskare enn meg, og at eg måtte klare å henge på ho for å nå tidskravet. Det gjekk greit ei lita stund, men plutseleg forsvann ho ut av syne. Jaja. Prøvde å trakke på vidare. Farten måtte ligge på 8-9km heile vegen opp om det skulle gå. Det var tungt. Mange gonger var eg under. Ved Stegasteinen såg eg at eg hadde brukt mykje mindre tid enn sist vi sykla, så eg var ganske positiv ganske lenge.

Mot toppen gjekk det lettare, for då visste eg at det snart ville bli flatare.

På toppen kom det endeleg litt utforkøyringar. Men i alle dager! Skikkeleg grusom motvind, og ein ekkel sidevind! Eg vart kasta til sida fleire gonger, og følte ikkje eg hadde kontroll i det heile. Ei ung jente passerte meg i full fart. Og forsvann…Eg skjønte at dette gjekk dårleg, men prøvde å halde oppe farten. 

Det var herleg å komme til matstasjonen. Bytta ut flaskene med Fresubin og energidrikk, og fekk ei ny med vann og ei med energidrikk tilbake. Åt eit halvt eple og litt chips. Tok ein sjokolade med meg i lomma. Så bar det nedover. Shit! Elendig asfalt. I tillegg byrja dei raskaste å komme oppover, og ikkje alle låg til høgre for å sei det sånn! Nokon låg tre i bredden. Flott det. Så eg turte ikkje køyre på for masse. Til trass for god merking, traff eg masse humpar. Fekk kjekke tilrop på vegen frå andre BTC-arar, det varma! Skjønte at eg låg laaaangt bak dei andre. Men måtte berre komme meg ned. 

Stoppa kjapt i Erdal for å ta av jakka, trekke ned beina og byte hanskar. Så fekk eg gulpa i meg ein gel. No byrja eg verkeleg å slite. Brekningsrefleksen vart utløyst kvar gong eg prøvde å putte noko i munnen. Prøvde alt. Lefse, sjokolade, nøtter, men nei…Det var slutt. Orka ikkje energidrikk heller. Berre vann. Så utruleg godt å få skylt munnen med reint vann. Skjønte at dette var ei oppskrift på katastrofe, men måtte berre fortsette. Angra på at eg ikkje hadde meir Fresubin, sjølv om eg heldt på å kaste opp av den også tilslutt. 

Det verka som evigheter mellom kvar hundrede høgdemeter. Det var grusomt. Det var varmt. Eg måtte tisse. 

Mot toppen såg eg at eg hadde brukt ALT for lang tid. Dette kom ikkje til å gå med mindre eg skjerpa meg. Tvang i meg sjokolade, litt sportsdrikk, og trådde vidare. Måtte ut i buskene for å tisse. Gjekk litt med sykkelen for å få igang igjen beina. Knea var såre, og kreftene forsvunne. 

Mot toppen kom han på matstasjonen ned til meg. Midt i den bratteste og lengste bakken. Det føltes godt. Fekk salttablettar og chips. Deilig! Kasta meg over den nyopna posen han kom med. Han spurte om eg kom til å rekke det. Eg sa nei. Han sa eg kunne sitte på nedatt. Eg sa nei. Eg skulle til T2. Uansett.

Etter å ha fått i meg mat, gjekk det litt betre. Men no sleit eg med motivasjonen. Det kunne jo ikkje gå. Men eg ville jo prøve likevel. Fortsatte vidare. Hugsar berre motvinden. Den grusomme motvinden. Alt gjekk så seint! Trudde aldri eg skulle komme over platået. Ca. Midt oppå fjellet gav eg offisielt opp. Det var slutt. Finito. Ikkje meir å gå på. Eg gjekk av sykkelen. Ville ikkje meir. Gjekk opp ein bratt bakke. Eg var tom.

Endeleg såg eg slutten på platået, og humøret kom seg. Det var godt å byrje utforkøyringa. Men vinden var ekkel i byrjinga! Fekk kontroll og køyrde roleg nedover. Trengte ikkje stresse, og det var godt. Hendene vart stive og vonde etter ein lang tur ned. Men eg orka ikkje køyre fortare. Kva var vitsen? 

Bilen stod i Aurland, og eg kunne stoppa der. Men sta som eg er, skulle eg til Vassbygdi og inn til T2. Då eg var komt halvvegs, angra eg slik at eg heldt på å byrje å grine. Tanken på å måtte sykle TILBAKE 8 km for å hente bilen var uuthaldeleg. Det vart ein lang tur inn til T2. Kom meg inn. Då var tidtakingsutstyret pakka vekk.

Det var litt fortvilande å stå der og sjå på vegen mot Aurlandsdalen og vite at eg ikkje ville få lov til å springe i mål på Østerbø. Menmen. Eg var klar over det, og førebudd på det. Eg var ikkje rask nok. Punktum.

Heldigvis fekk eg haik tilbake til Aurland. Det var fantastisk. (Håpar berre stakkaren rakk ferga si!) 

Østerbø. Måtte diverre ta bilen opp…

 

Den opprinnelege planen var jo å delta på Axtri i 2016. Så var eg så heldig å få ein billett! Eg skjønte jo at det var litt prematurt. Men eg prøvde likevel. Og eg klarte den berykta svømminga. Og eg klarte jo heile sykkeletappen! Men meir spesifikk trening må til. Samtidig veit eg no kva eg går til. Og no gledar eg meg verkeleg til neste år!