Klar for 2016?

Klokka hadde såvidt bikka tolv før dei første artiklane låg på framsida av landets nettaviser: “I toppform på 6 veker”, “Gå ned 2 kilo i veka”, “Her er oppskrifta på flat mage” osv.

For det er i år det skal skje, er det ikkje?

Eg lagar meg aldri ei liste på nyttårsafta. For kva er eigentleg vitsen? Skal eg byrje 1. januar med å mislukkast? For eg går alltid i den same fella, og set meg alltid for høge mål. Det eg i staden har begynt med, er å bruke dei første vekene i det nye året til å tenke litt, kall det gjerne filosofering

Sjølv om nyttårsforsett kanskje er tåpeleg, er det noko med at eit nytt år faktisk kan gi deg kjensla av å starte med blanke ark.

Det eg lærte mest om i 2015, var kor mykje som kunne endrast berre ved å gå i seg sjølv, og gjere dei endringane ein faktisk ynskjer. Det høyres unektelig litt kvasi-psykologisk ut. Men det rare er at det er skremmande lett. Eller, det krever sjølvsagt mykje innsats i byrjinga, og at du blir meir bevisst på dine tankar og handlingar.

Det er faktisk aldri for seint å endre seg. Men som ellers i livet, er det enkelt for nokon, og vanskleg for andre. Men alle KAN. Spørsmålet er om du vil?

Du seier du vil trene meir, ete sunnare. Men så kjem februar og du er utslitt av å henge på treningssenter 4-5 gongar i veka. I tillegg er det møter og fotballtrening, og ferdigpizzaen lyser mot deg i frysedisken. Då er det lett å gi opp. Slutte å trene, gjeninnføre kvardagsgodt istadenfor laurdagsgodt og stadig velge hurtigmat til middag.

Men det må ikkje være sånn.

Det er heilt ok å ete usunn mat innimellom. Så lagar du den sunne maten når du har betre tid. Kanskje må du berre planlegge handlingen litt betre? Det er smart å identifisere kva som gjer at du stadig endar opp med å ta feil valg, ellers kjem du ingen veg. Kan ungane få ei skive og eit glas juice før treningen, så lagar du middag medan dei trenar, så er den klar til dei kjem heim?

Treningen. Likar du eigentleg å trene? Sidan du gir opp heile tida? Er du for ambisiøs? Trenar du for hardt når du først trenar? Kanskje er ikkje treningsstudio noko for deg. Men kva med ein tur på fjellet i nærleiken?

Trening må ikkje være “blodsmakikjeftenogtrangtilåspy”. Det kan være ein roleg kveldstur, sykkeltur med familien, og veldig mykje anna.

Du trenger ikkje sixpack. Men du treng ein tur ute i frisk luft. Det er godt for helsa. Så uendeleg mykje meir verdifullt enn mange trur.

Det er heilt flott å sette seg mål, meld deg gjerne på konkurransar, sleng deg med ei treningsgruppe. Men hugs at mål også kan og bør justeres i løpet av året. Dersom du ser at du ikkje lukkast, er det betre å justere målet, enn å gi heilt opp. Men hugs å lytte til deg sjølv og kroppen, og finne ut kvifor du ikkje lukkast.

Og dersom ting ikkje går som planlagt, er du ikkje mislukka av den grunn. Kanskje har du rett og slett planlagt for dårleg, eller du har berre ikkje funne “di greie”.

Men det viktigaste er at eventuelle endringar, må kome frå deg sjølv. Ikkje frå utsida. Endringar du gjer for andre sin del er omtrent umogleg å lukkast med, og gjer du det, endar du neppe opp særleg lukkeleg.

Vær nøgd med det du får til, innanfor dine eigne rammer. Ikkje samanlikn deg med andre. Konkurrer mot deg sjølv. Og ikkje vær misunneleg på andre, som kanskje på utsida ser ut til å lukkast betre enn deg sjølv. Då kastar du vekk veldig mykje energi du kunne brukt på deg sjølv.

Pass på å gi deg sjølv mange klapp på skuldra i 2016. Og aksepter at om ikkje alt er perfekt, så er det “godt nok”. Vær nøgd med å ha jogga 2,5km, sjølv om naboen sprang 21,1km, vaska huset og lagde ein fantastisk gourmetmiddag til familien etterpå. 

Det er deg og dine mål det handlar om, ingen andre.

Håpar 2016 blir året vi alle senker skuldrene litt, blir meir nøgd med oss sjølv og finner glede i dei små tinga.

Til slutt, eit lite tips:

Kjelde: Ukjent

Sorga

Den er vanskeleg å skildre. Den er unik, for den er di.

Lat ingen fortelje deg korleis di sorg skal bærast. Bær di sorg som du vil. Bær den med mot og styrke.

Nokon kallar den ei klo. Mi sorg er ein klump i bringa.

Somme dagar kjenner eg ikkje sorga. Men eg veit ho er der. Ei lukt. Eit minne. Brått er ho der. Det knyter seg i halsen. Ho veks som ein ballong. Presser slik på at eg mest ikkje får puste.

Mi sorg er ikkje større enn andre si. Men den er mi.

Eg dyrkar ikkje sorga. Men ho er der likevel. Sjeldan synleg for andre. Men nokre gonger brister det.

Sorga vil aldri bli ein ven, men vi følgjer kvarandre tett, eg og sorga. Ein gammal kjenning du helst ikkje vil treffe på. Men brått står ho der i døra.

Av og til let eg sorga sleppe inn. Eg let ho sakte krype opp i sofaen. Vi sit der saman, under teppet.

Nokre dagar reiser eg meg brått, og kastar ho ut. Måtte du aldri kome tilbake.

Men ho ligg der ein stad. Der ute i mørkret og ventar. Ventar til eg ikkje er klar.

Kom deg ut! Kan eg skrike. Men det hjelper så lite.

Sorga er mi, og eg må bære ho med meg.

Nokon ber si sorg som eit smykke. Så uendeleg vakkert, men så grusomt likevel.

Andre ber sorga som ein rustning. For å ikkje sleppe andre inn. 

Somme syner ikkje sorga. Men vi veit ho er der, vi kjenner ho igjen. Vi gir eit anerkjennande nikk. Du veit, vi veit.

Vi vil så gjerne hjelpe deg å bære, men veit at di sorg må du bære sjølv. For ho er di, og ingen andre si.

Sorga er over oss alle, nokre øyeblikk. Samtidig kan vi ikkje leve utan. For utan sorg hadde vi heller ikkje hatt glede.

Gleden jagar sorga vekk. Om enn for ei kort tid.

Bær di sorg som du vil og føler. Vær stolt av dine arr. For utan sorg, kan vi heller ikkje leve. 

Vi sit her i sofaen, eg og sorga. Eg prøver å overbevise ho om at det er på tide å gå.

Eg kjem att! Seier ho snurt, og går.

Eg veit.

Du kan invitere sorga inn. Men lat ho ikkje bli for lenge. 

Pass på at ho går igjen.