Om meg

Eg er ei 32 år gamal jente som har blitt hekta på triathlon. 

Eg har alltid vore aktiv, men dei siste åra har det blitt mest løping. Etter ein langvarig kneskade i 2012/2013, måtte eg byrje å trene meir alternativt. På ein ferietur til Danmark året før hadde eg oppdaga triathlon, og no leste eg alt eg kom over om denne snodige sporten. Eg meldte meg så inn i Bergen Triathlon Club (BTC) og i august 2013 kasta eg meg ut i det, og deltok på Os Triathlon. Det var så utruleg kjekt, og gav verkeleg meirsmak!

Diverre går ikkje alltid ting som planlagt her i livet, og det endte med ei lang pause frå treninga. Våren 2014 byrja eg så smått igjen. Vegen tilbake har vore lang og kronglete, men eg føler meg no sterkare og meir mentalt førebudd enn nokon sinne.

Denne bloggen vil handle om trening, mat, utstyr og kanskje litt anna innimellom. 

I 2015 fullførte Ironman Haugesund 70. 3, samt ei rekke mindre triathlon.

Dei store måla for 2016 er Ironman 70.3 Haugesund og Axtri (Aurland Extreme Triathlon) samt å forbetre tida mi i sprint-triathlon. 

Eg ynskjer å inspirere og motivere andre til å kaste seg uti og til å bli meir aktive. Håpar du vil følgje meg på vegen.

-Janne-

2 thoughts on “Om meg

  1. Hei Janne😄
    Kom over bloggen din og lurer på om ikke jeg hilste på deg inne i Aurland😄 Kjempeflott skrevet om axtri, jeg er sikker på du klarer det neste år. 👍👍 Stå på💪💪
    Hilsen Vivian

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s