Scottish halfmarathon racerapport

 

Vanskeleg å få tatt bilete, dette var eitt av dei få “vellukka”.

 
Laurdag var det klart for #Scottishhalf i Edinburgh. Vi visste lite om kva vi kunne forvente oss, anna enn ca. 3000 deltakarar, og ei flat, rask løype.

Vi møtte opp i GOD tid for å hente startnummer. Været vart rett og slett knallfint. Sola skinte og det var varmt og godt. Eg angra litt på at eg ikkje hadde med shorts, men var nøgd med å ha hugsa solbrillene! Dei kom godt med.

Vi hadde lada godt opp dagen før, med lasagne og sjølvsagt dessert. Eg gjekk for sjokoladekake:  

 Følte meg veldig bra, til tross for ein litt slunken frukost på hotellet. Engelsk frukost er litt for avansert for meg. Blodpølse, lizm? Eg heldt meg til toast og syltetøy. Hadde med meg ein Fresubin i tilfelle eg skulle kjenne eg trengte litt meir næring før start. I beltet hadde eg to Winforce-gel. 

Varma litt opp, og stod leeeenge i dokø. Så var det brått klart for start. God stemning!

  Eg stod i 1:48-gruppa. Noko ambisiøst, men eg meldte meg på i vår, så eg trudde jo faktisk eg ville vera der no i haust. Slik gjekk det ikkje…
Eg opna lett og ledig i 5:10-tempo. Måtte verkeleg halde igjen, for løypa var lettløpt, og enkelte sette opp eit voldsomt tempo. Var nede i 5:02 på andre km, men klarte å stabilisere meg på 5:10. Mot 10 km føltes kroppen utruleg lett og fin. Eg kjente meg rett og slett sterk. Prøvde å halde farten nede, sjølv om eg eigentleg hadde lyst å berre gasse på. Tok ein gel, viktig å fylle på FØR ein trur ein treng det. 11km på 5:12, 12km på 5:07, 13km på 5:10.

Vi sprang no langs kystlinja. Heilt fantastisk. Prøvde å nyte det alt eg kunne. 

 Etter å ha passert 13 km, kjente eg brått at noko ikkje stemte. Magen slo kolbøtte. Verkeleg ikkje bra. Kva gjer eg no? Vurderte å stoppe opp litt, men roa heller ned på tempoet. 14km på 5:33, 15km på 5:39. Så gjekk det berre nedover med tida. Brukte mykje krefter på å halde ut magesmertene, og eg stivna rett og slett heilt. Klarte aldri å få opp tempoet igjen, og kjente meg framleis ganske uggen. 

Men eg var nøgd likevel. Prøvde å gi litt på siste km, og fann ei med fin fart å ligge i ryggen på, det hjalp! Prøvde på ein liten innspurt, det gjekk tåleleg greit. Veldig glad då eg kom meg i mål. Ei stund var eg verkeleg redd for at eg skulle måtte bryte. 

Veldig kul medalje

Fekk t-skjorte og ein liten goodie-bag i mål. Prøvde å få i meg ein bar og litt mentos, men var veldig kvalm. Tida vart 1:53:43. Heilt greit. Ikkje så mykje å gjere med den. Veldig nøgd med løp og fart fram til magetrøbbelet. Sprang veldig jamnt, og det er jo bra! Samtidig var det jo ei flat og fin løype.

Trur disponeringen min var bra, men vanskeleg å vite når eg fekk trøbbel undervegs. Kunne jo kanskje gått på ein smell likevel? 

Eg er uansett ganske overbevist om at pers på halvmaraton kan komme i år likevel. Så no gledar eg meg til maratonkarusellen! Det er utruleg kjekt å kunne fokusere meir på løpingen no. Hadde gløymt kor mykje eg saknar det!

Etter løpet var det middag, og så måtte vi sjølvsagt innom ein lokal pub… 🙂 

Ein må alltid ha dessert…

  

Edinburgh by night

  
  

Alt i alt var det ein kjempefin tur. Tips til andre: Ha joggeskoa i handbagasjen. Ei i reisefølget var så uheldig å ikkje få kofferten sin, så ho måtte ut og kjøpe alt ho trengte til løpet…

Advertisements

Scottish half marathon here I come

  
I dag set vi oss på flyet og reiser avgarde til Skottland, nærare bestemt Edinburgh. “Vi” er ein gjeng løpevenninner, som har sprunge saman ei god stund no. Eg gledar meg som ein unge! Eg har aldri vore i Skottland før.

Det å kombinere ferie med løp, er heilt genialt. Eg har tidlegare vore med på halvmarathon i Paris og Amsterdam. Reiser du ned eit par dagar før, eller tilbake litt etterpå, får du tid til både springing og det å vera turist. Men eg vil ikkje anbefale å freiste å gå opp i Eiffeltårnet rett etter å ha sprunge. Det gjorde eg i fjor, og det endte med at eg nesten besvimte, for vi hadde ikkje ete skikkeleg etterpå (planlegg gjerne middag ganske kjapt etter løpet!). Bleik og svimmel måtte eg sende min dengang betre halvdel opp dei siste trappene medan eg kasta meg over ein belgisk vaffel dynka i Nutella frå ei bod under Eiffeltårnet. Classy. 

Uansett. Det er ei veldig spesiell atmosfære på løp med mange tusen deltakarar. Eg spring som regel med btc-skjorta mi, så då har eg norsk flagg på ryggen. Då er eg garantert å få tilrop frå andre nordmenn. 🙂

Eg er veldig spent på kva tid eg kjem til å havne på i dette løpet. I utgangspunktet var eg optimist, og skreiv meg inn på 1:48. Diverre er nok ikkje det oppnåeleg. Løpetreningen har fått lide dei siste månadane, og eg merkar at eg har blitt veldig treig. Samtidig har kroppen føltes veldig bra den siste tida, så eg lever jo i håpet om å i alle fall ikkje vera så veldig mykje over det.

Å springe i utlandet krev ikkje så mykje anna enn å springe innanlands. Nokre løp krev legeattest, men det står i såfall opplyst ved påmelding. Så er det berre å finne eit hotell i nærleiken, sjekke ut transportmåtar og finne startområde, opplysningar om henting av nummer osv.  

Bilete frå expoen i Paris i 2014


På løpet i Skottland, er det mogleg å levere inn tøy som du får ved målgang. Tommel opp for det. Eg tek alltid med meg nokre gamle filler eg ikkje er så redd for. I tillegg er det greit å ha ein ekstra genser ved start, som du kan kaste når du byrjar å springe. Eg tek med meg ein gamal Ulvang-gensar med malingflekkar. Her gjeld det å halde seg varm, ikkje å sjå bra ut.

Eg har pakka med meg litt ulike variantar av klede. Langarma, t-skjorte, løpevest, to tightsar, ein kort og ein lang, kompresjonsstrømper, panneband, treningstopp og to ulike oppevaringsbelter for mobil. Flip-belt og Spibelt. Har ikkje heilt bestemt meg for kva for eitt eg skal gå for…I tillegg har eg vanntett etui til mobilen. (Eg har allereie drukna ein iPhone, vil ikkje drukne ein til.) 

Praktiske løysingar for mobiloppbevaring


Ellers pakkar eg alltid joggesko i handbagasjen. Grunnen til det er jo hvis bagasjen skulle forsvinne, har du i allefall joggeskoa. Å springe i nyinnkjøpte joggesko anbefales ikkje. Alt utstyr må vera testa og utprøvd på førehand.

Kofferten er pakka, og eg er klar. Håpar berre ikkje mini har smitta meg med forkjølelsen sin…

  

  

Litt lei av trening..?

Akkurat no er eg nok litt treningslei. Eller i alle fall konkurranselei. Alle dei store måla er overstått, og eg kjenner at kroppen er sliten. I utgangspunktet skal eg vera med på Os Triathlon 6. september, men eg kjenner at lysta til å hive seg i våtdrakten er ganske så fråverande akkurat no. Samtidig er det jo eit veldig kjekt arrangement. Og eg har jo lyst å få det med meg. Helst også forbetre tida mi frå 2013 nokre hakk.  

Utesvømming fristar lite for tida…


I tillegg må eg byrje å springe meir. Scottish half marathon i Edinburgh nærmar seg med stormskritt. Det skulle jo bli ny pers, men løpeformen er dårleg for tida.

Og så burde eg gått meir i Stoltzen…Det tradisjonsrike løpet er jo også snart, 25. Og 26. september.

Så akkurat no er eg litt sånn: “Burde-burde”.

I dag skulle eg eigentleg vore med på gjennomgangen av Os Triathlon-løypa. Men eg hadde rett og slett verken ork eller lyst. Viktig å lytte til kroppen av og til, tenker eg. 

Men kva gjer eg då istadenfor? Jo. Eg går på BergenFitness. Finaste plassen med dei finaste folka.

   
 

I tillegg ser eg på bileter frå sommaren, for å minne meg på kor kjekt eg har hatt det, og alt eg har oppnådd. 

Låner dette biletet frå Finisherpix…

 
Satsar på at både hovud og kropp kjem på betre tankar etterkvart. Eg har kvilt meg godt den siste tida, men manglar framleis overskotet. 

Problemet er også at eg er grunnleggjande lat. Så det kan jo vera eg spelar meg sjølv eit puss. Det beste i verda er jo å ligge på sofaen med smågodt og sjå på seriar frå Netflix. 🙂

Jaja. Gledar meg til å vakne stiv og støl i morgon etter dagens sirkeltrening. Det var herleg å få svetta skikkeleg. Og å få gjort noko anna enn svømming, sykling og springing.

Ironman 70.3 Haugesund fullført

  
Det er nesten umogleg å setje ord på opplevingane førre helg. Det var berre kaos. Eg var kjempenervøs i dagesvis. Pakkingen vart unnagjort på fredag med dobbelt- og trippelsjekking. Livredd for å gløyme noko. 

 Vi skulle reise tidleg laurdag, og eg sov knapt den natta. Alt kokte i hovudet. Morgonen kom, og vi tok det med ro på turen nedover. Hadde bestemt oss for å stoppe undervegs, og sykle nokre kilometer av løypa, ein plass mellom 40-60km. Det var gull verdt på løpsdagen!

Vi åt litt lønsj, prøvde å slappe av. Sjekka inn, fekk startnummer osv. Eg hadde jo det beste startnummeret 🙂 

 Eg var LITT stressa av alle posane og alt kaoset og alt som skulle sorteres og leveres. Heldigvis vart alt grundig gjennomgått på race-briefingen. Då fekk eg roa meg litt. Det var rart å levere alt og sjekke inn sykkelen, men eg måtte jo berre stole på at alt var under kontroll og at alt ville ligge der dagen etter.

På kvelden var det middag med BTC-gjengen. Veldig koseleg! Kjekt å få snakka med andre som var omtrent like nervøse som meg. Vi kom oss tidleg i seng, og eg sov faktisk veldig godt den natta. Over all forventning!

Løpsdagen

Eg blir så nervøs og dramatisk før slike ting, og denne gongen var ikkje noko unnatak. Stakkars dei rundt meg…Men eg skulle faktisk vera med på mitt tøffaste triathlon nokon sinne. Og eg hadde ikkje peiling på om eg faktisk ville klare det.

Eg åt ein god frukost, og så gjekk vi ned til startområdet. Det krydde av folk, og stemningen var verkeleg til å ta og føle på. Eg hugsar eigentleg ikkje så mykje av kva eg gjorde, bortsett frå at eg stod i dokø i det som kjentes som fleire timar. Snakka litt med dei andre, men hadde eigentleg meir enn nok med meg sjølv. Det var fullstendig kaos i hovudet, men likevel følte eg meg roleg. Eg var klar.

Svømminga

Det eg har frykta i omtrent eit år (og eigentleg lenger enn det), var svømmeetappen 1900meter. Lenger enn eg nokon sinne har svømt. Eg har hatt store problemer med både å lære meg crawl, og det å ikkje få panikk under konkurransar. “Heldigvis” fekk eg panikk under forrige triathlon eg var med på, så eg tok meg ei økt saman med ein av trenarane i klubben nokre dagar før. Det var det smartaste eg nokon sinne har gjort! 

Planen var å gå heilt sist ut i vannet. Det kjentes rart å berre stå der medan alle andre kjempa seg uti. Samtidig var eg heilt roleg. I hovudet mitt bestod løypa av 3 stk 500meterar og ein liten innspurt på 400. Etter nøye inspeksjon av kart og løype dagen før visste eg sånn ca. kvar desse punkta var i løypa.

Så la eg på svøm. Sakte men sikkert. Heilt roleg. Venta på at pulsen skulle stige og panikken skulle komme. Men nei. Svømte forbi nokre brystsvømmarar. Hadde eg framleis kontroll? Ja. 500meter svømt. Såg at eg hadde brukt lang tid, men det skulle eg ikkje bry meg med. 1000meter. Herlighet! Dette går jo kjempebra! Konsentrer deg no. Svømte litt på, men då mista eg orienteringsevnen fullstendig. Brillene dugga, såg lite. Måtte spørre ei på brett uti løypa om eg såg riktig og at eg var på rett veg. Brått ser eg mål. Er det sant? Har eg klart det? Eg holdt på å byrje å grine av glede. Brått høyrer eg speakeren snakke om cut off- tid, og innser at eg ikkje har veeeeldig god tid på meg. Ville eg klare det? 

Få meter igjen. Er det verkeleg sant? Eg klarte det jo, eg er her, eg ser mål! Ropte til vaktene som skulle hjelpe oss opp: “Eg klarte det jo! Eg klarte det!” Hahaha. Forbi speakeren, feil veg! Var SÅ surrete! Folk ropte og heia, det å komme opp av vannet var som å komme i mål. Det var heilt sjukt!

Første skiftesone

Berre surr. Skjønte ingenting av kva nokon sa. Jentene som skulle dra av meg våtdrakten måtte omtrent legge meg i bakken før eg skjønte at eg skulle sette meg ned. Svimmel og overlukkeleg, og SURRETE. Fekk i meg næring, skifta til sykkeltøyet, droppa jakke, tok på lause armar. 

Sykkeletappen

Etter å ha overlevd svømminga innsåg eg no for første gong at eg faktisk måtte sykle 90km også. Det kom nesten litt overraskande på…Eg har aldri sykla så langt heller. I og med at eg har prioritert svømminga, har syklinga fått lite fokus. Og så tykkjer eg det er litt slitsomt å sykle ute i Bergen. Alle er jo så sinte…Men. Eg hadde jo eit visst grunnlag, og eg visste jo at dette kom til å gå bra. Dei første 30km gjekk leikande lett. Eg prøvde å ikkje slite meg ut. Diverre, rett før partiet vi hadde sykla gjennom dagen før, kjente eg ei stikkande smerte i kneet. Den ligna litt på smerten eg før har slitt med i kneet. Konklusjonen min var at eg har sykla for lite…Men, samtidig, no hadde eg kontroll. Eg sakka litt av, men måtte passe på at det ikkje gjekk FOR seint. Sidan eg brukte så lang tid på svømmingen kunne eg risikere å byrje å nærme meg cut off-tiden. Åt kvart 20/25 min etter planen. Prøvde å kose meg. Masse folk som heia i løypa. Kjempestemning! 

Undervegs vart eg heilt rørt. Eg kom jo til å klare dette! Det var ein vanvittig følelse. Kneet kjentes ok, men eg visste eg måtte ta det roleg for å klare springinga. Siste 20km var tunge. Men samtidig var det så lite igjen. Eg visste det kom ein stigning ved 80km, så fylte på godt med energi før det. Hadde med meg litt salt lakris som eg skulle få “lov” å ete når eg var lei av alt det søte klisset. 

Det er faktisk VELDIG utfordrande å få i seg nok næring under eit så langt løp. I alle fall for meg som veldig fort blir “matlei”. Vestlandslefser, energigels, energibarar og MASSE drikke skulle ned. Plutseleg var eg igjen ved skiftesona. Herlighet. Igjen. Overmanna over at eg faktisk kom til å klare det. Byrja å tenke på sluttid, men tok meg i det. Skulle ikkje tabbe meg ut no og springe for fort, gå på ein smell eller noko. No skulle eg berre i MÅL.

Løpeetappen

T2, eller den andre skiftesona gjekk lettare. Eg hadde bestemt meg for å byte sokkar. Uansett. (Viktig å være litt streng med akkurat slike ting.) Å springe med fuktige sokkar i 21,1km ville garantert gi meg gnagsår. Fekk på meg sko, drog av armane, snudde startnummeret, heiv innpå meir næring. Fekk til og med klokka til å virke. Greit å sjå hastighet medan ein springer. 

Byrja litt for hardt, som vanleg. Roa meg ned. Måtte konsentrere meg. Finne eit bra flyt-tempo. Det vart på rundt 6/6:30. Kjempeseint på eit vanleg løp, men i dag: Perfekt! 

Åt nok ein gel. Hadde to igjen. Skulle ta ein ved 10km. Men så kjente eg at det klarte eg berre ikkje. Det var masse drikkestasjonar, så eg stoppa på alle og tok eit glas energidrikk og eit glas vann på kvar. Fann ut at det fekk holde. I eit så roleg tempo burde det gå greit. Vanlegvis er eg streng med meg sjølv når det gjeld slikt, men denne dagen kjente eg faktisk at eg hadde fått nok. Ville ikkje risikere å spy heller. 

Løpingen var tung, og eg gjekk litt. Men samtidig var eg berre SÅ nøgd. Smilte og koste meg. FANTASTISK å springe gjennom sentrum! Sjuk stemning! Kneet kjentes fint, men eg turte ikkje auke farten. Møtte fleire i klubben på veg inn mot mål, og eg visste eg måtte springe ein heil runde til. Men det gjorde ingenting! Masse godord og heiing. Igjen vart eg kjemperørt, og måtte faktisk stoppe fordi det stokka seg heilt for meg. Kjente tårene pressa på.

Endeleg var begge strikkane på og eg skulle berre tilbake og så inn på den raude løparen. Augneblinken eg ikkje eingong hadde turt å håpe på var i ferd med å bli ein realitet. Kom over torget for siste gong og spurta ALT eg hadde. Hendene i været! Skreik og jubla! Eg KLARTE det! Speakeren lot seg begeistre og eg fekk skryt over høgtalaren for ein fantastisk finish. HERLIGHET for ein LYKKERUS! Eg KLARTE det!!! Sjukt, heilt vanvittig!

Så var det medalje, finisher t-shirt, hamburger og massasje. Komplett lukke, rett og slett.

  
Skulle så gjerne delt finisher-bileta mine, men eg har ikkje kjøpt dei enda. Dei får komme i eit seinare innlegg. 🙂

Eg er framleis overraska over at eg faktisk klarte det. Alt strevet, sjukdom, skade, alle tinga som har skjedd i livet mitt i løpet av 2014 og 2015. Og det symbolske i å klare dette. Det vart nesten for mykje. Heldigvis klarte eg å nyte det til det fulle. Den turen over den raude løparen kjem eg aldri til å gløyme. Tusen takk Haugesund! 🙂

Bergen City Marathon

  Trur sjeldan eg har vore SÅ avslappa før eit halvmarathon. Antakelegvis fordi eg visste innerst inne at eg ikkje var heilt klar for dette. 

Eg har jo konsentrert meg om å perse på 10km dei siste månadane, så eg har faktisk ikkje hatt meir enn 2 (!) turar over 10-12km i år.

Menmen. Her var det berre å snøre på seg joggeskoa og få jobben gjort.

Dagen før: Slappa godt av. Åt pasta, tok ein pitteliten øl og eit glas raudvin (dette er ingen tradisjon, og sikkert ikkje veldig smart, men eg var på Humorfest). Avslutta kvelden på sofaen med smågodt.

Morgonen før løpet: Eg skulle jo stå opp i gooood tid, ete ein gooood frukost og slappe av før eg reiste innover. Jah. Nei. Altså. Eg forsov meg (what else is new), måtte SPURTE til bussen, som stod der, men valgte å køyre likevel! Jaja. 30 min seinare enn planlagt var eg ved Vikinghallen for å levere tøy. Og FOR ein kø! Djiz! 

 Tilslutt måtte alle berre kaste frå seg posane og springe. Vi vart lova at det var MASSE doar nede på Bryggen. Det var vel å overdrive. 8 (?) toalett på fleire tusen deltakarar?!? Det endte opp med at eg tissa foran eit bygg, med utsikt til Vågen og der kom det jammen ein hurtigbåt køyrande saaaakte forbi medan eg sat og tissa. I tillegg fekk mannskapet på Statsraad Lehmkuhl seg ein GOD latter. Jaja. Må man, så må man!

Ferdig tissa og klar, stilte eg meg opp i pulja mi (litt ambisiøs då eg meldte meg på i fjor 1:45-1:50). Startskotet gjekk, og eg prøvde å ikkje byrje for hardt. Eg visste kor tungt det ville bli oppover, så her var det berre å halde igjen. Sprang roleg og hadde god flyt. Forbi Stoltzen kjente eg at eg kvidde meg litt for bakkane oppover, men så passerte eg ein treningskompis som ynskte meg lykke til, og SÅ høyrde eg plutseleg kubjeller! Kunne det være…? Jo, det var! Midt i den tyngste bakken stod mange smilande heiande Melkesyre-folk! Åh, det var så herleg! Så utruleg kjekt å verkeleg bli heia på! Det gav ein skikkeleg boost! 🙂

Bortover Fjellveien føltes beina fine. Eg såg på tiden at det gjekk litt seint, men samtidig var eg akkurat ferdig med den tøffaste delen av løypa. Plutseleg var eg komt til 10 km. Såg på klokka og trur den viste 55min. Oi, saaaakte! Jaja. Men alt føltes så bra. Tok første gel før drikkestasjonen, og følte meg framleis veldig pigg. Km-skilta kom brått så fort etterkvarandre! (Litt av forklaringa er jo at løyper går nedover akkurat der.) 

Eg hadde grua meg veldig til å komme ned til Store Lungegårdsvann, for der fekk eg det tungt i fjor! Men plutseleg var det nokon som ropte “Heia Janne!”. Der stod det jammen ein fin fyr i bunad og heia på meg. Så denne gongen smilte eg rundt heile vannet. Stor skilnad frå i fjor! 

Resten av løypa er ganske kjedeleg, og eg var eigentleg mest opptatt av å finne ut når eg skulle ta neste gel. “Eg føler meg jo så bra no, eg treng sikkert ikkje den!” “Jo, Janne. Det gjer du. Hugs korleis det gjekk i Jølster. Då gjekk du på ein smell NETTOPP fordi du tenkte slik som dette!” Så tok eg den siste gel-en. Men det kom jo aldri drikkestasjon! Så det var litt nedtur. Føltes som ein evighet før eg endeleg fekk skylt han ned.

Sprang med lette bein forbi staden der eg gjekk på ein alvorleg smell i fjor. Då gjekk eg, og ville eigentleg berre gi meg. Men så kom det ei venninne i BTC-som oppmuntra meg til å komme meg avgarde. Det var gull! I år var det min tur å oppmuntre dei som byrja å gå på samme plass. Det føltes godt! 🙂

  I år var eg også mykje meir ved bevissthet då eg sprang over Fisketorget, fekk eit heiarop til, og så var det berre å komme seg i mål. Eg prøvde å sette opp farten, men det var ikkje så veldig mykje guffe igjen. Men følte meg veldig bra då eg gjekk i mål. 1:54:07. Ikkje supert, men eg kan jo ikkje klage. Eg har ikkje trent nok på distansen. Tiden i fjor var 1:52:44, men opplevingane var som natt og dag. Tommelopp for BCM som arrangement og tusen takk til alle supporterane i Melkesyre. De er gull!
Påfyll etterpå er viktig. Burger var heilt rett valg etter 21km. 🙂

  

Aktiv påske



Endeleg påske og endeleg ferie! 🙂 

No har eg ikkje komt meg på fjellet riktig enda. Men snart…

Påsken skal nyttast til å slappe av, vera med familie og vener, og sjølvsagt ete litt påskesnop.

Samtidig prøver eg også så godt som råd å planlegge ein aktiv ferie. Eg tek med joggesko og treningstøy som vanleg. Ingen sykkel, men skia er sjølvsagt obligatorisk på påskeferie.



Å planlegge er jo alltid lurt. Kvar skal du vere, kor mange dagar skal du vera der? Og kva aktivitetstilbod finnes? Kva vær er det meldt? Har du ein treningskompis du kan lage avtale med?

Det blir nok mest ski denne påska, men eg må nok springe litt for å vera budd på kommande vekers utfordringar. Det er ikkje lenge igjen til Bergen City (halv) marathon, og så skal eg springe 10 km den 13. april. Då SKAL eg under 50-talet.

Håpar alle nyttar høvet til å vera ute, og særleg ute saman med familien. Få ting slår Kvikklunch med mini i solveggen. Om turen ikkje blir så lang, er ikkje så farleg. Det viktigaste er å vera ute saman.





Nytt år, nye moglegheiter!

Det er januar, og alle Noregs treningssenter fylles no opp av håpefulle, nyfrelste treningsentusiastar i skinnande nytt treningstøy.

Det er utruleg flott, og veldig bra. Men: Kva skjer? Jo, i februar/mars er nesten alle forsvunne. Nyttårsforsett er vel og bra, men veldig kortsiktig. I tillegg går alt for mange alt for hardt ut, og trener seg i hel dei første vekene. Kva skjer? Jo, dei går på ein smell. Går du frå tilnærma null til 5-6 treningar i veka, er det ikkje rart det går gale. Moralen er: Alt med måte.

Tenk langsiktig. Du skal finne noko du trives med i lang tid framover. Det er viktig å prøve ut nye ting, men ikkje overdriv…

Det er også viktig å sette seg mål med treninga. Kva vil du oppnå? Vil du ta 50kg i benkpress? Springe halvmarathon? Fullføre ein 5 km? Ny pers på 10 km? Eller vil du rett og slett berre komme deg i form?

Det er mange vegar til Rom, men det viktigste er at du finn din eigen veg. Og like viktig: Ta det med ro! Om du ikkje er vant til å trene før, får du gjerne ein veldig boost, og vil halde fram 7 dagar i strekk. Det er ikkje lurt. Du må halde tilbake, sjølv om du nærast føler suget etter joggeskoa.

Tenk langsiktig, tenk jamn progresjon. Og hugs å kvile mellom slaga. I tillegg er det viktig å variere treninga. Er du glad i å jogge, prøv likevel å trene litt styrke innimellom. Det forebyggjer skade og vil vera med på å gjera deg sterkare og raskare.

Eit godt tips hvis du vil byrje med styrketrening, er å ta nokre timar med personleg trenar, slik at du får inn god teknikk på dei ulike øvingane. Eg anbefalar jo sjølvsagt Janne og Fredrik på BergenFitness 🙂

Som Yngvar seier:

/home/wpcom/public_html/wp-content/blogs.dir/f9a/70640613/files/2015/01/img_7493.jpg

Håpar alle får eit fantastisk treningsår! 🙂

Racerapport Mizuno Halfmarathon Amsterdam

MizunoEndeleg var dagen komen. Eg var veldig mykje mindre nervøs denne gongen enn før tidlegare løp, naturleg nok. På grunn av skaden, har fokuset vore på å trene forsiktig, og sørge for at eg skulle klare å fullføre. Eg visste jo det var ein viss fare for at eg måtte bryte, dersom smertene kom tilbake. Natta før løpet drøymde eg at eg måtte bryte, og ikkje fekk medalje. Eg vakna heilt i frå meg. Kva om eg ikkje ville klare å fullføre!? Då merka eg at det å berre fullføre dette løpet ville bety mykje for meg.

Vi møtte opp i god tid. Været hadde vore upåklageleg heile helga, men akkurat då vi skulle gå frå hotellet, byrja det å regne. Det var berre lett duskregn, men likevel litt irriterande. Så kom i tillegg vinden. Jaja. Vi stod og hutra litt under tak, prøvde å drikke og gå på do. Det var greit med doar, ein del kø, men luksus samanlikna med Paris halvmarathon der det var sånn 10 doar fordelt på 5000. (No kidding.) MEN: og det er eit stort MEN: Dei hygeniske tilhøva var under ein kvar kritikk. Ikkje vann å vaske seg med på doen eller utanfor, heller ingen sprit eller noko som helst. Det var dritekkelt! Eg stod desperat og tørka meg på nokre halvvåte busker etter kvart besøk. Prøvde å ikkje ta på noko, og ikkje ta meg i ansiktet. Æsj. Det var rett og slett ikkje bra i det heile. Eit under hvis ingen vart alvorleg sjuke etter denne helga.

Tilbake til løpet. Strategien min var klar: Eg skulle springe SAKTE. Veeeeeldig SAKTE. Og det klarte eg. Låg på 5:20 dei første km, så litt raskare etter 5 km, då låg eg nærare 5:00 nokre km, så ned igjen på 5:20/ 5:30. Eg måtte heile tida kjenne etter om eg hadde vondt. Prøve å holde tilbake. Men mest av alt var eg lukkeleg. Eg var i Amsterdam, eg var i ferd med å springe min 5. og siste halvmarathon for i år, og det kjentes heilt fantastisk. Eg vinka, smilte og storkoste meg heile vegen.  Litt knoting på drikkestasjonane før eg skjønte systemet: Borda med energidrikk kom først, så vann. Brukte svampane vi fekk til å vaske henda. Det gjorde godt…Litt etter 10km fekk eg i meg ein Winforce, og vann. På ein av drikkestasjonane klarte eg å kaste eit halvfullt glass fra meg OPPÅ bordet med drikke. Sorry! Eg bomma…Skulle treffe under…

 

Det gjekk seint...Men det var planen!

Det gjekk seint…Men det var planen!

Løypa var flat og fin. Noko heilt anna enn Knarvik, for å sei det sånn. Masse folk, og god stemning. Temperaturen var kanskje 14-15 grader, litt vind, pittelitt regn, men eigentleg heilt optimalt. Møtte for første gang ikkje den berømte veggen, og vart eigentleg ikkje sliten før dei siste 2km. Då byrja eg å kjenne det i hoftene, knærne, ja…Over alt, eigentleg. Men tross alt. Eg hadde ekstremt få km i beina før dette. Ingen imponerande tider å syne til. Offisiell tid på 5km var 27:48, og 10km vpå 56:05min (langt bak pers, såklart), og Sluttid: 02:00:34. Jada. Kunne nok tatt inn dei 34 sek ein eller annan plass, men det spelar inga rolle: Eg fullførte! 🙂 Og best av alt: Foten fungerte heilt fint, både under løpet og etterpå. Som sagt før: Av og til er lukka betre enn forstanden…

FinishHahaha. Såg nok litt sliten ut her ja. Men for ei oppleving å springe inn på Olympiastadion til fullsette tribuner, og så vart eg intervjua ved målgang og vist på storskjerm! Wuhu! :p

Etterpå var det rett på hotellet, ein LAAANG dusj, så rett ut for å spise…

 

Medalje! SÅ nøgd!

Medalje! SÅ nøgd!

Racerapport: Knarvikmila

Endeleg var det tid for Knarvikmila. Heldigvis hadde eg gløymt kor tung den løypa er, ellers hadde eg definitivt grudd meg mykje meir…Dagsformen var heilt fin, kroppen kjentes bra, ingen ondter eller andre ting. Eg hadde vel eigentleg ingen plan, anna enn å få testa formen.

Startskotet gjekk, og eg hadde ei god kjensle. Musikk på øyret og energigel i lomma. Denne gangen hadde eg faktisk to: Ein Winforce og ein Energydrink. Betre føre var. For dei som ikkje kjenner til Winforce, kan eg anbefale å teste ut den. Den einaste gel-en magen min har tålt…Smakar kokos.

Dei første km gjekk greit, litt for fort, men det er utruleg vanskeleg å ta det med ro i byrjinga. Dette må eg definitivt jobbe meir med. Litt usikker på kva tid eg passerte 10 km på, men trur det måtte vera rundt 51 min. Litt for raskt. Samtidig skulle eg jo ha ny pers. Det var vel omtrent på 10km eg byrja å kjenne at det plutseleg verka ufatteleg langt å skulle springe 21km. Etter såpass mange 5km-løp, føltes det frykteleg langt. Hugsar ikkje heilt når eg tok gel-en, men trur det var rundt 11-12km. Rett før ein drikkestasjon, slik at eg kunne skylle den ned. Kjente det var godt med påfyll. Bomma nok litt med måltida denne dagen, det vart for mange timar frå frukost (den obligatoriske havregrøten) til løpet starta.

Knarvik2

Rundt 16km byrja det å bli tungt. Heiv innpå energidrinken (utblanda gel m/koffein). Den gav eit lite kick, så eg holdt humøret oppe. Siste del av løpet føltes som ein einaste stor oppoverbakke. Det var vel antakelegvis mest psykisk, men eg kan då ikkje hugse at løypa var så tung som dette…? Rundt 19km byrjar eg å kjenne noko i anklane/foten. Hm? Krampe? Prøver å ignorere. Så byrjar det plagsomme kneet å verke. Smertene blir verre. No verkar eg vel strengt tatt i heile høgre fot. Det er for kort igjen til å bryte. Bit tenna saman. På veg inn mot stadion, har eg mest lyst til å grine. Prøver å sette opp farten, men det er nesten omogleg å trakke på foten. Byrjar å halte. Kjempar meg i mål hinkande/haltande. Shit! Vondt! Setter meg ned. Er vant til at halvmarathon gjer vondt, men dette var vel kanskje ikkje heilt bra…? Tida vert 1:56:01. (Ja, det sekundet var jo litt irriterande, men uansett for dårleg tid til at det betyr noko.) Skuffa, men mest bekymra. Uansett: Knarvikmila er velorganisert og veldig kjekt! Eg kjem nok tilbake neste år. Einaste eg saknar er fartshaldarar, slik det var på BCM. Eg prøver jo å følge med på klokka, men etter sånn 13-14 km blir eg så susete i hovudet når eg skal rekne ut korleis eg ligg an, at det er heilt utruleg.

Medalje, YT-bar og...makrellfilet...

Medalje, YT-bar og…makrellfilet…

Søndagen gjekk eg tur på Fløien. Planen var å “walk it off”. Det gjekk dårleg. Endte med eit “kjapt” besøk på legevakta på mandag. Røntgenbileta kunne ikkje gje noko klart svar. Muligens tretthetsbrudd, muligens betennelse. Skulle kome innatt om ei veke om det ikkje gav seg. “Heldigvis” vart eg forkjøla også, så eg har brukt veka til å ligge strekt.

Rest-Ice-Compression-Elevation

Rest-Ice-Compression-Elevation

Så. Kva kan eg sei? Kjem sterkare tilbake! 🙂 Håpar berre eg klarar å ta det nok med ro, og vera forsiktig nok. Planen er å trene alternativt. Både sykling og svømming skal gå greit, så får eg prøve litt forsiktig styrketrening.