Eit forsøk på å oppsummere…

Herlighet, den siste tida har verkeleg berre  FLYDD avgarde. Det går i eitt. Difor får eg berre slå saman det meste her, og komme med eit lite oppsummeringsinnlegg.  

 Eg har trent styrke på jobb. ❤ Trening i arbeidstiden. 

 Eg har ete mange sjukt gode lunchar på jobb. ❤ Wilberg 

  Eg har lagd ei veldig god kyllingsuppe 
 Eg har vore på ein nydeleg fjelltur 

 
I tillegg har eg vore på årets første Nissemann. Det var veldig kjekt. Nissemann er Bergen Triathlon Club sin årvisse treningsform om vinteren. Vi møtes laurdag 08:30, så er det 2000m svømming inne på Studentsenteret, litt over to timar spinning, og så er det ut for å løpe ein liten tur på 11-12km. 🙂

Veldig kjekt opplegg! Eg var med på alt, men tok det litt roleg, og korta ned på løpeturen. Eg har ikkje følt meg heilt 100% den siste tida.

Mandag var det igjen klart for Vinterkarusellen. Eg kjente eg var veldig tung frå første steg, så eg skjønte fort at det ikkje ville bli nokon pers. 50:39. Blæh. Men med den treningsmengden eg har hatt dei siste vekene, kan eg ikkje klage. No er det tid for ei roleg veke.

Eg prøver å periodisere treningsvekene mine. Dette har eg lært av bloggen til Allan Hovda og hans nybyrjartips. Etter hans oppskrift køyrer eg fire vekers-syklusar der eg gradvis aukar belastninga i veke 1-2 og 3, før eg har ei rolig veke 4 med restitusjonstrening. Dette skal forhåpentlegvis gi eit større treningsutbytte.

Anbefaler bloggen til Allan Hovda for alle. Han er veldig flink og veldig pedagogisk: triallan.com

Eg har også byrja å bruke pulsklokka mi mykje meir aktivt, for å unngå å gå på ein “smell” slik som i sommar/haust.  

 Eg har ein Suunto Ambit 2 S eg er godt nøgd med. Eg kan nok ikkje alle funksjoner enda, men eg tykkjer den finn både puls og gps raskt og er veldig brukervennlig. Likar veldig godt appen!

Tykkjer Suunto Movie er kjempegøy

 Det krever jo litt meir tid å bruke slikt utstyr skikkeleg, overføre data, samanlikne, studere osv. Men samtidig kan det nok vera lurt for mange. Eg likar ikkje så godt å løpe med pulsbelte, men byrjar å venne meg til det etterkvart. I konkurransar droppar eg det, for det blir for mykje stress. Men eg brukar klokka for å måle fart og distanse.
Veldig klar for ei roleg veke no. Kanskje får eg til og med litt tid til overs slik at eg får ordna litt til jul…

Inspirerande løpetrening med Christina Vukicevic!

Eg var så utruleg heldig å vinne ein konkurranse på Instagram, og fekk vera med på løpetrening med Christina Vukicevic i regi av Sportsgalleriet. Ah. Det var kjempegøy! 🙂

  Litt mørkt i Hordnesskogen, men det gjorde ingenting.
Først varma vi opp litt, tøygde og så øvde vi på teknikk. Først ut var armane. Mange lar armane dingle frå side til side. Vi skulle øve på å ha dei godt inntil kroppen, 90 grader bøy, slappe av i skuldrane og la dei svinge fram og tilbake som ein pendel.

Fekk tips om å øve på dette foran speigelen for å rette på evt. feilstillingar.

Så var det haldning og høge kneløft som skulle øves på. Rett i ryggen, hoftene fram, og lande på forfot. Fokus på å få krafta i steget til å føre oss framover. Landar du med foten langt foran kroppen, bremsar du farten. Øvde på å lande steget rett under kroppen. Etterpå gjekk vi over til gåande utfall.

Så var det dags for sprint-intervallar. Ca. 60 meter (?). Fram og tilbake, med 20 sek pause. Ganske intensivt. Fekk tips og råd frå Christina undervegs. Innsåg at det var ganske vanskeleg å skulle springe veldig fort og fokusere på teknikk samtidig. Gløymde alt vi hadde lært om både armane og steget.

Så tok vi nokre spensthopp og tåhev før vi jogga roleg tilbake.

Alt i alt ei veldig kjekk økt, og veldig greit å få tips til teknikk. Skulle sjølvsagt ønske ein kunne få meir individuell rettleiing, men Christina gjorde ein kjempejobb. Og herlighet for ei pen dame! Ikkje lett å posere ved sidan av ho… :p  

 Kjempekjekk kveld, og veldig inspirerande! Kjem nok til å legge inn litt meir korte intervallar og teknikk i programmet mitt framover. Hadde heilt gløymt kor gøy det er å springe kort og raskt! 🙂

Roleg joggetur

Denne veka har vore litt i overkant travel. Og ganske tøff på treningsfronten. Mest pga. Vinterkarusellen. Ei oppsummering:

Mandag: 10km på 50:07

Tysdag: Svømming, roleg ca. 1500m

Onsdag: Spinning 90 min

Torsdag: 60 min styrketrening 

Fredag: Kviledag

Laurdag: Roleg langtur

Søndag: Roleg fjelltur, kanskje svømming?

Vanlegvis trenar eg styrke også på tysdagar, og springer gjerne ein kort tur på torsdagen. Men vinterkarusellen satt godt i, så eg trur det var bra at eg ikkje rakk styrketrening på tysdag. Den rolege svømminga var veldig grei for å få løyst opp. Såpass tøff spinning på onsdag og tung styrketrening torsdags morgon var ingen høydare. Men no er det sjeldan eg har moglegheit til å delta på spinningen onsdagene, så det får gå for denne gong.

Ellers følte eg meg så ufatteleg full av energi på fredagen at det nesten bobla over. Men då måtte eg rett og slett tvinge meg til å ikkje trene, fordi eg trengte ein kviledag.

Neste veke må eg få lagt inn nokre intervallar, for det er alt for lenge sidan sist.

Arkivfoto. Gløymde å ta bileter. Urutinert.


Laurdag var det klart for ein roleg restitusjonstur. 70 minutt roleg. Det vart ein særdeles roleg tur, med snittfart på litt over 7 min per km. Eg sleit verkeleg med å halde farten nede. Det var nesten pinleg å subbe rundt på den måten. Men eg skulle halde pulsen lav, så det måtte til. 

Eg prøver å bli flinkare til å trene med pulsbelte no, for å passe på at eg trenar i dei riktige sonene. I sommer trente eg nok for mange tunge økter, og vart veldig kvalm når eg pressa meg. No har eg prøvd å trene veeeeldig roleg når eg har rolege økter, og det kjennes mykje betre.

Ellers må eg berre fortelje at eg vann ein konkurranse på Instagram! Yay! Sportsgalleriet stiller med ein time løpetrening med Christina Vukicevic samt goodiebags! 🙂 Woop-woop!

  Som dotter av ein gamal hekkeløper, samt mor til ei som gjerne vil bli det, er dette ekstra stor stas. 
Kanskje får eg nokre gode teknikk-tips som gjer at eg klarar sub 50 på neste Vinterkarusell. Gledar meg VELDIG! 

 

Vinterkarusellen

Det er tid for vinterens store happening på løpsfronten: Necon Vinterkarusellen.

Det er rett og slett eit løp som gjentek seg (karusell) ein gong kvar tredje veke utover vinteren. Ein kan velge mellom 10 og 5 km. Om eg ikkje tek heilt feil, er dette tredje året eg deltek. Det er verkeleg eit kjempearrangement, som berre har blitt meir og meir populært.

I går vart det i følge Kondis sett ny deltakarrekord, med over 1200 på startstreken: http://www.kondis.no/rekordmange-loepere-i-vinterkarusellen-i-bergen.5811268-127676.html

Målet mitt er, som vanleg, å komme under 50 minutt. Eg har ein pers på 10km på 50:00. Altså femtiBLANK. Det føles så meiningslaust. Eg har fleire gonger sprunge på rett over 50, og det går meg veldig på nervene. 😦 

Planen var å gå roleg ut, og auke etterkvart. Her er km-tidene mine frå Nike+ appen, som ikkje er heeeeilt nøyaktig på distansen. Men det gir jo ein viss peikepinn:  

   Ganske greit etter planen, men må nok justere litt. Prøver jo alltid å springe med såkalt “negativ split” dvs. Avslutte siste halvdel raskere enn den første. Det er vanskeleg. Kanskje særleg her? Problemet er at 10km løypa på vinterkarusellen har ein del stigning på slutten (trur Nike har juksa litt her også). Difor er i alle fall den siste km ganske så vanskeleg å springe raskare.

Eg følte meg piggoglett, offensiv og full av ungdommelig overmot. I alle fall fram til slutten av 8km. Så byrja det å gå litt trått. Rett før hadde eg nemleg gitt på litt ekstra for å springe forbi ein tightskledd midtlivskrisemann, og kosta på meg eit leikande, men kanskje hakket for arrogant “kom igjen” då eg passerte han. Lett som ein gazelle. Jadda! 

Kanskje uødvendig å seie at han tok meg igjen på flata litt seinare…

Siste km såg eg at eg var heilt på grensa til ny pers, men såg det var innafor hvis eg berre gav litt på. Prøvde, men plutseleg gjekk tiden så alt for fort! Gjennom maratontunnelen, ut på stadion, KOM IGJEN! Prøvde, prøvde, men neeeeiii. 50:07. Æsj. Jaja. Første løp. Det kan berre gå oppover.