Kjære jenter…

Kjære unge, stressa, utslitte jenter. Beklagar å måtte sei det, men nokon har bløffa dykk.

I artikkel etter artikkel les eg om dei utslitte jentene, som jaktar på det perfekte, og føler seg stadig meir mislukka. Heilt seriøst. No må de gje dykk. Ingen er perfekte, og det er heller ingen som forventar at de skal være det. Isåfall har nokon lurt dykk. Kraftig.

Eller, er det slik at de har laga desse forventningane sjølve?

Kven har skulda? Er det foreldra? Foreldra med dei dyre jakkene, fine bilane, gode jobbane, som postar bilete av vinglass foran peisen etter dagens tomils løpetur?

Er det bloggarane? Dei perfekte jentene som har alt dei ynskjer seg og litt til? 

De må vakne. Det er ikkje ekte. Ingen kan sjå perfekt ut kvar dag. Bak eit flott bloggbilete står det 100 refuserte. Kva med redigering? Akkurat som motebransjen alltid har gjort. Men seriøst. De er jo smarte, heile gjengen. Dette veit de jo?

Ingen kan shoppe vesker til titusenvis av kroner samtidig som ein får seg ei utdanning med toppkarakterar. Med mindre, såklart, ein har foreldre som sponsar, eller ein deltidsjobb som gir maksimalt med inntekt for minimalt med jobbing. Men kor mange er så heldige? Seriøst. De veit jo at dette også er tull.

Ingen kan studere, jobbe, shoppe, trene, være sosial OG sjå perfekt ut kvar dag. Det er heller ingen som krever at du skal det. Trur de verkeleg det?

Samtidig nektar eg å tru at det var så mykje betre før. Det har alltid vore viktig å vera pen, vera flink på skulen og god i idrett. I tillegg har det alltid vore viktig å ha dei “rette” klærne. Men vi gjekk då ikkje under på grunn av dette? Vi kjempa og prioriterte, og kom oss gjennom.

Eg ser at jussen er ein av dei studiestadane der presset er verst. Slik var det då vitterleg då eg gjekk der også. Men eg hadde ein nyfødt baby då eg byrja, så eg valde vekk veldig mange ting å bekymre meg for. Eg prioriterte dottera mi aller først, så det å faktisk fullføre ei utdanning. For meg var det ein seier. Så mykje meir var det heller ikkje rom for. Men det var mitt valg. Eg også såg dei pene jentene med dei dyre veskene, med dei kule skoa og avocado og cottage-cheese til lunch. Men eg valde å ignorere det.

Eg såg også jentene som besvimte av utmattelse under eksamen. Så kanskje er ikkje presset så mykje større i dag, men fleire når fram med sine stemmer, sine historier. Blogg og sosiale medier gjer at fleire når ut til ei mykje større gruppe enn før. Kanskje er det også blitt lettare å faktisk sei at ein sliter.

Men dette “presset” verkar som noko ein sjølv har skapt. Alle snakkar om det, alle fryktar det. Men kva er det eigentleg? Heilt konkret? Og kvar kjem det frå? Ingen forventar jo at de skal vera perfekte. Det er jo heilt latterleg.

Til mi kjære dotter, og alle andre som veks opp i denne tydlegvis alt for krevjande tida: Ta livet tilbake. Ta kvardagen tilbake. Gode karakterar er viktig, men ikkje for ein kvar pris. Gode trenings- og kostholdsvaner er viktig, men ikkje overdriv! Dyre klær og vesker er ikkje og vil aldri bli viktig, punktum.

I tillegg består livet av så utruleg mykje meir. Dersom du i dag ikkje taklar å få ein B på eksamen, korleis skal du då takle dei verklege utfordringane i livet?

Dei kjem til å komme. Om du vil det eller ikkje. Dødsfall, ulykker, samlivsbrot, sjukdom og anna som vil kunne slå deg så hardt i bakken at du lurer på om du nokon sinne kjem til å klare å reise deg igjen.

Den dagen vil B-en, kampen for den perfekte kroppen, den dyre veska, ja eigentleg det meste, framstå som heilt ubetydeleg og fullstendig uviktig å kaste vekk tida på.

-Janne-

Advertisements

Litt lei av trening..?

Akkurat no er eg nok litt treningslei. Eller i alle fall konkurranselei. Alle dei store måla er overstått, og eg kjenner at kroppen er sliten. I utgangspunktet skal eg vera med på Os Triathlon 6. september, men eg kjenner at lysta til å hive seg i våtdrakten er ganske så fråverande akkurat no. Samtidig er det jo eit veldig kjekt arrangement. Og eg har jo lyst å få det med meg. Helst også forbetre tida mi frå 2013 nokre hakk.  

Utesvømming fristar lite for tida…


I tillegg må eg byrje å springe meir. Scottish half marathon i Edinburgh nærmar seg med stormskritt. Det skulle jo bli ny pers, men løpeformen er dårleg for tida.

Og så burde eg gått meir i Stoltzen…Det tradisjonsrike løpet er jo også snart, 25. Og 26. september.

Så akkurat no er eg litt sånn: “Burde-burde”.

I dag skulle eg eigentleg vore med på gjennomgangen av Os Triathlon-løypa. Men eg hadde rett og slett verken ork eller lyst. Viktig å lytte til kroppen av og til, tenker eg. 

Men kva gjer eg då istadenfor? Jo. Eg går på BergenFitness. Finaste plassen med dei finaste folka.

   
 

I tillegg ser eg på bileter frå sommaren, for å minne meg på kor kjekt eg har hatt det, og alt eg har oppnådd. 

Låner dette biletet frå Finisherpix…

 
Satsar på at både hovud og kropp kjem på betre tankar etterkvart. Eg har kvilt meg godt den siste tida, men manglar framleis overskotet. 

Problemet er også at eg er grunnleggjande lat. Så det kan jo vera eg spelar meg sjølv eit puss. Det beste i verda er jo å ligge på sofaen med smågodt og sjå på seriar frå Netflix. 🙂

Jaja. Gledar meg til å vakne stiv og støl i morgon etter dagens sirkeltrening. Det var herleg å få svetta skikkeleg. Og å få gjort noko anna enn svømming, sykling og springing.