Sorga

Den er vanskeleg å skildre. Den er unik, for den er di.

Lat ingen fortelje deg korleis di sorg skal bærast. Bær di sorg som du vil. Bær den med mot og styrke.

Nokon kallar den ei klo. Mi sorg er ein klump i bringa.

Somme dagar kjenner eg ikkje sorga. Men eg veit ho er der. Ei lukt. Eit minne. Brått er ho der. Det knyter seg i halsen. Ho veks som ein ballong. Presser slik på at eg mest ikkje får puste.

Mi sorg er ikkje større enn andre si. Men den er mi.

Eg dyrkar ikkje sorga. Men ho er der likevel. Sjeldan synleg for andre. Men nokre gonger brister det.

Sorga vil aldri bli ein ven, men vi følgjer kvarandre tett, eg og sorga. Ein gammal kjenning du helst ikkje vil treffe på. Men brått står ho der i døra.

Av og til let eg sorga sleppe inn. Eg let ho sakte krype opp i sofaen. Vi sit der saman, under teppet.

Nokre dagar reiser eg meg brått, og kastar ho ut. Måtte du aldri kome tilbake.

Men ho ligg der ein stad. Der ute i mørkret og ventar. Ventar til eg ikkje er klar.

Kom deg ut! Kan eg skrike. Men det hjelper så lite.

Sorga er mi, og eg må bære ho med meg.

Nokon ber si sorg som eit smykke. Så uendeleg vakkert, men så grusomt likevel.

Andre ber sorga som ein rustning. For å ikkje sleppe andre inn. 

Somme syner ikkje sorga. Men vi veit ho er der, vi kjenner ho igjen. Vi gir eit anerkjennande nikk. Du veit, vi veit.

Vi vil så gjerne hjelpe deg å bære, men veit at di sorg må du bære sjølv. For ho er di, og ingen andre si.

Sorga er over oss alle, nokre øyeblikk. Samtidig kan vi ikkje leve utan. For utan sorg hadde vi heller ikkje hatt glede.

Gleden jagar sorga vekk. Om enn for ei kort tid.

Bær di sorg som du vil og føler. Vær stolt av dine arr. For utan sorg, kan vi heller ikkje leve. 

Vi sit her i sofaen, eg og sorga. Eg prøver å overbevise ho om at det er på tide å gå.

Eg kjem att! Seier ho snurt, og går.

Eg veit.

Du kan invitere sorga inn. Men lat ho ikkje bli for lenge. 

Pass på at ho går igjen.

Å gå viralt over natta…

Det er kjekt å skrive. Kjekt å ha ein blogg. I går skjedde det som forsåvidt sikkert mange håpar på: Det eine innlegget mitt vart plukka opp av eteren. Kjempekjekt, men samtidig visste eg at det kom til å kome kritikk.

Eit blogginnlegg skribla ned på kveldstid etter ein lang dag på jobb og trening blir aldri det same som ein artikkel skriven av noko som har førebudd seg, gjort bakgrunnsjekkar osv. Samtidig meiner eg at nettopp det må vera poenget med ein blogg. Litt meir fri dressur.

Veldig mange kommentarar er veldig positive. Innlegget er lest av over 27.000, delt av uendeleg mange på facebook, likt av 1100 på bt si side på facebook, 60.000 treff på bt.no. 

Men så er det den lille håndfullen med negative kommentarar. At eg no er med på å hetse desse stakkars jentene, at eg legg ein større byrde til deira belastning med å bruke peikefingeren, at eg brukar innlegget til å framheve meg sjølv (den var ikkje så veldig sårande), at det er strengare krav til karakterar no for tiden for å få jobb (saksopplysning: eg gjekk ut i 2011, og var også arbeidssøker på nytt med lite jobberfaring i 2012/13, det er ikkje så veldig lenge sidan.) 

Innlegget er skriven med tanke på litt eldre jenter enn kanskje dei som har reagert mest. Samtidig står eg for det eg seier, så får folk tolke det slik dei vil. Men det er viktig for meg å få formidle at det var meint som eit hjartesukk, ikkje ein peikefinger.

Hvis de les det neste innlegget med diktet “Dans dotter mi, dans” ser de kanskje betre kva setting det var skrive i.

I tillegg har teksten sine åpenbare manglar, og eg har hellet ikkje brukt mykje tid på sosiale medier si rolle osv. Men det er også bevisst. I tillegg har eg formulert meg litt vel bastant enkelte stader, men igjen. Det er ein blogg, ikkje ei vitskapleg avhandling.

Men det som eg tykkjer er vanskeleg å oversjå er alle som kommenterer at: Jammen vi må ha kjempegode karakterer. Ja. Hvis du skal bli akkurat det du ønskar, kanskje? Skal du bli lege, må du ha matte, fysikk og kjemi. Og veldig gode karakterar. 

Men: om du sliter deg sånn ut at du held på å gå i bakken i jakten på desse karakterane, så burde du kanskje bli noko anna? Og: Er ein då i det heile eigna til å vera i eit slikt yrke?

I dag kan alle bli akkurat det dei vil, men ikkje alle skal bli alt. Det må vi være ærlege på. Konkurransen er større, ja. Men det har også festa seg ein oppfatning av at ein berre kan skli gjennom studiene og lande drømmejobben, berre ein har gode nok karakterer. Snart er den tida forbi. I dagens arbeidsmarknad er ein mastergrad ikkje lenger nokon garanti for jobb. For mange tar for lang utdanning. Ikkje alle kan bli akademikarar. 

Det vil bli tøffare tider framover, og alle må innstille seg på at ein kanskje ikkje kan bli akkurat det ein vil. Men då må ein tenke nytt, finne nye draumar, og tenke at uansett kvar eg endar opp, så er eg faktisk god nok. For det er du, utan tvil.

Dans dotter mi

Tusen takk for all respons på førre blogginnlegg! Det er tydleg at dette er noko som engasjerer. Sjølv er eg så heldig at eg har ei fantastisk lita jente som etterkvart skal bli sjølvstendig og kaste seg ut i det nye og ukjende.

Eg håpar eg kan gi ho nok ballast på vegen til at ho blir trygg, sterk og sjølvstendig. 

Eg veit jo at ho skal oppleve mykje glede, men også mykje sorg. Det gjer vondt i mammahjertet å tenke på. Samtidig vil alt dette gjere henne sterkare, og det treng ho. For livet er ikkje alltid like enkelt.

Når ho blir litt eldre, skal eg få ramma inn dette diktet av Bente Bratlund Mæland og gi det til ho:

Dans dotter mi

Ta på dei raude

danseskorne dotter mi

og dans

La ingen få knebla

din song eller

hemma din draum

Dans dotter mi

Dans

Grip dagen

og fyll han

med din styrke

Vakker er du

Slå vakt om

grensene dine

Vent ikkje på å

bli vald av livet

Velg sjølv

Av Bente Bratlund Mæland

Igjen: Utruleg kjekt med så stor respons på førre innlegg. Denne bloggen handlar jo eigentleg om trening, men av og til må ein jo kunne skrive om litt andre ting.

  

Kjære jenter…

Kjære unge, stressa, utslitte jenter. Beklagar å måtte sei det, men nokon har bløffa dykk.

I artikkel etter artikkel les eg om dei utslitte jentene, som jaktar på det perfekte, og føler seg stadig meir mislukka. Heilt seriøst. No må de gje dykk. Ingen er perfekte, og det er heller ingen som forventar at de skal være det. Isåfall har nokon lurt dykk. Kraftig.

Eller, er det slik at de har laga desse forventningane sjølve?

Kven har skulda? Er det foreldra? Foreldra med dei dyre jakkene, fine bilane, gode jobbane, som postar bilete av vinglass foran peisen etter dagens tomils løpetur?

Er det bloggarane? Dei perfekte jentene som har alt dei ynskjer seg og litt til? 

De må vakne. Det er ikkje ekte. Ingen kan sjå perfekt ut kvar dag. Bak eit flott bloggbilete står det 100 refuserte. Kva med redigering? Akkurat som motebransjen alltid har gjort. Men seriøst. De er jo smarte, heile gjengen. Dette veit de jo?

Ingen kan shoppe vesker til titusenvis av kroner samtidig som ein får seg ei utdanning med toppkarakterar. Med mindre, såklart, ein har foreldre som sponsar, eller ein deltidsjobb som gir maksimalt med inntekt for minimalt med jobbing. Men kor mange er så heldige? Seriøst. De veit jo at dette også er tull.

Ingen kan studere, jobbe, shoppe, trene, være sosial OG sjå perfekt ut kvar dag. Det er heller ingen som krever at du skal det. Trur de verkeleg det?

Samtidig nektar eg å tru at det var så mykje betre før. Det har alltid vore viktig å vera pen, vera flink på skulen og god i idrett. I tillegg har det alltid vore viktig å ha dei “rette” klærne. Men vi gjekk då ikkje under på grunn av dette? Vi kjempa og prioriterte, og kom oss gjennom.

Eg ser at jussen er ein av dei studiestadane der presset er verst. Slik var det då vitterleg då eg gjekk der også. Men eg hadde ein nyfødt baby då eg byrja, så eg valde vekk veldig mange ting å bekymre meg for. Eg prioriterte dottera mi aller først, så det å faktisk fullføre ei utdanning. For meg var det ein seier. Så mykje meir var det heller ikkje rom for. Men det var mitt valg. Eg også såg dei pene jentene med dei dyre veskene, med dei kule skoa og avocado og cottage-cheese til lunch. Men eg valde å ignorere det.

Eg såg også jentene som besvimte av utmattelse under eksamen. Så kanskje er ikkje presset så mykje større i dag, men fleire når fram med sine stemmer, sine historier. Blogg og sosiale medier gjer at fleire når ut til ei mykje større gruppe enn før. Kanskje er det også blitt lettare å faktisk sei at ein sliter.

Men dette “presset” verkar som noko ein sjølv har skapt. Alle snakkar om det, alle fryktar det. Men kva er det eigentleg? Heilt konkret? Og kvar kjem det frå? Ingen forventar jo at de skal vera perfekte. Det er jo heilt latterleg.

Til mi kjære dotter, og alle andre som veks opp i denne tydlegvis alt for krevjande tida: Ta livet tilbake. Ta kvardagen tilbake. Gode karakterar er viktig, men ikkje for ein kvar pris. Gode trenings- og kostholdsvaner er viktig, men ikkje overdriv! Dyre klær og vesker er ikkje og vil aldri bli viktig, punktum.

I tillegg består livet av så utruleg mykje meir. Dersom du i dag ikkje taklar å få ein B på eksamen, korleis skal du då takle dei verklege utfordringane i livet?

Dei kjem til å komme. Om du vil det eller ikkje. Dødsfall, ulykker, samlivsbrot, sjukdom og anna som vil kunne slå deg så hardt i bakken at du lurer på om du nokon sinne kjem til å klare å reise deg igjen.

Den dagen vil B-en, kampen for den perfekte kroppen, den dyre veska, ja eigentleg det meste, framstå som heilt ubetydeleg og fullstendig uviktig å kaste vekk tida på.

-Janne-