Ironman 70.3 Haugesund fullført

  
Det er nesten umogleg å setje ord på opplevingane førre helg. Det var berre kaos. Eg var kjempenervøs i dagesvis. Pakkingen vart unnagjort på fredag med dobbelt- og trippelsjekking. Livredd for å gløyme noko. 

 Vi skulle reise tidleg laurdag, og eg sov knapt den natta. Alt kokte i hovudet. Morgonen kom, og vi tok det med ro på turen nedover. Hadde bestemt oss for å stoppe undervegs, og sykle nokre kilometer av løypa, ein plass mellom 40-60km. Det var gull verdt på løpsdagen!

Vi åt litt lønsj, prøvde å slappe av. Sjekka inn, fekk startnummer osv. Eg hadde jo det beste startnummeret 🙂 

 Eg var LITT stressa av alle posane og alt kaoset og alt som skulle sorteres og leveres. Heldigvis vart alt grundig gjennomgått på race-briefingen. Då fekk eg roa meg litt. Det var rart å levere alt og sjekke inn sykkelen, men eg måtte jo berre stole på at alt var under kontroll og at alt ville ligge der dagen etter.

På kvelden var det middag med BTC-gjengen. Veldig koseleg! Kjekt å få snakka med andre som var omtrent like nervøse som meg. Vi kom oss tidleg i seng, og eg sov faktisk veldig godt den natta. Over all forventning!

Løpsdagen

Eg blir så nervøs og dramatisk før slike ting, og denne gongen var ikkje noko unnatak. Stakkars dei rundt meg…Men eg skulle faktisk vera med på mitt tøffaste triathlon nokon sinne. Og eg hadde ikkje peiling på om eg faktisk ville klare det.

Eg åt ein god frukost, og så gjekk vi ned til startområdet. Det krydde av folk, og stemningen var verkeleg til å ta og føle på. Eg hugsar eigentleg ikkje så mykje av kva eg gjorde, bortsett frå at eg stod i dokø i det som kjentes som fleire timar. Snakka litt med dei andre, men hadde eigentleg meir enn nok med meg sjølv. Det var fullstendig kaos i hovudet, men likevel følte eg meg roleg. Eg var klar.

Svømminga

Det eg har frykta i omtrent eit år (og eigentleg lenger enn det), var svømmeetappen 1900meter. Lenger enn eg nokon sinne har svømt. Eg har hatt store problemer med både å lære meg crawl, og det å ikkje få panikk under konkurransar. “Heldigvis” fekk eg panikk under forrige triathlon eg var med på, så eg tok meg ei økt saman med ein av trenarane i klubben nokre dagar før. Det var det smartaste eg nokon sinne har gjort! 

Planen var å gå heilt sist ut i vannet. Det kjentes rart å berre stå der medan alle andre kjempa seg uti. Samtidig var eg heilt roleg. I hovudet mitt bestod løypa av 3 stk 500meterar og ein liten innspurt på 400. Etter nøye inspeksjon av kart og løype dagen før visste eg sånn ca. kvar desse punkta var i løypa.

Så la eg på svøm. Sakte men sikkert. Heilt roleg. Venta på at pulsen skulle stige og panikken skulle komme. Men nei. Svømte forbi nokre brystsvømmarar. Hadde eg framleis kontroll? Ja. 500meter svømt. Såg at eg hadde brukt lang tid, men det skulle eg ikkje bry meg med. 1000meter. Herlighet! Dette går jo kjempebra! Konsentrer deg no. Svømte litt på, men då mista eg orienteringsevnen fullstendig. Brillene dugga, såg lite. Måtte spørre ei på brett uti løypa om eg såg riktig og at eg var på rett veg. Brått ser eg mål. Er det sant? Har eg klart det? Eg holdt på å byrje å grine av glede. Brått høyrer eg speakeren snakke om cut off- tid, og innser at eg ikkje har veeeeldig god tid på meg. Ville eg klare det? 

Få meter igjen. Er det verkeleg sant? Eg klarte det jo, eg er her, eg ser mål! Ropte til vaktene som skulle hjelpe oss opp: “Eg klarte det jo! Eg klarte det!” Hahaha. Forbi speakeren, feil veg! Var SÅ surrete! Folk ropte og heia, det å komme opp av vannet var som å komme i mål. Det var heilt sjukt!

Første skiftesone

Berre surr. Skjønte ingenting av kva nokon sa. Jentene som skulle dra av meg våtdrakten måtte omtrent legge meg i bakken før eg skjønte at eg skulle sette meg ned. Svimmel og overlukkeleg, og SURRETE. Fekk i meg næring, skifta til sykkeltøyet, droppa jakke, tok på lause armar. 

Sykkeletappen

Etter å ha overlevd svømminga innsåg eg no for første gong at eg faktisk måtte sykle 90km også. Det kom nesten litt overraskande på…Eg har aldri sykla så langt heller. I og med at eg har prioritert svømminga, har syklinga fått lite fokus. Og så tykkjer eg det er litt slitsomt å sykle ute i Bergen. Alle er jo så sinte…Men. Eg hadde jo eit visst grunnlag, og eg visste jo at dette kom til å gå bra. Dei første 30km gjekk leikande lett. Eg prøvde å ikkje slite meg ut. Diverre, rett før partiet vi hadde sykla gjennom dagen før, kjente eg ei stikkande smerte i kneet. Den ligna litt på smerten eg før har slitt med i kneet. Konklusjonen min var at eg har sykla for lite…Men, samtidig, no hadde eg kontroll. Eg sakka litt av, men måtte passe på at det ikkje gjekk FOR seint. Sidan eg brukte så lang tid på svømmingen kunne eg risikere å byrje å nærme meg cut off-tiden. Åt kvart 20/25 min etter planen. Prøvde å kose meg. Masse folk som heia i løypa. Kjempestemning! 

Undervegs vart eg heilt rørt. Eg kom jo til å klare dette! Det var ein vanvittig følelse. Kneet kjentes ok, men eg visste eg måtte ta det roleg for å klare springinga. Siste 20km var tunge. Men samtidig var det så lite igjen. Eg visste det kom ein stigning ved 80km, så fylte på godt med energi før det. Hadde med meg litt salt lakris som eg skulle få “lov” å ete når eg var lei av alt det søte klisset. 

Det er faktisk VELDIG utfordrande å få i seg nok næring under eit så langt løp. I alle fall for meg som veldig fort blir “matlei”. Vestlandslefser, energigels, energibarar og MASSE drikke skulle ned. Plutseleg var eg igjen ved skiftesona. Herlighet. Igjen. Overmanna over at eg faktisk kom til å klare det. Byrja å tenke på sluttid, men tok meg i det. Skulle ikkje tabbe meg ut no og springe for fort, gå på ein smell eller noko. No skulle eg berre i MÅL.

Løpeetappen

T2, eller den andre skiftesona gjekk lettare. Eg hadde bestemt meg for å byte sokkar. Uansett. (Viktig å være litt streng med akkurat slike ting.) Å springe med fuktige sokkar i 21,1km ville garantert gi meg gnagsår. Fekk på meg sko, drog av armane, snudde startnummeret, heiv innpå meir næring. Fekk til og med klokka til å virke. Greit å sjå hastighet medan ein springer. 

Byrja litt for hardt, som vanleg. Roa meg ned. Måtte konsentrere meg. Finne eit bra flyt-tempo. Det vart på rundt 6/6:30. Kjempeseint på eit vanleg løp, men i dag: Perfekt! 

Åt nok ein gel. Hadde to igjen. Skulle ta ein ved 10km. Men så kjente eg at det klarte eg berre ikkje. Det var masse drikkestasjonar, så eg stoppa på alle og tok eit glas energidrikk og eit glas vann på kvar. Fann ut at det fekk holde. I eit så roleg tempo burde det gå greit. Vanlegvis er eg streng med meg sjølv når det gjeld slikt, men denne dagen kjente eg faktisk at eg hadde fått nok. Ville ikkje risikere å spy heller. 

Løpingen var tung, og eg gjekk litt. Men samtidig var eg berre SÅ nøgd. Smilte og koste meg. FANTASTISK å springe gjennom sentrum! Sjuk stemning! Kneet kjentes fint, men eg turte ikkje auke farten. Møtte fleire i klubben på veg inn mot mål, og eg visste eg måtte springe ein heil runde til. Men det gjorde ingenting! Masse godord og heiing. Igjen vart eg kjemperørt, og måtte faktisk stoppe fordi det stokka seg heilt for meg. Kjente tårene pressa på.

Endeleg var begge strikkane på og eg skulle berre tilbake og så inn på den raude løparen. Augneblinken eg ikkje eingong hadde turt å håpe på var i ferd med å bli ein realitet. Kom over torget for siste gong og spurta ALT eg hadde. Hendene i været! Skreik og jubla! Eg KLARTE det! Speakeren lot seg begeistre og eg fekk skryt over høgtalaren for ein fantastisk finish. HERLIGHET for ein LYKKERUS! Eg KLARTE det!!! Sjukt, heilt vanvittig!

Så var det medalje, finisher t-shirt, hamburger og massasje. Komplett lukke, rett og slett.

  
Skulle så gjerne delt finisher-bileta mine, men eg har ikkje kjøpt dei enda. Dei får komme i eit seinare innlegg. 🙂

Eg er framleis overraska over at eg faktisk klarte det. Alt strevet, sjukdom, skade, alle tinga som har skjedd i livet mitt i løpet av 2014 og 2015. Og det symbolske i å klare dette. Det vart nesten for mykje. Heldigvis klarte eg å nyte det til det fulle. Den turen over den raude løparen kjem eg aldri til å gløyme. Tusen takk Haugesund! 🙂

Advertisements