Tiden flyr!

Tiden går verkeleg i eitt for tida. Flytteprosess med jobben, trening, turar og livet generelt. 

Dei siste vekene har eg verkeleg ikkje vore “nedpå” i det heile. Det slo meg ikkje før i dag tidleg, då eg bestemte meg for å nytte høvet til å sitte 5 minutter ekstra i sofaen med ein kaffikopp. Dei fem vart til tjue. Og store deler av tiden stirra eg berre tomt inn i veggen.

Samtidig har eg meir energi enn eg har hatt på veldig lenge. Følelsen av at handbrekket har vore på, både i livet generelt og under konkurransar/trening er heilt vekke. Eg har meir energi enn på veldig, veldig lenge. Kanskje er det eit teikn på at alt endeleg har byrja å falle på plass. Eller, om ikkje alt, så i allefall at eg har innfunne meg meir med situasjonen og livet slik det har blitt.

Angsten for å føle seg fullstendig mislykka når ein sit heime åleine ein fredagskveld er bytta ut med: “Yay. Eg kan bestille sushi, kjøpe snop, sjå ein skikkeleg dårleg romantisk komedie og ligge på sofaen med joggebukse heile kvelden.”

Men, som nemnt. Eg har ikkje berre lagt på sofaen sidan sist. Ei kort oppsummering:

  Stoltzen gjekk ikkje så bra, men heller ikkje så dårleg som eg frykta. Inn på 16:19 mot 15:57 i fjor. Eg har definitivt meir inne her. I fjor var eg nærare 14-talet enn nokon sinne, diverre vart eg skada rett før sjølve løpet. I år har eg gått for lite i Stolzen. Punktum.
   

Utsikt frå Bakkanosi


Eg har gått nokre fantastiske fjellturar i nydeleg vær.

   
 I tillegg har eg sykla 100km tilsammen på to turar: 

    
 Den siste turen var kanskje ikkje heilt godt planlagt. Mørkret kom alt for fort på og eg vart kliss våt og iskald. Jaja. Ein lærer så lenge ein lever.

Ulriken fekk seg eit besøk: 

  

P.S. Det er lettøl

 
Og endeleg var eg innom www.bergenfitness.no 

 Lenge sidan eg har hatt det SÅ vondt. Då eg ufrivillig fekk ein pause på dei siste wall balls-ane, og måtte ta 5 burpees til, begynte eg nesten å grine. Dette var på tysdag, og eg er framleis stiv.

I morgon håpar eg på å få meg ein langtur, dersom været blir fint.

Hadde gløymt kor fantastisk hausten faktisk er. Den skarpe lufta og dei nydelege fargane. Og så regnar det nesten ikkje! Fantastisk. 🙂 Det er berre å komme seg ut, folkens!

  
 

Advertisements

Korleis begynne å trene?

Eg omgir meg stort sett med folk som trenar MYKJE. Vi diskuterer trening, utstyr, skadar, og alt som høyrer til. Men så sit eg der i jobben på luch, på fest med venner, i middag med familien osv. og føler meg rett og slett ganske teit. Eg vil helst ikkje snakke om kor mykje eg trenar. Kvifor? Fordi folk ser på meg som eg har matrestar i trynet. Eit litt måpande blikk som lyser avsky.

Så då svarar eg kort, og skiftar emne ganske kjapt.

Mulig eg er paranoid, men av og til verkar det som om folk faktisk mislikar deg fordi du trenar. Ja, eg deler jo alt for mykje av mine glade treningsbileter. Men er det for å booste egoet mitt? Nei, ikkje eigentleg. Eg vil berre så gjerne at folk skal oppleve den gleden eg kjenner ved å trene.

Eg skjønar jo at det kan bli kvalmande. Glansa bileter av folk dryppande av sveitte med startnummer på brystet og medaljen i kjeften. “Alle” springer marathon og driver med triathlon. Gapet mellom dei aktive og dei inaktive har aldri vore større.

Facebookfeeden din er plutseleg full av liksom-toppidrettsutøvarar. No trenar tilogmed kjærestar saman. Biletteksten er den same “Kvalitetstid <3” Men biletet av to glas vin og kortreist økologisk biff er brått bytta ut med bilete av to omslynga par føter med joggesko på toppen av Stoltzen.

My ass. Å trene med kjærasten er aldri ein god idé. Med mindre ein er i NØYAKTIG like god form. Minst ein av dykk kjem til å bli furten eller dritsur. Konkurranseinnstinktet > kjærleiken. 

(Ja. Eg er bitter.)

Illustrasjonsfoto, sidan de sikkert treng avlastningen mellom all teksten…

 
Tilbake til poenget: Korleis byrje å trene? Og korleis kan ein minimere gapet mellom dei inaktive og dei overaktive?

Dei overaktive kan kanskje byrje å ta meir hensyn? Dempe seg litt? Og dei inaktive kan kanskje prøve å la være å bli provosert av dei overaktive? Eller skal vi prøve å leve godt, side om side? Kanskje kan vi møtast på midten ein plass?

Sanninga er at vi bevegar oss for lite som nasjon. Kor mange er eigentleg aktive 30 minutt om dagen?

Eg trudde eg var flink til å bevege meg i kvardagen. Men den avslørande helse-appen på iPhonen har synt meg noko heilt anna. Eg går alt for lite i løpet av ein dag! Dei dagane eg ikkje trenar, går eg frå senga til bilen, frå bilen til jobb, og tilbake igjen. Innom butikken, så finn eg sofaen. Galskap.  Då er det mykje betre å leve eit liv med meir kvardagsaktivitet.

Målet med bileta mine på Facebook og Insta, og målet med denne bloggen er ikkje å slå folk i hovudet mitt med “sjå kor flink eg er”, tvert i mot! Eg vil at fleire skal oppleve gleda ved fysisk aktivitet. Eg vil inspirere og motivere. Eg vil jo ikkje at folk skal tenke “det der blir for voldsomt”, det gidd eg ikkje.

Ein må heller ikkje gløyme at eg har trent i mange år. Men eg byrja ein plass eg også. Dei første joggeturane mine etter eg fekk dottera mi, var på knappe 3km. Men for meg var det meir enn nok! Slik heldt eg på. Veke etter veke, månad etter månad. År etter år. Prøvde meg på Sats, men kom aldri skikkeleg inn i rutinen.

Vendepunktet vart vel då eg byrja å melde meg på løp. Fanamilen, Ulriken opp osv. Etterkvart utvida eg sesongen, og byrja å springe på vinteren. Då meldte eg meg på Vinterkarusellen. Å ha eit løp å sjå fram tid har vore alfa og omega for mi trening. Veit eg at eg skal delta på noko, er det vansklegare å droppe treninga.

Men det er meg. Kva skal til for å få deg ut? Det veit du best sjølv. Likar du å springe? Ingen elskar det frå dag ein. Men så blir det ein vane, og før du veit det er vanen blitt til lidenskap. Det er heilt sant! 

Kanskje er ikkje jogging noko for deg. Ok. Kva med sykling? Spinning? Symjing?Saltimar på treningsstudio? Likar du best å trene saman med andre eller åleine? Styrketrening? Eg anbefalar sjølvsagt BergenFitness på det varmaste. Til alle. Uansett nivå.

Eller kva med å berre gå ein fjelltur. I byrjinga kan ein fjelltur i veka vera nok. Eller berre ein rundtur i nærmiljøet. Ikkje gjer det så veldig avansert. Men gjer det jamnleg. Ein gong i veka, så to. Få med deg ei venninne eller ein kompis. Så aukar du gradvis på etterkvart. Men ikkje overdriv! Det er lett å bli overivrig og gå på ein smell. Easy does it.

Sett deg mål. Springe 5 km neste sommer? Klare 10 armhevingar om 6 månader? Klare å sykle til og frå jobb utan å stryke med? Meir enn nok det. 

MEN: Finn deg eit konkret mål som motiverar deg. For du gjer dette for deg sjølv, ingen andre.

Litt lei av trening..?

Akkurat no er eg nok litt treningslei. Eller i alle fall konkurranselei. Alle dei store måla er overstått, og eg kjenner at kroppen er sliten. I utgangspunktet skal eg vera med på Os Triathlon 6. september, men eg kjenner at lysta til å hive seg i våtdrakten er ganske så fråverande akkurat no. Samtidig er det jo eit veldig kjekt arrangement. Og eg har jo lyst å få det med meg. Helst også forbetre tida mi frå 2013 nokre hakk.  

Utesvømming fristar lite for tida…


I tillegg må eg byrje å springe meir. Scottish half marathon i Edinburgh nærmar seg med stormskritt. Det skulle jo bli ny pers, men løpeformen er dårleg for tida.

Og så burde eg gått meir i Stoltzen…Det tradisjonsrike løpet er jo også snart, 25. Og 26. september.

Så akkurat no er eg litt sånn: “Burde-burde”.

I dag skulle eg eigentleg vore med på gjennomgangen av Os Triathlon-løypa. Men eg hadde rett og slett verken ork eller lyst. Viktig å lytte til kroppen av og til, tenker eg. 

Men kva gjer eg då istadenfor? Jo. Eg går på BergenFitness. Finaste plassen med dei finaste folka.

   
 

I tillegg ser eg på bileter frå sommaren, for å minne meg på kor kjekt eg har hatt det, og alt eg har oppnådd. 

Låner dette biletet frå Finisherpix…

 
Satsar på at både hovud og kropp kjem på betre tankar etterkvart. Eg har kvilt meg godt den siste tida, men manglar framleis overskotet. 

Problemet er også at eg er grunnleggjande lat. Så det kan jo vera eg spelar meg sjølv eit puss. Det beste i verda er jo å ligge på sofaen med smågodt og sjå på seriar frå Netflix. 🙂

Jaja. Gledar meg til å vakne stiv og støl i morgon etter dagens sirkeltrening. Det var herleg å få svetta skikkeleg. Og å få gjort noko anna enn svømming, sykling og springing.

Trening veke 10

Godt nøgd med veka så langt. Mandag var det 1000m-intervallar. Det vart riktignok berre 7 intervallar i 4:45-fart. (Og den eine vart litt kortare pga. sting.) Men: godt å vera igang med intervallane igjen! 🙂 Eg har skulka intervallar litt no i vinter…

Tysdag – Oh, happy day på BergenFitness

IMG_8606

Sirkeltrening. Statisk trening. Herleg økt! Avslutta med Tabata: 20 sek airsquats 10 sek pause, 20 sek 90grader hold, 10 sek pause. 8 gonger (!) Her snakkar vi syre…Men digg å kjenne at det ikkje var like vond som sist, då eg hylte av smerte før eg kollapsa i forsterstilling.

Onsdag var det skidag:

IMG_8637

IMG_8638

Kjente det litt i låra då eg kasta meg ut i laussnøen… 🙂

Torsdag var planen å springe ein roleg langtur i sone1/2. Men: Det plaska ned. Verkeleg. Alternativ vart vurdert, inne på mølle? Litt kjipt.

Sjekka SatsElixia, og fann ein 75min sykkeltime. Stakkars lår! Men så lange sykkeltimar er gull, så eg måtte berre hive meg med. Og herlighet: Bergen – Voss nærmar seg med stormskritt!

IMG_8660

IMG_8662

I morgon blir det kviledag, så blir det ein roleg langtur på laurdag. Så må eg ta det litt med ro, for mandag er det siste sjanse for meg å perse på Vinterkarusellen! Blir spanande.

IMG_8665

Amsterdam-tskjorta på i dag. Gode minner! 🙂

Den siste tida oppsummert:

Eg innser at eg må oppdatere bloggen oftare. Skal bli flinkare til det!

Kva har eg gjort sidan sist?

IMG_8311-1

Sprunge Vinterkarusellen. Første 10km i år, tiden vart 51:01. Så kom eg jo i Kondis:

<img src="https://

Blir ikkje betre enn det…

IMG_8330-0

Har som vanleg svinga innom verdas beste treningssenter BergenFitness

IMG_8342-0

Vore på toppturkurs på Fjellsportfestivalen

IMG_8397

IMG_8375

IMG_8369

Ete sushi:

IMG_8438

Ellers har eg svømt, vore på spinning og jogga litt. Skal skrive litt meir om treningen min ved eit seinare høve. Stay tuned!

God trening! 🙂

Det humpar og går…

I dag er det 144 dagar til Ironman 70.3 Haugesund!

IMG_8192

Er eg i rute? Høhø. Neppe. Men, som overskrifta tilseier: Det humpar og går!

Svømming var fokus i haust/vinter, og det går smått om senn framover. Sykling blir det lite av enda, men litt spinning. Ellers er det styrke og løping som gjelder. Kroppen kranglar litt, men ikkje noko alvorleg. Håpar etterkvart eg er sterk nok til å tole å auke treningsmengden. Men: Det er risikosport, så små steg.

Veka så langt: Joggetur mandag (10km), styrketrening på BergenFitness med godgjengen på tysdag, svømming i fantastiske AdO og faktisk intervallar i motbakke med miniane på fotballtreningen i dag. 🙂

IMG_8155

Stå på folkens, våren er like rundt hjørnet! 😉

Nytt år, nye moglegheiter!

Det er januar, og alle Noregs treningssenter fylles no opp av håpefulle, nyfrelste treningsentusiastar i skinnande nytt treningstøy.

Det er utruleg flott, og veldig bra. Men: Kva skjer? Jo, i februar/mars er nesten alle forsvunne. Nyttårsforsett er vel og bra, men veldig kortsiktig. I tillegg går alt for mange alt for hardt ut, og trener seg i hel dei første vekene. Kva skjer? Jo, dei går på ein smell. Går du frå tilnærma null til 5-6 treningar i veka, er det ikkje rart det går gale. Moralen er: Alt med måte.

Tenk langsiktig. Du skal finne noko du trives med i lang tid framover. Det er viktig å prøve ut nye ting, men ikkje overdriv…

Det er også viktig å sette seg mål med treninga. Kva vil du oppnå? Vil du ta 50kg i benkpress? Springe halvmarathon? Fullføre ein 5 km? Ny pers på 10 km? Eller vil du rett og slett berre komme deg i form?

Det er mange vegar til Rom, men det viktigste er at du finn din eigen veg. Og like viktig: Ta det med ro! Om du ikkje er vant til å trene før, får du gjerne ein veldig boost, og vil halde fram 7 dagar i strekk. Det er ikkje lurt. Du må halde tilbake, sjølv om du nærast føler suget etter joggeskoa.

Tenk langsiktig, tenk jamn progresjon. Og hugs å kvile mellom slaga. I tillegg er det viktig å variere treninga. Er du glad i å jogge, prøv likevel å trene litt styrke innimellom. Det forebyggjer skade og vil vera med på å gjera deg sterkare og raskare.

Eit godt tips hvis du vil byrje med styrketrening, er å ta nokre timar med personleg trenar, slik at du får inn god teknikk på dei ulike øvingane. Eg anbefalar jo sjølvsagt Janne og Fredrik på BergenFitness 🙂

Som Yngvar seier:

/home/wpcom/public_html/wp-content/blogs.dir/f9a/70640613/files/2015/01/img_7493.jpg

Håpar alle får eit fantastisk treningsår! 🙂

WOD

Gårsdagens WOD (Workout of the day) på BergenFitness var denne:

IMG_7103.JPG

Du byrjar med øvingane det står A foran, så tar du 1 gobletsquat – 10 utfall, 2 gobletsquats – 9 utfall osv.

Så er det B og C på same måte. Easypeasy. Kan vel berre innrømme med ein gang at pushups på kettlebells og renegade rows ikkje er mine sterkaste øvingar. Men det blir vel betre etter kvart…?

Har også ein teori om at eg har for spiss bakende til å kunne sitte stabilt på russian twists…

IMG_7119.JPG
(Takk til Jannike for lån av bilete)

I kveld er det “Det lille julewhiskyløpet” med Melkesyre DET blir spanande! 🙂

Student 2.0

Då var det tid for å komme seg i eksamensmodus. 100% jobb er bytta ut med 100% studier den neste veka.

Er det ein ting eg har lært frå studietida, så er det at i eksamensperioden er det ekstremt viktig å halde treninga oppe. Alt blir så mykje lettare då.

Veka har bestått i 1000-meters intervallar (som måtte avbrytes pga. skaden i foten), sirkeltrening på BergenFitness, Stoltzen med Melkesyre,
Crawlekurs og så blir det intervallar og spinning i helga.

Hugs å trene! Det funkar mot alt! Trust me. 🙂

20141107-132237-48157993.jpg

Oppladning til Os Triathlon

Denne veka har eg prøvd å ta det roleg. Rolege langturar på joggefronten og litt spinning. Men så hadde eg så veeeldig lyst å vera med på Stoltzekarusellen, og så måtte eg jo berre på sirkeltrening med godgjengen på Bergen Fitness:

Bergen Fitness <3

Bergen Fitness ❤

Berre litt svømming i dag, så skal eg slappe godt av. Har meld meg på crawle-kurs (jada, litt seint no, kanskje), etter å ha innsett at eg rett og slett ikkje kan crawle. I fjor på Os Triathlon svømte eg bryst, med våtdrakt. Det er ikkje spesielt lurt, i og med at drakten gir veldig mykje motstand ved brystsvømming, i tillegg til at du blir mykje meir sliten enn dersom du crawlar. Men no skal eg endeleg få lært meg grunnleggjande teknikk. Det ser eg fram til!

Ellers er det berre å kaste seg uti, og melde seg på Os Triathlon. No er det fullt i mosjonsklassen, men framleis plassar i konkurranseklassen. Os triathlon er eit sprint-triathlon, det vil seie at det er 750 meter svømming, 20km sykling og 5km løping. Overkommeleg for dei aller fleste, og ikkje minst kjempekjekt. Bli med du og! 🙂 For min eigen del, er målet å forbetre tida mi frå i fjor. Håpar og trur at det skal gå greit. Eg brukte 1time og 35min i fjor, så potensialet for forbetring er jo stort. Men så var det å trene riktig…Svømminga gjekk greit ein periode, men så forsvann motivasjonen litt. Etter knall og fall på sykkel rett før Bergen City Halvmarathon har eg hatt eit anstrengt forhold til klikk-pedalane mine…Sååå….Kremt. Eg har bestemt meg for å byte pedalar og sykle i joggesko. (Oh, no himlar alle syklistane med augene.) Nei, unnskyldingane er mange. Svaret får eg svart på kvitt på søndag. 🙂