Scottish half marathon here I come

  
I dag set vi oss på flyet og reiser avgarde til Skottland, nærare bestemt Edinburgh. “Vi” er ein gjeng løpevenninner, som har sprunge saman ei god stund no. Eg gledar meg som ein unge! Eg har aldri vore i Skottland før.

Det å kombinere ferie med løp, er heilt genialt. Eg har tidlegare vore med på halvmarathon i Paris og Amsterdam. Reiser du ned eit par dagar før, eller tilbake litt etterpå, får du tid til både springing og det å vera turist. Men eg vil ikkje anbefale å freiste å gå opp i Eiffeltårnet rett etter å ha sprunge. Det gjorde eg i fjor, og det endte med at eg nesten besvimte, for vi hadde ikkje ete skikkeleg etterpå (planlegg gjerne middag ganske kjapt etter løpet!). Bleik og svimmel måtte eg sende min dengang betre halvdel opp dei siste trappene medan eg kasta meg over ein belgisk vaffel dynka i Nutella frå ei bod under Eiffeltårnet. Classy. 

Uansett. Det er ei veldig spesiell atmosfære på løp med mange tusen deltakarar. Eg spring som regel med btc-skjorta mi, så då har eg norsk flagg på ryggen. Då er eg garantert å få tilrop frå andre nordmenn. 🙂

Eg er veldig spent på kva tid eg kjem til å havne på i dette løpet. I utgangspunktet var eg optimist, og skreiv meg inn på 1:48. Diverre er nok ikkje det oppnåeleg. Løpetreningen har fått lide dei siste månadane, og eg merkar at eg har blitt veldig treig. Samtidig har kroppen føltes veldig bra den siste tida, så eg lever jo i håpet om å i alle fall ikkje vera så veldig mykje over det.

Å springe i utlandet krev ikkje så mykje anna enn å springe innanlands. Nokre løp krev legeattest, men det står i såfall opplyst ved påmelding. Så er det berre å finne eit hotell i nærleiken, sjekke ut transportmåtar og finne startområde, opplysningar om henting av nummer osv.  

Bilete frå expoen i Paris i 2014


På løpet i Skottland, er det mogleg å levere inn tøy som du får ved målgang. Tommel opp for det. Eg tek alltid med meg nokre gamle filler eg ikkje er så redd for. I tillegg er det greit å ha ein ekstra genser ved start, som du kan kaste når du byrjar å springe. Eg tek med meg ein gamal Ulvang-gensar med malingflekkar. Her gjeld det å halde seg varm, ikkje å sjå bra ut.

Eg har pakka med meg litt ulike variantar av klede. Langarma, t-skjorte, løpevest, to tightsar, ein kort og ein lang, kompresjonsstrømper, panneband, treningstopp og to ulike oppevaringsbelter for mobil. Flip-belt og Spibelt. Har ikkje heilt bestemt meg for kva for eitt eg skal gå for…I tillegg har eg vanntett etui til mobilen. (Eg har allereie drukna ein iPhone, vil ikkje drukne ein til.) 

Praktiske løysingar for mobiloppbevaring


Ellers pakkar eg alltid joggesko i handbagasjen. Grunnen til det er jo hvis bagasjen skulle forsvinne, har du i allefall joggeskoa. Å springe i nyinnkjøpte joggesko anbefales ikkje. Alt utstyr må vera testa og utprøvd på førehand.

Kofferten er pakka, og eg er klar. Håpar berre ikkje mini har smitta meg med forkjølelsen sin…

  

  

Advertisements

6 thoughts on “Scottish half marathon here I come

  1. Edinburgh er fantastisk flott. Jeg var der med jobben i fjor. Var en tur oppå Arthur’s seat, en utbrent vulkan nærmest midt i sentrum. Populært turområde. Ellers spiste vi på The Gartnener’s cottage, en restaurantn som virkelig anbefales (tror det er lurt å bestille bord, liten restaurant og svært populær)

    http://www.thegardenerscottage.co/

    • Spibelt er vanntett, men litt liten til iphone6 (men det går altså), (men skal du ha øyreproppar, blir det jo ei lita glipe, så då kan det jo komme vann inn), i tillegg har den små fester til gel, veldig praktisk (andre belter har ikkje det), Flipbelt er jo ikkje vanntett, men veldig behageleg å ha på, og får plass til ein del småting i det. Samtidig blir det jo meir “dominerande” enn det lille beltet. Dette er grunnen til at eg har med begge, vanskeleg å velge! Haha. Du kan jo få prøve mine før du bestemmer deg, trur det handlar mest om smak og behag… :p

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s