Eit forsøk på å oppsummere…

Herlighet, den siste tida har verkeleg berre  FLYDD avgarde. Det går i eitt. Difor får eg berre slå saman det meste her, og komme med eit lite oppsummeringsinnlegg.  

 Eg har trent styrke på jobb. ❤ Trening i arbeidstiden. 

 Eg har ete mange sjukt gode lunchar på jobb. ❤ Wilberg 

  Eg har lagd ei veldig god kyllingsuppe 
 Eg har vore på ein nydeleg fjelltur 

 
I tillegg har eg vore på årets første Nissemann. Det var veldig kjekt. Nissemann er Bergen Triathlon Club sin årvisse treningsform om vinteren. Vi møtes laurdag 08:30, så er det 2000m svømming inne på Studentsenteret, litt over to timar spinning, og så er det ut for å løpe ein liten tur på 11-12km. 🙂

Veldig kjekt opplegg! Eg var med på alt, men tok det litt roleg, og korta ned på løpeturen. Eg har ikkje følt meg heilt 100% den siste tida.

Mandag var det igjen klart for Vinterkarusellen. Eg kjente eg var veldig tung frå første steg, så eg skjønte fort at det ikkje ville bli nokon pers. 50:39. Blæh. Men med den treningsmengden eg har hatt dei siste vekene, kan eg ikkje klage. No er det tid for ei roleg veke.

Eg prøver å periodisere treningsvekene mine. Dette har eg lært av bloggen til Allan Hovda og hans nybyrjartips. Etter hans oppskrift køyrer eg fire vekers-syklusar der eg gradvis aukar belastninga i veke 1-2 og 3, før eg har ei rolig veke 4 med restitusjonstrening. Dette skal forhåpentlegvis gi eit større treningsutbytte.

Anbefaler bloggen til Allan Hovda for alle. Han er veldig flink og veldig pedagogisk: triallan.com

Eg har også byrja å bruke pulsklokka mi mykje meir aktivt, for å unngå å gå på ein “smell” slik som i sommar/haust.  

 Eg har ein Suunto Ambit 2 S eg er godt nøgd med. Eg kan nok ikkje alle funksjoner enda, men eg tykkjer den finn både puls og gps raskt og er veldig brukervennlig. Likar veldig godt appen!

Tykkjer Suunto Movie er kjempegøy

 Det krever jo litt meir tid å bruke slikt utstyr skikkeleg, overføre data, samanlikne, studere osv. Men samtidig kan det nok vera lurt for mange. Eg likar ikkje så godt å løpe med pulsbelte, men byrjar å venne meg til det etterkvart. I konkurransar droppar eg det, for det blir for mykje stress. Men eg brukar klokka for å måle fart og distanse.
Veldig klar for ei roleg veke no. Kanskje får eg til og med litt tid til overs slik at eg får ordna litt til jul…

Vinterkarusellen

Det er tid for vinterens store happening på løpsfronten: Necon Vinterkarusellen.

Det er rett og slett eit løp som gjentek seg (karusell) ein gong kvar tredje veke utover vinteren. Ein kan velge mellom 10 og 5 km. Om eg ikkje tek heilt feil, er dette tredje året eg deltek. Det er verkeleg eit kjempearrangement, som berre har blitt meir og meir populært.

I går vart det i følge Kondis sett ny deltakarrekord, med over 1200 på startstreken: http://www.kondis.no/rekordmange-loepere-i-vinterkarusellen-i-bergen.5811268-127676.html

Målet mitt er, som vanleg, å komme under 50 minutt. Eg har ein pers på 10km på 50:00. Altså femtiBLANK. Det føles så meiningslaust. Eg har fleire gonger sprunge på rett over 50, og det går meg veldig på nervene. 😦 

Planen var å gå roleg ut, og auke etterkvart. Her er km-tidene mine frå Nike+ appen, som ikkje er heeeeilt nøyaktig på distansen. Men det gir jo ein viss peikepinn:  

   Ganske greit etter planen, men må nok justere litt. Prøver jo alltid å springe med såkalt “negativ split” dvs. Avslutte siste halvdel raskere enn den første. Det er vanskeleg. Kanskje særleg her? Problemet er at 10km løypa på vinterkarusellen har ein del stigning på slutten (trur Nike har juksa litt her også). Difor er i alle fall den siste km ganske så vanskeleg å springe raskare.

Eg følte meg piggoglett, offensiv og full av ungdommelig overmot. I alle fall fram til slutten av 8km. Så byrja det å gå litt trått. Rett før hadde eg nemleg gitt på litt ekstra for å springe forbi ein tightskledd midtlivskrisemann, og kosta på meg eit leikande, men kanskje hakket for arrogant “kom igjen” då eg passerte han. Lett som ein gazelle. Jadda! 

Kanskje uødvendig å seie at han tok meg igjen på flata litt seinare…

Siste km såg eg at eg var heilt på grensa til ny pers, men såg det var innafor hvis eg berre gav litt på. Prøvde, men plutseleg gjekk tiden så alt for fort! Gjennom maratontunnelen, ut på stadion, KOM IGJEN! Prøvde, prøvde, men neeeeiii. 50:07. Æsj. Jaja. Første løp. Det kan berre gå oppover.  

  

Scottish halfmarathon racerapport

 

Vanskeleg å få tatt bilete, dette var eitt av dei få “vellukka”.

 
Laurdag var det klart for #Scottishhalf i Edinburgh. Vi visste lite om kva vi kunne forvente oss, anna enn ca. 3000 deltakarar, og ei flat, rask løype.

Vi møtte opp i GOD tid for å hente startnummer. Været vart rett og slett knallfint. Sola skinte og det var varmt og godt. Eg angra litt på at eg ikkje hadde med shorts, men var nøgd med å ha hugsa solbrillene! Dei kom godt med.

Vi hadde lada godt opp dagen før, med lasagne og sjølvsagt dessert. Eg gjekk for sjokoladekake:  

 Følte meg veldig bra, til tross for ein litt slunken frukost på hotellet. Engelsk frukost er litt for avansert for meg. Blodpølse, lizm? Eg heldt meg til toast og syltetøy. Hadde med meg ein Fresubin i tilfelle eg skulle kjenne eg trengte litt meir næring før start. I beltet hadde eg to Winforce-gel. 

Varma litt opp, og stod leeeenge i dokø. Så var det brått klart for start. God stemning!

  Eg stod i 1:48-gruppa. Noko ambisiøst, men eg meldte meg på i vår, så eg trudde jo faktisk eg ville vera der no i haust. Slik gjekk det ikkje…
Eg opna lett og ledig i 5:10-tempo. Måtte verkeleg halde igjen, for løypa var lettløpt, og enkelte sette opp eit voldsomt tempo. Var nede i 5:02 på andre km, men klarte å stabilisere meg på 5:10. Mot 10 km føltes kroppen utruleg lett og fin. Eg kjente meg rett og slett sterk. Prøvde å halde farten nede, sjølv om eg eigentleg hadde lyst å berre gasse på. Tok ein gel, viktig å fylle på FØR ein trur ein treng det. 11km på 5:12, 12km på 5:07, 13km på 5:10.

Vi sprang no langs kystlinja. Heilt fantastisk. Prøvde å nyte det alt eg kunne. 

 Etter å ha passert 13 km, kjente eg brått at noko ikkje stemte. Magen slo kolbøtte. Verkeleg ikkje bra. Kva gjer eg no? Vurderte å stoppe opp litt, men roa heller ned på tempoet. 14km på 5:33, 15km på 5:39. Så gjekk det berre nedover med tida. Brukte mykje krefter på å halde ut magesmertene, og eg stivna rett og slett heilt. Klarte aldri å få opp tempoet igjen, og kjente meg framleis ganske uggen. 

Men eg var nøgd likevel. Prøvde å gi litt på siste km, og fann ei med fin fart å ligge i ryggen på, det hjalp! Prøvde på ein liten innspurt, det gjekk tåleleg greit. Veldig glad då eg kom meg i mål. Ei stund var eg verkeleg redd for at eg skulle måtte bryte. 

Veldig kul medalje

Fekk t-skjorte og ein liten goodie-bag i mål. Prøvde å få i meg ein bar og litt mentos, men var veldig kvalm. Tida vart 1:53:43. Heilt greit. Ikkje så mykje å gjere med den. Veldig nøgd med løp og fart fram til magetrøbbelet. Sprang veldig jamnt, og det er jo bra! Samtidig var det jo ei flat og fin løype.

Trur disponeringen min var bra, men vanskeleg å vite når eg fekk trøbbel undervegs. Kunne jo kanskje gått på ein smell likevel? 

Eg er uansett ganske overbevist om at pers på halvmaraton kan komme i år likevel. Så no gledar eg meg til maratonkarusellen! Det er utruleg kjekt å kunne fokusere meir på løpingen no. Hadde gløymt kor mykje eg saknar det!

Etter løpet var det middag, og så måtte vi sjølvsagt innom ein lokal pub… 🙂 

Ein må alltid ha dessert…

  

Edinburgh by night

  
  

Alt i alt var det ein kjempefin tur. Tips til andre: Ha joggeskoa i handbagasjen. Ei i reisefølget var så uheldig å ikkje få kofferten sin, så ho måtte ut og kjøpe alt ho trengte til løpet…

Scottish half marathon here I come

  
I dag set vi oss på flyet og reiser avgarde til Skottland, nærare bestemt Edinburgh. “Vi” er ein gjeng løpevenninner, som har sprunge saman ei god stund no. Eg gledar meg som ein unge! Eg har aldri vore i Skottland før.

Det å kombinere ferie med løp, er heilt genialt. Eg har tidlegare vore med på halvmarathon i Paris og Amsterdam. Reiser du ned eit par dagar før, eller tilbake litt etterpå, får du tid til både springing og det å vera turist. Men eg vil ikkje anbefale å freiste å gå opp i Eiffeltårnet rett etter å ha sprunge. Det gjorde eg i fjor, og det endte med at eg nesten besvimte, for vi hadde ikkje ete skikkeleg etterpå (planlegg gjerne middag ganske kjapt etter løpet!). Bleik og svimmel måtte eg sende min dengang betre halvdel opp dei siste trappene medan eg kasta meg over ein belgisk vaffel dynka i Nutella frå ei bod under Eiffeltårnet. Classy. 

Uansett. Det er ei veldig spesiell atmosfære på løp med mange tusen deltakarar. Eg spring som regel med btc-skjorta mi, så då har eg norsk flagg på ryggen. Då er eg garantert å få tilrop frå andre nordmenn. 🙂

Eg er veldig spent på kva tid eg kjem til å havne på i dette løpet. I utgangspunktet var eg optimist, og skreiv meg inn på 1:48. Diverre er nok ikkje det oppnåeleg. Løpetreningen har fått lide dei siste månadane, og eg merkar at eg har blitt veldig treig. Samtidig har kroppen føltes veldig bra den siste tida, så eg lever jo i håpet om å i alle fall ikkje vera så veldig mykje over det.

Å springe i utlandet krev ikkje så mykje anna enn å springe innanlands. Nokre løp krev legeattest, men det står i såfall opplyst ved påmelding. Så er det berre å finne eit hotell i nærleiken, sjekke ut transportmåtar og finne startområde, opplysningar om henting av nummer osv.  

Bilete frå expoen i Paris i 2014


På løpet i Skottland, er det mogleg å levere inn tøy som du får ved målgang. Tommel opp for det. Eg tek alltid med meg nokre gamle filler eg ikkje er så redd for. I tillegg er det greit å ha ein ekstra genser ved start, som du kan kaste når du byrjar å springe. Eg tek med meg ein gamal Ulvang-gensar med malingflekkar. Her gjeld det å halde seg varm, ikkje å sjå bra ut.

Eg har pakka med meg litt ulike variantar av klede. Langarma, t-skjorte, løpevest, to tightsar, ein kort og ein lang, kompresjonsstrømper, panneband, treningstopp og to ulike oppevaringsbelter for mobil. Flip-belt og Spibelt. Har ikkje heilt bestemt meg for kva for eitt eg skal gå for…I tillegg har eg vanntett etui til mobilen. (Eg har allereie drukna ein iPhone, vil ikkje drukne ein til.) 

Praktiske løysingar for mobiloppbevaring


Ellers pakkar eg alltid joggesko i handbagasjen. Grunnen til det er jo hvis bagasjen skulle forsvinne, har du i allefall joggeskoa. Å springe i nyinnkjøpte joggesko anbefales ikkje. Alt utstyr må vera testa og utprøvd på førehand.

Kofferten er pakka, og eg er klar. Håpar berre ikkje mini har smitta meg med forkjølelsen sin…

  

  

Oppsummering Axtri

Då vi reiste frå Bergen tidleg fredags morgon, var eg ganske roleg. Eg visste at eg berre fekk gjere mitt beste, og sjå korleis det gjekk. Ein sykkeltur opp Aurlandsfjellet i sommar, avslørte det eg frykta: Eg sykla for seint.

Likevel hadde eg eit lite håp om at det kanskje kunne gå dersom eg gav alt eg hadde.

Kvelden før var prega av lett nervøs stemning, registrering og infomøte i idrettshallen i Aurland, før vi åt middag på Østerbø. Klargjeringa tok sin tid, alt måtte festast på, sorterast, organiserast osv. Eg var veldig redd for å gløyme noko.

Vi måtte opp ganske tidleg. Eg slepte meg opp, pakka dei siste tinga, og åt frukost. Åt for ein gangs skuld ganske mykje. 

Nede i skiftesona i Aurland, byrja nervene å komme. Noko som resulterte i spying bak bilen. Herleg. Sånn gjekk det med frukosten!

Eg var livredd for vanntemperaturen, som berre kort tid før hadde vore nede i 9 grader. Eg prøvde panisk å få lånt meg ei neoprenhette med hals dagane før, men konkluderte med at eg som lett kan få panikk i vannet, ikkje burde ha noko rundt halsen. Den vanlege neoprenhetta fekk halde.

Rett før start fekk vi vite at temperaturen var komt opp i 13/14 grader. Eg pusta letta ut. 

Eg somla som vanleg, og vart ikkje klar før rett før starten. Då alle fekk beskjed om å gå opp av vatnet, måtte eg berre ein liten tur ned i vannet for å kjenne på temperaturen. Det var iskaldt! 14 grader my ass. Det føltes meir som 11.

På med kvit vaselin på hender og kjake, så litt småtripping før kanonskuddet kom.

Roleg ut i vatnet, som vanleg. Mykje armar og bein. Kaldt. Iskaldt! Halde fokus no. Svømte bryst lenger enn planlagt, for brillene tok inn vann. Eg hadde fått badehetta innanfor. Litt knoting etter første bøye, så fekk eg dei endeleg til å sitte. Deretter crawla eg heile vegen med unntak av eit par tak rundt andre bøye. 

Fekk heilt grei flyt, hadde roen. Plutseleg smakte og lukta vatnet diesel! Æsj! Ok. Fokus. Snart framme no. Litt bølger på veg tilbake, men ikkje noko voldsomt. Prøvde å henge på ein fyr som svømte bryst. Ah, beina mine er iskalde! Til tross for neoprensokkar…Endeleg kom flagga.

Kom meg ikkje på beina på første forsøk. Heilt svimmel og ør. Måtte ha hjelp til å få av drakten, fingrane virka ikkje.

 

Foto: BTC/Axtri (Nokon som veit namnet på fotografen?)

 
  
Endeleg på land. Hadde bestemt meg for å ta det litt roleg i skiftesona, for å vera sikker på at eg fekk med meg alt. Næring, lause bein, jakke, hjelm, briller, panneband, you name it. Magen romla. Ikkje så rart. Frukosten låg jo igjen i ein dam bak bilen…

Endeleg kom eg meg ut av T1. 

Så var det sykling. Eg visste det ville bli tøft. Prøvde å halde farten oppe, men det gjekk seint. Speedometeret mitt sa takk for seg rett før start, men eg hadde gps-klokke på meg. Diverre visste eg at den ikkje ville ha nok batteri til heile etappen. Og eg måtte halde styr på klokka for å ikkje gå glipp av cutoff-tiden. 

Eg vart passert av i allefall 4 på vegen oppover. Dei sykla så lett og fint! Snart kom ei venninne syklande forbi. Eg visste ho var raskare enn meg, og at eg måtte klare å henge på ho for å nå tidskravet. Det gjekk greit ei lita stund, men plutseleg forsvann ho ut av syne. Jaja. Prøvde å trakke på vidare. Farten måtte ligge på 8-9km heile vegen opp om det skulle gå. Det var tungt. Mange gonger var eg under. Ved Stegasteinen såg eg at eg hadde brukt mykje mindre tid enn sist vi sykla, så eg var ganske positiv ganske lenge.

Mot toppen gjekk det lettare, for då visste eg at det snart ville bli flatare.

På toppen kom det endeleg litt utforkøyringar. Men i alle dager! Skikkeleg grusom motvind, og ein ekkel sidevind! Eg vart kasta til sida fleire gonger, og følte ikkje eg hadde kontroll i det heile. Ei ung jente passerte meg i full fart. Og forsvann…Eg skjønte at dette gjekk dårleg, men prøvde å halde oppe farten. 

Det var herleg å komme til matstasjonen. Bytta ut flaskene med Fresubin og energidrikk, og fekk ei ny med vann og ei med energidrikk tilbake. Åt eit halvt eple og litt chips. Tok ein sjokolade med meg i lomma. Så bar det nedover. Shit! Elendig asfalt. I tillegg byrja dei raskaste å komme oppover, og ikkje alle låg til høgre for å sei det sånn! Nokon låg tre i bredden. Flott det. Så eg turte ikkje køyre på for masse. Til trass for god merking, traff eg masse humpar. Fekk kjekke tilrop på vegen frå andre BTC-arar, det varma! Skjønte at eg låg laaaangt bak dei andre. Men måtte berre komme meg ned. 

Stoppa kjapt i Erdal for å ta av jakka, trekke ned beina og byte hanskar. Så fekk eg gulpa i meg ein gel. No byrja eg verkeleg å slite. Brekningsrefleksen vart utløyst kvar gong eg prøvde å putte noko i munnen. Prøvde alt. Lefse, sjokolade, nøtter, men nei…Det var slutt. Orka ikkje energidrikk heller. Berre vann. Så utruleg godt å få skylt munnen med reint vann. Skjønte at dette var ei oppskrift på katastrofe, men måtte berre fortsette. Angra på at eg ikkje hadde meir Fresubin, sjølv om eg heldt på å kaste opp av den også tilslutt. 

Det verka som evigheter mellom kvar hundrede høgdemeter. Det var grusomt. Det var varmt. Eg måtte tisse. 

Mot toppen såg eg at eg hadde brukt ALT for lang tid. Dette kom ikkje til å gå med mindre eg skjerpa meg. Tvang i meg sjokolade, litt sportsdrikk, og trådde vidare. Måtte ut i buskene for å tisse. Gjekk litt med sykkelen for å få igang igjen beina. Knea var såre, og kreftene forsvunne. 

Mot toppen kom han på matstasjonen ned til meg. Midt i den bratteste og lengste bakken. Det føltes godt. Fekk salttablettar og chips. Deilig! Kasta meg over den nyopna posen han kom med. Han spurte om eg kom til å rekke det. Eg sa nei. Han sa eg kunne sitte på nedatt. Eg sa nei. Eg skulle til T2. Uansett.

Etter å ha fått i meg mat, gjekk det litt betre. Men no sleit eg med motivasjonen. Det kunne jo ikkje gå. Men eg ville jo prøve likevel. Fortsatte vidare. Hugsar berre motvinden. Den grusomme motvinden. Alt gjekk så seint! Trudde aldri eg skulle komme over platået. Ca. Midt oppå fjellet gav eg offisielt opp. Det var slutt. Finito. Ikkje meir å gå på. Eg gjekk av sykkelen. Ville ikkje meir. Gjekk opp ein bratt bakke. Eg var tom.

Endeleg såg eg slutten på platået, og humøret kom seg. Det var godt å byrje utforkøyringa. Men vinden var ekkel i byrjinga! Fekk kontroll og køyrde roleg nedover. Trengte ikkje stresse, og det var godt. Hendene vart stive og vonde etter ein lang tur ned. Men eg orka ikkje køyre fortare. Kva var vitsen? 

Bilen stod i Aurland, og eg kunne stoppa der. Men sta som eg er, skulle eg til Vassbygdi og inn til T2. Då eg var komt halvvegs, angra eg slik at eg heldt på å byrje å grine. Tanken på å måtte sykle TILBAKE 8 km for å hente bilen var uuthaldeleg. Det vart ein lang tur inn til T2. Kom meg inn. Då var tidtakingsutstyret pakka vekk.

Det var litt fortvilande å stå der og sjå på vegen mot Aurlandsdalen og vite at eg ikkje ville få lov til å springe i mål på Østerbø. Menmen. Eg var klar over det, og førebudd på det. Eg var ikkje rask nok. Punktum.

Heldigvis fekk eg haik tilbake til Aurland. Det var fantastisk. (Håpar berre stakkaren rakk ferga si!) 

Østerbø. Måtte diverre ta bilen opp…

 

Den opprinnelege planen var jo å delta på Axtri i 2016. Så var eg så heldig å få ein billett! Eg skjønte jo at det var litt prematurt. Men eg prøvde likevel. Og eg klarte den berykta svømminga. Og eg klarte jo heile sykkeletappen! Men meir spesifikk trening må til. Samtidig veit eg no kva eg går til. Og no gledar eg meg verkeleg til neste år!

Open water-svømming

  I 2013 framstod symjing utandørs som absurd og alt for kaldt for meg. Men så fekk eg meg ein våtdrakt, og vips så var eg i gang.
Jaja, no har eg støtt på nokre hinder innimellom, men med tålmod, kurs, byte av våtdrakt og litt fram og tilbake, så må eg no seie at eg elskar å symje ute. Denne veka har eg lagt bak meg over 4500meter ute, og det føles berre så utruleg bra. Kven skulle trudd?

Den største aha-opplevinga kom nok då eg fekk meg ny våtdrakt. Eg hadde ei grei drakt frå Zone3, men då eg byrja i 2013 vog eg ca. 8kg meir enn då eg stod på startstreken til Os triathlon i 2014. Drakta var rett og slett blitt for stor! Og det er verkeleg ikkje bra. Eg har lese ein plass at det mest utfordrande med å finne våtdrakt, er å tørre å kjøpe ei som er LITEN nok.  

Nervøs før start i for stor våtdrakt

 

Så det var verkeleg revolusjonerande å få på seg drakta eg no brukar frå Blueseventy: 

 Etter størrelsestabellen er den litt knapp for meg, men i følge symjetrenaren sit den veldig bra. Den er mildt sagt eit h… å få på seg, men når den er på, sit den som eit skudd. Og eg merkar ingenting til den under svømminga. Eg har blitt VELDIG glad i den!

Til tross for eit crawlekurs og mange timar i basseng, har eg enno ikkje blitt nokon flink symjar. Men eg håpar og trur at det kjem seg. Det er uansett deilig å svømme ute, for drakten gir deg så mykje oppdrift at det ikkje spelar så stor rolle om du er ein dårleg symjar. Så til alle som føler dei er håplause til å crawle inne i basseng: Få deg ein våtdrakt og prøv deg ute. Du er sannsynlegvis ikkje så dårleg som du trur!

Eg har også blitt kvitt “panikken” min i vannet *bankibordet*, mykje takka vere svømmetrenar Knut i BTC. Eg måtte rett og slett byrje å puste betre ut under vann. Eg har både pusta ut og inn over vann, og då får eg for lite luft ut, og pustinga vert heilt overfladisk, slik at eg har begynt å hyperventilere. Så no tek eg innimellom nokre ekstra tak før eg pustar, slik at eg er sikker på at eg får ut nok luft, og kan fylle godt på med ny.

Eg har også sett ein del instruksjonsvideoar på nettet, og prøver å bli flinkare med armtak osv. Men her har eg nok litt å gå på. Eg er berre så utruleg nøgd med å ha overvunne panikken, og endeleg føler meg som fisken i vannet (jaja, nesten i alle fall…)

Det er i alle fall godt å vite at eg har distansen inne. No er det berre om å gjere å få opp tempoet. Eg sym framleis aaaalt for seint. Håpar eg klarar å få opp tempoet litt før Axtri, slik at eg får dei ekstra minutta til syklinga. (Alle monner drar!)

 

Vannet ved Krohnegården i solskin.

 
Ei anna utfordring, er temperaturen. Det har jo ikkje vore den varmaste sommaren, så vannet er ganske så kaldt for tida. Eg tykkjer det er heilt greit no, men eg er bekymra for Axtri. Noko seier meg at det kjem til å bli KALDT i fjorden i år. Rekordstore snømengder i fjellet, og manglande sommarvarme gjer jo sitt til å halde temperaturen nede…

Eg tykkjer ikkje det er så ille når eg først kjem i gang, men merkar det fort når eg stoppar opp, og når eg kjem på land. Neoprensokkar hjelper. Eg har eit par frå Huub som har funka veldig godt, men no får eg gnagsår av dei, så eg må ha meg eit par nye. Hanskar brukte eg før, men har slutta det sidan det ikkje er lov i konkurranse. (Greit å førebu seg mest mogleg reelt…) Eg brukar også alltid to badehetter, samt øyreproppar. Det hjelper. Eg må nok også bruke neoprenhette på Axtri, men det må eg øve meg meir på. Den har stropp under halsen, og det gir meg kjensla av å bli kvalt…Håpar dette også har betra seg no når panikken er vekke.

Så tips til deg som vil symje ute: Få deg ein god våtdrakt som PASSAR. Sjekk bruktmarkedet! Mange illusjonar som har gått i dass, så mykje nesten ubrukt til sals.

Ellers treng du omtrent berre det som du ellers brukar til symjing: Badehette, symjebriller (ikkje nødvendig med utandørsbriller, men kan vera greit. Litt smak og behag.), øyreproppar om du treng det (kan være lurt i kaldt vann), neoprenhette, neoprensokkar, og eventuelt neoprenhanskar er også valfritt, men kan være greit på kalde dagar. (NB: Sokkar er lov i konkurranse, men det er ikkje hanskar.) 

Det er også kjekt å ha ei gps- klokke som målar distanse, men har du ikkje dette, kan du måle opp distansen på google maps i ettertid. Då veit du i alle fall sånn ca. kor langt du har svømt. Eller hiv deg på ein midtlivskrise-mann som har gått i gadget-fella. Han loggar sannsynlegvis både tid, fart og distanse.

Det viktigaste av alt, er at du aldri må symje åleine. Få med deg ein venn eller tre, eller meld deg inn i ein klubb. BTC har masse uorganisert utandørssymjing no om sommaren.

Lukke til!

Ferietrening

  Nylagt asfalt rett oppom huset til mor og far passa jo perfekt for bakkeintervallar. 🙂 
Det er ferie, og kvile står på menyen. Samtidig må eg jo førebu meg på det h… eg skal gjennom i august. 

Syklinga er jo det eg må prioritere, diverre klarar eg ikkje meir enn 20-30 min før kneet berre hyler i protest. Skal inn å få sjekka om det er noko som kan gjerast med innstillinga på sykkelen, håpar det er så enkelt som det. 

  
Kneet er ellers heilt fint. Kjenner lite til det under jogging og fjellturar, sjølv om det protesterer bittelitt i nedoverbakkane.

Har valgt å køyre overgangøkter denne veka. Sykla intervallar i motbakke, så ein joggetur i middels tempo etterpå. Greit å venne beina til overgangen sykkel-løp. I dag vart det ein roleg sykkeltur på ca. 12km, dei siste km ganske bratt oppoverbakke.
Så vart det ein roooooleg joggetur på ca. 7 km innover i Henjadalen. Kjenner at kroppen framleis prøver å protestere når eg setter opp tempoet, litt sånn: “Skru på bremsene, no skal ho tvinge oss med på ein ny Ironman!” Så eg er vel kanskje ikkje heilt restituert enda, eller så er det berre kroppen som spelar meg eit puss…

  Planen var jo å ta meg nokre turar på Bjørgahaug. Men det går det jo jammen meg kyr! Mini vart livredd i går, og sjølv var eg noko skeptisk. Vi gjekk roleg oppover, og brått høyrer vi busker som knakar og ei vanvittig rauting. Eit besøk på ein gard på New Zealand for mange år sidan, lærte meg at enkelte kyr faktisk er onde. Så…No more Bjørgahaug på meg! Ok. Kanskje…Men då må eg jammen kvinne meg opp eit par hakk. Har ikkje lyst å få panikk oppi der, eg kunne finne på å kasta meg utfor ei skrent.

 Fekk også testa ut den iskalde Sognefjorden i dag. Fullstendig dekka av neopren, riktignok. Våtdrakt, sokkar, hanskar og to badehetter. Det vart ikkje lange turen. Klokka nekta å registrere distanse i dag, det var litt bummer. Men det var uansett ein kort tur. Det var rett og slett for kaldt. Og verre blir det i Aurland! I tillegg vart eg angrepen av måker. For det var ungar der. Flott det!
Kryssar fingrane for at eg får tilpassa sykkelen min i morgon, slik at kneet berre på magisk vis blir bra. 🙂

Ellers har det sjølvsagt også vore tid til kos:

 

Fresvik

  

Frøys hus

    
  
 

Axtri (AurlandExtremeTriathlon)

  Restitusjon og kvile er viktig. Men så er det berre det at det er 30 dagar att til Axtri…
Som de kanskje kan sjå: 1900 meter symjing i iskald Sognefjord, ca. 98km rett opp og rett ned, rett opp og rett ned (over Aurlandsfjellet til Lærdal og tilbake) og så ca. 21km springing/gange opp Aurlandsdalen og målgang på Østerbø. Det vil sei, om du faktisk klarar cut off-tiden på sykkel og får lov til å springe opp. Eg har fått mine tvil…

Eg er så utruleg treig på sykkel. All den tiden eg i fjor/år skulle bruke på sykkel, vart brukt til mykje anna rart. Så eg er omtrent like dårleg å sykle som før. Samtidig er eg nok flinkare i bakkar enn på flatmark. (Fordelen med å ha vokse opp litt oppi høgda. Ikkje mykje flate strekningar…)

  Ein “kosetur” opp på Aurlandsfjellet førre veke, avslørte det eg frykta. Kilometertiden min er for lav til å klare cut off-tiden! Så her må det jobbast…Men det er jo særs begrensa kva ein får gjort på 30 dagar. I tillegg må eg jo kvile innimellom også…
Menmen. Eg skal prøve. Og eg skal gjere mitt beste. Det hadde vore fantastisk å få krysse mållinja på Østerbø, men per i dag er eg faktisk usikker på om det kjem til å gå.

I tillegg konstaterer eg at kneet mitt ikkje likar sykling. Det går fint å springe, men sykkel er utelukka. Prøvde å snike meg til nokre bakkeintervallar i dag, men måtte gi meg etter ein halvtime. Då ville ikkje kneet meir. Men løpeturen etterpå gjekk greit.

  Jaja. Om eg ikkje kjem meg opp Aurlandsdalen i august, har eg i alle fall vore der ein gong i år. Og satsar på eit par turar til før sjølve løpet. 🙂

Ironman 70.3 Haugesund fullført

  
Det er nesten umogleg å setje ord på opplevingane førre helg. Det var berre kaos. Eg var kjempenervøs i dagesvis. Pakkingen vart unnagjort på fredag med dobbelt- og trippelsjekking. Livredd for å gløyme noko. 

 Vi skulle reise tidleg laurdag, og eg sov knapt den natta. Alt kokte i hovudet. Morgonen kom, og vi tok det med ro på turen nedover. Hadde bestemt oss for å stoppe undervegs, og sykle nokre kilometer av løypa, ein plass mellom 40-60km. Det var gull verdt på løpsdagen!

Vi åt litt lønsj, prøvde å slappe av. Sjekka inn, fekk startnummer osv. Eg hadde jo det beste startnummeret 🙂 

 Eg var LITT stressa av alle posane og alt kaoset og alt som skulle sorteres og leveres. Heldigvis vart alt grundig gjennomgått på race-briefingen. Då fekk eg roa meg litt. Det var rart å levere alt og sjekke inn sykkelen, men eg måtte jo berre stole på at alt var under kontroll og at alt ville ligge der dagen etter.

På kvelden var det middag med BTC-gjengen. Veldig koseleg! Kjekt å få snakka med andre som var omtrent like nervøse som meg. Vi kom oss tidleg i seng, og eg sov faktisk veldig godt den natta. Over all forventning!

Løpsdagen

Eg blir så nervøs og dramatisk før slike ting, og denne gongen var ikkje noko unnatak. Stakkars dei rundt meg…Men eg skulle faktisk vera med på mitt tøffaste triathlon nokon sinne. Og eg hadde ikkje peiling på om eg faktisk ville klare det.

Eg åt ein god frukost, og så gjekk vi ned til startområdet. Det krydde av folk, og stemningen var verkeleg til å ta og føle på. Eg hugsar eigentleg ikkje så mykje av kva eg gjorde, bortsett frå at eg stod i dokø i det som kjentes som fleire timar. Snakka litt med dei andre, men hadde eigentleg meir enn nok med meg sjølv. Det var fullstendig kaos i hovudet, men likevel følte eg meg roleg. Eg var klar.

Svømminga

Det eg har frykta i omtrent eit år (og eigentleg lenger enn det), var svømmeetappen 1900meter. Lenger enn eg nokon sinne har svømt. Eg har hatt store problemer med både å lære meg crawl, og det å ikkje få panikk under konkurransar. “Heldigvis” fekk eg panikk under forrige triathlon eg var med på, så eg tok meg ei økt saman med ein av trenarane i klubben nokre dagar før. Det var det smartaste eg nokon sinne har gjort! 

Planen var å gå heilt sist ut i vannet. Det kjentes rart å berre stå der medan alle andre kjempa seg uti. Samtidig var eg heilt roleg. I hovudet mitt bestod løypa av 3 stk 500meterar og ein liten innspurt på 400. Etter nøye inspeksjon av kart og løype dagen før visste eg sånn ca. kvar desse punkta var i løypa.

Så la eg på svøm. Sakte men sikkert. Heilt roleg. Venta på at pulsen skulle stige og panikken skulle komme. Men nei. Svømte forbi nokre brystsvømmarar. Hadde eg framleis kontroll? Ja. 500meter svømt. Såg at eg hadde brukt lang tid, men det skulle eg ikkje bry meg med. 1000meter. Herlighet! Dette går jo kjempebra! Konsentrer deg no. Svømte litt på, men då mista eg orienteringsevnen fullstendig. Brillene dugga, såg lite. Måtte spørre ei på brett uti løypa om eg såg riktig og at eg var på rett veg. Brått ser eg mål. Er det sant? Har eg klart det? Eg holdt på å byrje å grine av glede. Brått høyrer eg speakeren snakke om cut off- tid, og innser at eg ikkje har veeeeldig god tid på meg. Ville eg klare det? 

Få meter igjen. Er det verkeleg sant? Eg klarte det jo, eg er her, eg ser mål! Ropte til vaktene som skulle hjelpe oss opp: “Eg klarte det jo! Eg klarte det!” Hahaha. Forbi speakeren, feil veg! Var SÅ surrete! Folk ropte og heia, det å komme opp av vannet var som å komme i mål. Det var heilt sjukt!

Første skiftesone

Berre surr. Skjønte ingenting av kva nokon sa. Jentene som skulle dra av meg våtdrakten måtte omtrent legge meg i bakken før eg skjønte at eg skulle sette meg ned. Svimmel og overlukkeleg, og SURRETE. Fekk i meg næring, skifta til sykkeltøyet, droppa jakke, tok på lause armar. 

Sykkeletappen

Etter å ha overlevd svømminga innsåg eg no for første gong at eg faktisk måtte sykle 90km også. Det kom nesten litt overraskande på…Eg har aldri sykla så langt heller. I og med at eg har prioritert svømminga, har syklinga fått lite fokus. Og så tykkjer eg det er litt slitsomt å sykle ute i Bergen. Alle er jo så sinte…Men. Eg hadde jo eit visst grunnlag, og eg visste jo at dette kom til å gå bra. Dei første 30km gjekk leikande lett. Eg prøvde å ikkje slite meg ut. Diverre, rett før partiet vi hadde sykla gjennom dagen før, kjente eg ei stikkande smerte i kneet. Den ligna litt på smerten eg før har slitt med i kneet. Konklusjonen min var at eg har sykla for lite…Men, samtidig, no hadde eg kontroll. Eg sakka litt av, men måtte passe på at det ikkje gjekk FOR seint. Sidan eg brukte så lang tid på svømmingen kunne eg risikere å byrje å nærme meg cut off-tiden. Åt kvart 20/25 min etter planen. Prøvde å kose meg. Masse folk som heia i løypa. Kjempestemning! 

Undervegs vart eg heilt rørt. Eg kom jo til å klare dette! Det var ein vanvittig følelse. Kneet kjentes ok, men eg visste eg måtte ta det roleg for å klare springinga. Siste 20km var tunge. Men samtidig var det så lite igjen. Eg visste det kom ein stigning ved 80km, så fylte på godt med energi før det. Hadde med meg litt salt lakris som eg skulle få “lov” å ete når eg var lei av alt det søte klisset. 

Det er faktisk VELDIG utfordrande å få i seg nok næring under eit så langt løp. I alle fall for meg som veldig fort blir “matlei”. Vestlandslefser, energigels, energibarar og MASSE drikke skulle ned. Plutseleg var eg igjen ved skiftesona. Herlighet. Igjen. Overmanna over at eg faktisk kom til å klare det. Byrja å tenke på sluttid, men tok meg i det. Skulle ikkje tabbe meg ut no og springe for fort, gå på ein smell eller noko. No skulle eg berre i MÅL.

Løpeetappen

T2, eller den andre skiftesona gjekk lettare. Eg hadde bestemt meg for å byte sokkar. Uansett. (Viktig å være litt streng med akkurat slike ting.) Å springe med fuktige sokkar i 21,1km ville garantert gi meg gnagsår. Fekk på meg sko, drog av armane, snudde startnummeret, heiv innpå meir næring. Fekk til og med klokka til å virke. Greit å sjå hastighet medan ein springer. 

Byrja litt for hardt, som vanleg. Roa meg ned. Måtte konsentrere meg. Finne eit bra flyt-tempo. Det vart på rundt 6/6:30. Kjempeseint på eit vanleg løp, men i dag: Perfekt! 

Åt nok ein gel. Hadde to igjen. Skulle ta ein ved 10km. Men så kjente eg at det klarte eg berre ikkje. Det var masse drikkestasjonar, så eg stoppa på alle og tok eit glas energidrikk og eit glas vann på kvar. Fann ut at det fekk holde. I eit så roleg tempo burde det gå greit. Vanlegvis er eg streng med meg sjølv når det gjeld slikt, men denne dagen kjente eg faktisk at eg hadde fått nok. Ville ikkje risikere å spy heller. 

Løpingen var tung, og eg gjekk litt. Men samtidig var eg berre SÅ nøgd. Smilte og koste meg. FANTASTISK å springe gjennom sentrum! Sjuk stemning! Kneet kjentes fint, men eg turte ikkje auke farten. Møtte fleire i klubben på veg inn mot mål, og eg visste eg måtte springe ein heil runde til. Men det gjorde ingenting! Masse godord og heiing. Igjen vart eg kjemperørt, og måtte faktisk stoppe fordi det stokka seg heilt for meg. Kjente tårene pressa på.

Endeleg var begge strikkane på og eg skulle berre tilbake og så inn på den raude løparen. Augneblinken eg ikkje eingong hadde turt å håpe på var i ferd med å bli ein realitet. Kom over torget for siste gong og spurta ALT eg hadde. Hendene i været! Skreik og jubla! Eg KLARTE det! Speakeren lot seg begeistre og eg fekk skryt over høgtalaren for ein fantastisk finish. HERLIGHET for ein LYKKERUS! Eg KLARTE det!!! Sjukt, heilt vanvittig!

Så var det medalje, finisher t-shirt, hamburger og massasje. Komplett lukke, rett og slett.

  
Skulle så gjerne delt finisher-bileta mine, men eg har ikkje kjøpt dei enda. Dei får komme i eit seinare innlegg. 🙂

Eg er framleis overraska over at eg faktisk klarte det. Alt strevet, sjukdom, skade, alle tinga som har skjedd i livet mitt i løpet av 2014 og 2015. Og det symbolske i å klare dette. Det vart nesten for mykje. Heldigvis klarte eg å nyte det til det fulle. Den turen over den raude løparen kjem eg aldri til å gløyme. Tusen takk Haugesund! 🙂

6 dagar til Ironman 70.3 Haugesund

 Det byrjar å nærme seg veeeeldig. Eg er nervøs, men samtidig har eg senka absolutt alle forventningar. 

Eg har slitt mest med svømmingen, men etter crawlekurs i vinter, ein god del svømming ute i år, følte eg at eg hadde fullstendig kontroll.

Diverre skjer det noko i konkurranse. Pulsen hoppar i taket, halsen snører seg heilt igjen og eg får panikk. Eg hadde håpt dette var tilfeldig og at eg berre var veldig uheldig då det skjedde sist. Diverre skjedde det igjen i helga på Selje Challenge (racerapport kjem seinare, eg manglar bileter!), så no er eg ganske fortvila. Vil eg i det heile klare symjeetappen i Haugesund på 1900meter når eg såvidt overlevde 400 no i helga?
I tillegg har eg pga. sjukdom fått trent ALT for lite dei siste månadane. Syklinga er nok den som har lidd mest, og den etappen ein vil tape mest tid på. 90km på sykkel er jo faktisk ein del. Men: No er det for seint. No er det berre å møte opp og håpe på det beste.