Kompresjonsstrømper

  
Meiningane om diverse kompresjonstøy er mange og delte. Det skortar vel på eintydige vitskaplege bevis for at det faktisk fungerer. 

Sjølv tykkjer eg kompresjonsstrømper er ufatteleg deilig å ha på. Eg svergar til CEP sine, og vekslar mellom strømpene, og såkalla calfs eller “leggar”.

Reklamen lovar mellom anna auka blodgjennomstrømming, mindre stivhet og raskare restitusjon.

Når det gjelder kompresjonstights har eg aldri følt denne effekten, men eg meinar bestemt eg har god effekt av strømpene. No skal det seiast at eg slit litt med åreknutar osv, så det kan jo vera ein av grunnane til at eg kjenner meir effekt enn andre.

  Fordelen med calf-varianten, er at du kan bruke dine eigne løpesokkar. Hygienisk kan det kanskje også vera ein fordel, ellers må du vaske dei etter kvar gong, og då sliter du dei nok fortare ut.

Eg brukar omtrent alltid kompresjonsstrømper/leggar når eg trenar, konkurrerer osv. I tillegg brukar eg dei når eg flyr langt, og dersom eg er veeeldig sliten i beina, søv eg også med dei. (Men det er no heller sjeldan.)

Eg føler rett og slett at eg får “friskare” bein av å bruke dei. Eg føler meg ikkje så tung og sliten i beina etter ei økt, samme når eg er ute og flyr. Då kan eg bli plaga med hovne og trøtte bein, men ikkje når eg har kompresjon på.

Så det var dagens lille tips frå meg, med alle atterhald. Men det går jo an å forsøke, så ser du om det funkar for deg. 🙂