Eit forsøk på å oppsummere…

Herlighet, den siste tida har verkeleg berre  FLYDD avgarde. Det går i eitt. Difor får eg berre slå saman det meste her, og komme med eit lite oppsummeringsinnlegg.  

 Eg har trent styrke på jobb. ❤ Trening i arbeidstiden. 

 Eg har ete mange sjukt gode lunchar på jobb. ❤ Wilberg 

  Eg har lagd ei veldig god kyllingsuppe 
 Eg har vore på ein nydeleg fjelltur 

 
I tillegg har eg vore på årets første Nissemann. Det var veldig kjekt. Nissemann er Bergen Triathlon Club sin årvisse treningsform om vinteren. Vi møtes laurdag 08:30, så er det 2000m svømming inne på Studentsenteret, litt over to timar spinning, og så er det ut for å løpe ein liten tur på 11-12km. 🙂

Veldig kjekt opplegg! Eg var med på alt, men tok det litt roleg, og korta ned på løpeturen. Eg har ikkje følt meg heilt 100% den siste tida.

Mandag var det igjen klart for Vinterkarusellen. Eg kjente eg var veldig tung frå første steg, så eg skjønte fort at det ikkje ville bli nokon pers. 50:39. Blæh. Men med den treningsmengden eg har hatt dei siste vekene, kan eg ikkje klage. No er det tid for ei roleg veke.

Eg prøver å periodisere treningsvekene mine. Dette har eg lært av bloggen til Allan Hovda og hans nybyrjartips. Etter hans oppskrift køyrer eg fire vekers-syklusar der eg gradvis aukar belastninga i veke 1-2 og 3, før eg har ei rolig veke 4 med restitusjonstrening. Dette skal forhåpentlegvis gi eit større treningsutbytte.

Anbefaler bloggen til Allan Hovda for alle. Han er veldig flink og veldig pedagogisk: triallan.com

Eg har også byrja å bruke pulsklokka mi mykje meir aktivt, for å unngå å gå på ein “smell” slik som i sommar/haust.  

 Eg har ein Suunto Ambit 2 S eg er godt nøgd med. Eg kan nok ikkje alle funksjoner enda, men eg tykkjer den finn både puls og gps raskt og er veldig brukervennlig. Likar veldig godt appen!

Tykkjer Suunto Movie er kjempegøy

 Det krever jo litt meir tid å bruke slikt utstyr skikkeleg, overføre data, samanlikne, studere osv. Men samtidig kan det nok vera lurt for mange. Eg likar ikkje så godt å løpe med pulsbelte, men byrjar å venne meg til det etterkvart. I konkurransar droppar eg det, for det blir for mykje stress. Men eg brukar klokka for å måle fart og distanse.
Veldig klar for ei roleg veke no. Kanskje får eg til og med litt tid til overs slik at eg får ordna litt til jul…

Advertisements

Inspirerande løpetrening med Christina Vukicevic!

Eg var så utruleg heldig å vinne ein konkurranse på Instagram, og fekk vera med på løpetrening med Christina Vukicevic i regi av Sportsgalleriet. Ah. Det var kjempegøy! 🙂

  Litt mørkt i Hordnesskogen, men det gjorde ingenting.
Først varma vi opp litt, tøygde og så øvde vi på teknikk. Først ut var armane. Mange lar armane dingle frå side til side. Vi skulle øve på å ha dei godt inntil kroppen, 90 grader bøy, slappe av i skuldrane og la dei svinge fram og tilbake som ein pendel.

Fekk tips om å øve på dette foran speigelen for å rette på evt. feilstillingar.

Så var det haldning og høge kneløft som skulle øves på. Rett i ryggen, hoftene fram, og lande på forfot. Fokus på å få krafta i steget til å føre oss framover. Landar du med foten langt foran kroppen, bremsar du farten. Øvde på å lande steget rett under kroppen. Etterpå gjekk vi over til gåande utfall.

Så var det dags for sprint-intervallar. Ca. 60 meter (?). Fram og tilbake, med 20 sek pause. Ganske intensivt. Fekk tips og råd frå Christina undervegs. Innsåg at det var ganske vanskeleg å skulle springe veldig fort og fokusere på teknikk samtidig. Gløymde alt vi hadde lært om både armane og steget.

Så tok vi nokre spensthopp og tåhev før vi jogga roleg tilbake.

Alt i alt ei veldig kjekk økt, og veldig greit å få tips til teknikk. Skulle sjølvsagt ønske ein kunne få meir individuell rettleiing, men Christina gjorde ein kjempejobb. Og herlighet for ei pen dame! Ikkje lett å posere ved sidan av ho… :p  

 Kjempekjekk kveld, og veldig inspirerande! Kjem nok til å legge inn litt meir korte intervallar og teknikk i programmet mitt framover. Hadde heilt gløymt kor gøy det er å springe kort og raskt! 🙂

Vinterkarusellen

Det er tid for vinterens store happening på løpsfronten: Necon Vinterkarusellen.

Det er rett og slett eit løp som gjentek seg (karusell) ein gong kvar tredje veke utover vinteren. Ein kan velge mellom 10 og 5 km. Om eg ikkje tek heilt feil, er dette tredje året eg deltek. Det er verkeleg eit kjempearrangement, som berre har blitt meir og meir populært.

I går vart det i følge Kondis sett ny deltakarrekord, med over 1200 på startstreken: http://www.kondis.no/rekordmange-loepere-i-vinterkarusellen-i-bergen.5811268-127676.html

Målet mitt er, som vanleg, å komme under 50 minutt. Eg har ein pers på 10km på 50:00. Altså femtiBLANK. Det føles så meiningslaust. Eg har fleire gonger sprunge på rett over 50, og det går meg veldig på nervene. 😦 

Planen var å gå roleg ut, og auke etterkvart. Her er km-tidene mine frå Nike+ appen, som ikkje er heeeeilt nøyaktig på distansen. Men det gir jo ein viss peikepinn:  

   Ganske greit etter planen, men må nok justere litt. Prøver jo alltid å springe med såkalt “negativ split” dvs. Avslutte siste halvdel raskere enn den første. Det er vanskeleg. Kanskje særleg her? Problemet er at 10km løypa på vinterkarusellen har ein del stigning på slutten (trur Nike har juksa litt her også). Difor er i alle fall den siste km ganske så vanskeleg å springe raskare.

Eg følte meg piggoglett, offensiv og full av ungdommelig overmot. I alle fall fram til slutten av 8km. Så byrja det å gå litt trått. Rett før hadde eg nemleg gitt på litt ekstra for å springe forbi ein tightskledd midtlivskrisemann, og kosta på meg eit leikande, men kanskje hakket for arrogant “kom igjen” då eg passerte han. Lett som ein gazelle. Jadda! 

Kanskje uødvendig å seie at han tok meg igjen på flata litt seinare…

Siste km såg eg at eg var heilt på grensa til ny pers, men såg det var innafor hvis eg berre gav litt på. Prøvde, men plutseleg gjekk tiden så alt for fort! Gjennom maratontunnelen, ut på stadion, KOM IGJEN! Prøvde, prøvde, men neeeeiii. 50:07. Æsj. Jaja. Første løp. Det kan berre gå oppover.  

  

Scottish halfmarathon racerapport

 

Vanskeleg å få tatt bilete, dette var eitt av dei få “vellukka”.

 
Laurdag var det klart for #Scottishhalf i Edinburgh. Vi visste lite om kva vi kunne forvente oss, anna enn ca. 3000 deltakarar, og ei flat, rask løype.

Vi møtte opp i GOD tid for å hente startnummer. Været vart rett og slett knallfint. Sola skinte og det var varmt og godt. Eg angra litt på at eg ikkje hadde med shorts, men var nøgd med å ha hugsa solbrillene! Dei kom godt med.

Vi hadde lada godt opp dagen før, med lasagne og sjølvsagt dessert. Eg gjekk for sjokoladekake:  

 Følte meg veldig bra, til tross for ein litt slunken frukost på hotellet. Engelsk frukost er litt for avansert for meg. Blodpølse, lizm? Eg heldt meg til toast og syltetøy. Hadde med meg ein Fresubin i tilfelle eg skulle kjenne eg trengte litt meir næring før start. I beltet hadde eg to Winforce-gel. 

Varma litt opp, og stod leeeenge i dokø. Så var det brått klart for start. God stemning!

  Eg stod i 1:48-gruppa. Noko ambisiøst, men eg meldte meg på i vår, så eg trudde jo faktisk eg ville vera der no i haust. Slik gjekk det ikkje…
Eg opna lett og ledig i 5:10-tempo. Måtte verkeleg halde igjen, for løypa var lettløpt, og enkelte sette opp eit voldsomt tempo. Var nede i 5:02 på andre km, men klarte å stabilisere meg på 5:10. Mot 10 km føltes kroppen utruleg lett og fin. Eg kjente meg rett og slett sterk. Prøvde å halde farten nede, sjølv om eg eigentleg hadde lyst å berre gasse på. Tok ein gel, viktig å fylle på FØR ein trur ein treng det. 11km på 5:12, 12km på 5:07, 13km på 5:10.

Vi sprang no langs kystlinja. Heilt fantastisk. Prøvde å nyte det alt eg kunne. 

 Etter å ha passert 13 km, kjente eg brått at noko ikkje stemte. Magen slo kolbøtte. Verkeleg ikkje bra. Kva gjer eg no? Vurderte å stoppe opp litt, men roa heller ned på tempoet. 14km på 5:33, 15km på 5:39. Så gjekk det berre nedover med tida. Brukte mykje krefter på å halde ut magesmertene, og eg stivna rett og slett heilt. Klarte aldri å få opp tempoet igjen, og kjente meg framleis ganske uggen. 

Men eg var nøgd likevel. Prøvde å gi litt på siste km, og fann ei med fin fart å ligge i ryggen på, det hjalp! Prøvde på ein liten innspurt, det gjekk tåleleg greit. Veldig glad då eg kom meg i mål. Ei stund var eg verkeleg redd for at eg skulle måtte bryte. 

Veldig kul medalje

Fekk t-skjorte og ein liten goodie-bag i mål. Prøvde å få i meg ein bar og litt mentos, men var veldig kvalm. Tida vart 1:53:43. Heilt greit. Ikkje så mykje å gjere med den. Veldig nøgd med løp og fart fram til magetrøbbelet. Sprang veldig jamnt, og det er jo bra! Samtidig var det jo ei flat og fin løype.

Trur disponeringen min var bra, men vanskeleg å vite når eg fekk trøbbel undervegs. Kunne jo kanskje gått på ein smell likevel? 

Eg er uansett ganske overbevist om at pers på halvmaraton kan komme i år likevel. Så no gledar eg meg til maratonkarusellen! Det er utruleg kjekt å kunne fokusere meir på løpingen no. Hadde gløymt kor mykje eg saknar det!

Etter løpet var det middag, og så måtte vi sjølvsagt innom ein lokal pub… 🙂 

Ein må alltid ha dessert…

  

Edinburgh by night

  
  

Alt i alt var det ein kjempefin tur. Tips til andre: Ha joggeskoa i handbagasjen. Ei i reisefølget var så uheldig å ikkje få kofferten sin, så ho måtte ut og kjøpe alt ho trengte til løpet…

Scottish half marathon here I come

  
I dag set vi oss på flyet og reiser avgarde til Skottland, nærare bestemt Edinburgh. “Vi” er ein gjeng løpevenninner, som har sprunge saman ei god stund no. Eg gledar meg som ein unge! Eg har aldri vore i Skottland før.

Det å kombinere ferie med løp, er heilt genialt. Eg har tidlegare vore med på halvmarathon i Paris og Amsterdam. Reiser du ned eit par dagar før, eller tilbake litt etterpå, får du tid til både springing og det å vera turist. Men eg vil ikkje anbefale å freiste å gå opp i Eiffeltårnet rett etter å ha sprunge. Det gjorde eg i fjor, og det endte med at eg nesten besvimte, for vi hadde ikkje ete skikkeleg etterpå (planlegg gjerne middag ganske kjapt etter løpet!). Bleik og svimmel måtte eg sende min dengang betre halvdel opp dei siste trappene medan eg kasta meg over ein belgisk vaffel dynka i Nutella frå ei bod under Eiffeltårnet. Classy. 

Uansett. Det er ei veldig spesiell atmosfære på løp med mange tusen deltakarar. Eg spring som regel med btc-skjorta mi, så då har eg norsk flagg på ryggen. Då er eg garantert å få tilrop frå andre nordmenn. 🙂

Eg er veldig spent på kva tid eg kjem til å havne på i dette løpet. I utgangspunktet var eg optimist, og skreiv meg inn på 1:48. Diverre er nok ikkje det oppnåeleg. Løpetreningen har fått lide dei siste månadane, og eg merkar at eg har blitt veldig treig. Samtidig har kroppen føltes veldig bra den siste tida, så eg lever jo i håpet om å i alle fall ikkje vera så veldig mykje over det.

Å springe i utlandet krev ikkje så mykje anna enn å springe innanlands. Nokre løp krev legeattest, men det står i såfall opplyst ved påmelding. Så er det berre å finne eit hotell i nærleiken, sjekke ut transportmåtar og finne startområde, opplysningar om henting av nummer osv.  

Bilete frå expoen i Paris i 2014


På løpet i Skottland, er det mogleg å levere inn tøy som du får ved målgang. Tommel opp for det. Eg tek alltid med meg nokre gamle filler eg ikkje er så redd for. I tillegg er det greit å ha ein ekstra genser ved start, som du kan kaste når du byrjar å springe. Eg tek med meg ein gamal Ulvang-gensar med malingflekkar. Her gjeld det å halde seg varm, ikkje å sjå bra ut.

Eg har pakka med meg litt ulike variantar av klede. Langarma, t-skjorte, løpevest, to tightsar, ein kort og ein lang, kompresjonsstrømper, panneband, treningstopp og to ulike oppevaringsbelter for mobil. Flip-belt og Spibelt. Har ikkje heilt bestemt meg for kva for eitt eg skal gå for…I tillegg har eg vanntett etui til mobilen. (Eg har allereie drukna ein iPhone, vil ikkje drukne ein til.) 

Praktiske løysingar for mobiloppbevaring


Ellers pakkar eg alltid joggesko i handbagasjen. Grunnen til det er jo hvis bagasjen skulle forsvinne, har du i allefall joggeskoa. Å springe i nyinnkjøpte joggesko anbefales ikkje. Alt utstyr må vera testa og utprøvd på førehand.

Kofferten er pakka, og eg er klar. Håpar berre ikkje mini har smitta meg med forkjølelsen sin…

  

  

Korleis begynne å trene?

Eg omgir meg stort sett med folk som trenar MYKJE. Vi diskuterer trening, utstyr, skadar, og alt som høyrer til. Men så sit eg der i jobben på luch, på fest med venner, i middag med familien osv. og føler meg rett og slett ganske teit. Eg vil helst ikkje snakke om kor mykje eg trenar. Kvifor? Fordi folk ser på meg som eg har matrestar i trynet. Eit litt måpande blikk som lyser avsky.

Så då svarar eg kort, og skiftar emne ganske kjapt.

Mulig eg er paranoid, men av og til verkar det som om folk faktisk mislikar deg fordi du trenar. Ja, eg deler jo alt for mykje av mine glade treningsbileter. Men er det for å booste egoet mitt? Nei, ikkje eigentleg. Eg vil berre så gjerne at folk skal oppleve den gleden eg kjenner ved å trene.

Eg skjønar jo at det kan bli kvalmande. Glansa bileter av folk dryppande av sveitte med startnummer på brystet og medaljen i kjeften. “Alle” springer marathon og driver med triathlon. Gapet mellom dei aktive og dei inaktive har aldri vore større.

Facebookfeeden din er plutseleg full av liksom-toppidrettsutøvarar. No trenar tilogmed kjærestar saman. Biletteksten er den same “Kvalitetstid <3” Men biletet av to glas vin og kortreist økologisk biff er brått bytta ut med bilete av to omslynga par føter med joggesko på toppen av Stoltzen.

My ass. Å trene med kjærasten er aldri ein god idé. Med mindre ein er i NØYAKTIG like god form. Minst ein av dykk kjem til å bli furten eller dritsur. Konkurranseinnstinktet > kjærleiken. 

(Ja. Eg er bitter.)

Illustrasjonsfoto, sidan de sikkert treng avlastningen mellom all teksten…

 
Tilbake til poenget: Korleis byrje å trene? Og korleis kan ein minimere gapet mellom dei inaktive og dei overaktive?

Dei overaktive kan kanskje byrje å ta meir hensyn? Dempe seg litt? Og dei inaktive kan kanskje prøve å la være å bli provosert av dei overaktive? Eller skal vi prøve å leve godt, side om side? Kanskje kan vi møtast på midten ein plass?

Sanninga er at vi bevegar oss for lite som nasjon. Kor mange er eigentleg aktive 30 minutt om dagen?

Eg trudde eg var flink til å bevege meg i kvardagen. Men den avslørande helse-appen på iPhonen har synt meg noko heilt anna. Eg går alt for lite i løpet av ein dag! Dei dagane eg ikkje trenar, går eg frå senga til bilen, frå bilen til jobb, og tilbake igjen. Innom butikken, så finn eg sofaen. Galskap.  Då er det mykje betre å leve eit liv med meir kvardagsaktivitet.

Målet med bileta mine på Facebook og Insta, og målet med denne bloggen er ikkje å slå folk i hovudet mitt med “sjå kor flink eg er”, tvert i mot! Eg vil at fleire skal oppleve gleda ved fysisk aktivitet. Eg vil inspirere og motivere. Eg vil jo ikkje at folk skal tenke “det der blir for voldsomt”, det gidd eg ikkje.

Ein må heller ikkje gløyme at eg har trent i mange år. Men eg byrja ein plass eg også. Dei første joggeturane mine etter eg fekk dottera mi, var på knappe 3km. Men for meg var det meir enn nok! Slik heldt eg på. Veke etter veke, månad etter månad. År etter år. Prøvde meg på Sats, men kom aldri skikkeleg inn i rutinen.

Vendepunktet vart vel då eg byrja å melde meg på løp. Fanamilen, Ulriken opp osv. Etterkvart utvida eg sesongen, og byrja å springe på vinteren. Då meldte eg meg på Vinterkarusellen. Å ha eit løp å sjå fram tid har vore alfa og omega for mi trening. Veit eg at eg skal delta på noko, er det vansklegare å droppe treninga.

Men det er meg. Kva skal til for å få deg ut? Det veit du best sjølv. Likar du å springe? Ingen elskar det frå dag ein. Men så blir det ein vane, og før du veit det er vanen blitt til lidenskap. Det er heilt sant! 

Kanskje er ikkje jogging noko for deg. Ok. Kva med sykling? Spinning? Symjing?Saltimar på treningsstudio? Likar du best å trene saman med andre eller åleine? Styrketrening? Eg anbefalar sjølvsagt BergenFitness på det varmaste. Til alle. Uansett nivå.

Eller kva med å berre gå ein fjelltur. I byrjinga kan ein fjelltur i veka vera nok. Eller berre ein rundtur i nærmiljøet. Ikkje gjer det så veldig avansert. Men gjer det jamnleg. Ein gong i veka, så to. Få med deg ei venninne eller ein kompis. Så aukar du gradvis på etterkvart. Men ikkje overdriv! Det er lett å bli overivrig og gå på ein smell. Easy does it.

Sett deg mål. Springe 5 km neste sommer? Klare 10 armhevingar om 6 månader? Klare å sykle til og frå jobb utan å stryke med? Meir enn nok det. 

MEN: Finn deg eit konkret mål som motiverar deg. For du gjer dette for deg sjølv, ingen andre.

Litt lei av trening..?

Akkurat no er eg nok litt treningslei. Eller i alle fall konkurranselei. Alle dei store måla er overstått, og eg kjenner at kroppen er sliten. I utgangspunktet skal eg vera med på Os Triathlon 6. september, men eg kjenner at lysta til å hive seg i våtdrakten er ganske så fråverande akkurat no. Samtidig er det jo eit veldig kjekt arrangement. Og eg har jo lyst å få det med meg. Helst også forbetre tida mi frå 2013 nokre hakk.  

Utesvømming fristar lite for tida…


I tillegg må eg byrje å springe meir. Scottish half marathon i Edinburgh nærmar seg med stormskritt. Det skulle jo bli ny pers, men løpeformen er dårleg for tida.

Og så burde eg gått meir i Stoltzen…Det tradisjonsrike løpet er jo også snart, 25. Og 26. september.

Så akkurat no er eg litt sånn: “Burde-burde”.

I dag skulle eg eigentleg vore med på gjennomgangen av Os Triathlon-løypa. Men eg hadde rett og slett verken ork eller lyst. Viktig å lytte til kroppen av og til, tenker eg. 

Men kva gjer eg då istadenfor? Jo. Eg går på BergenFitness. Finaste plassen med dei finaste folka.

   
 

I tillegg ser eg på bileter frå sommaren, for å minne meg på kor kjekt eg har hatt det, og alt eg har oppnådd. 

Låner dette biletet frå Finisherpix…

 
Satsar på at både hovud og kropp kjem på betre tankar etterkvart. Eg har kvilt meg godt den siste tida, men manglar framleis overskotet. 

Problemet er også at eg er grunnleggjande lat. Så det kan jo vera eg spelar meg sjølv eit puss. Det beste i verda er jo å ligge på sofaen med smågodt og sjå på seriar frå Netflix. 🙂

Jaja. Gledar meg til å vakne stiv og støl i morgon etter dagens sirkeltrening. Det var herleg å få svetta skikkeleg. Og å få gjort noko anna enn svømming, sykling og springing.

Oppsummering Axtri

Då vi reiste frå Bergen tidleg fredags morgon, var eg ganske roleg. Eg visste at eg berre fekk gjere mitt beste, og sjå korleis det gjekk. Ein sykkeltur opp Aurlandsfjellet i sommar, avslørte det eg frykta: Eg sykla for seint.

Likevel hadde eg eit lite håp om at det kanskje kunne gå dersom eg gav alt eg hadde.

Kvelden før var prega av lett nervøs stemning, registrering og infomøte i idrettshallen i Aurland, før vi åt middag på Østerbø. Klargjeringa tok sin tid, alt måtte festast på, sorterast, organiserast osv. Eg var veldig redd for å gløyme noko.

Vi måtte opp ganske tidleg. Eg slepte meg opp, pakka dei siste tinga, og åt frukost. Åt for ein gangs skuld ganske mykje. 

Nede i skiftesona i Aurland, byrja nervene å komme. Noko som resulterte i spying bak bilen. Herleg. Sånn gjekk det med frukosten!

Eg var livredd for vanntemperaturen, som berre kort tid før hadde vore nede i 9 grader. Eg prøvde panisk å få lånt meg ei neoprenhette med hals dagane før, men konkluderte med at eg som lett kan få panikk i vannet, ikkje burde ha noko rundt halsen. Den vanlege neoprenhetta fekk halde.

Rett før start fekk vi vite at temperaturen var komt opp i 13/14 grader. Eg pusta letta ut. 

Eg somla som vanleg, og vart ikkje klar før rett før starten. Då alle fekk beskjed om å gå opp av vatnet, måtte eg berre ein liten tur ned i vannet for å kjenne på temperaturen. Det var iskaldt! 14 grader my ass. Det føltes meir som 11.

På med kvit vaselin på hender og kjake, så litt småtripping før kanonskuddet kom.

Roleg ut i vatnet, som vanleg. Mykje armar og bein. Kaldt. Iskaldt! Halde fokus no. Svømte bryst lenger enn planlagt, for brillene tok inn vann. Eg hadde fått badehetta innanfor. Litt knoting etter første bøye, så fekk eg dei endeleg til å sitte. Deretter crawla eg heile vegen med unntak av eit par tak rundt andre bøye. 

Fekk heilt grei flyt, hadde roen. Plutseleg smakte og lukta vatnet diesel! Æsj! Ok. Fokus. Snart framme no. Litt bølger på veg tilbake, men ikkje noko voldsomt. Prøvde å henge på ein fyr som svømte bryst. Ah, beina mine er iskalde! Til tross for neoprensokkar…Endeleg kom flagga.

Kom meg ikkje på beina på første forsøk. Heilt svimmel og ør. Måtte ha hjelp til å få av drakten, fingrane virka ikkje.

 

Foto: BTC/Axtri (Nokon som veit namnet på fotografen?)

 
  
Endeleg på land. Hadde bestemt meg for å ta det litt roleg i skiftesona, for å vera sikker på at eg fekk med meg alt. Næring, lause bein, jakke, hjelm, briller, panneband, you name it. Magen romla. Ikkje så rart. Frukosten låg jo igjen i ein dam bak bilen…

Endeleg kom eg meg ut av T1. 

Så var det sykling. Eg visste det ville bli tøft. Prøvde å halde farten oppe, men det gjekk seint. Speedometeret mitt sa takk for seg rett før start, men eg hadde gps-klokke på meg. Diverre visste eg at den ikkje ville ha nok batteri til heile etappen. Og eg måtte halde styr på klokka for å ikkje gå glipp av cutoff-tiden. 

Eg vart passert av i allefall 4 på vegen oppover. Dei sykla så lett og fint! Snart kom ei venninne syklande forbi. Eg visste ho var raskare enn meg, og at eg måtte klare å henge på ho for å nå tidskravet. Det gjekk greit ei lita stund, men plutseleg forsvann ho ut av syne. Jaja. Prøvde å trakke på vidare. Farten måtte ligge på 8-9km heile vegen opp om det skulle gå. Det var tungt. Mange gonger var eg under. Ved Stegasteinen såg eg at eg hadde brukt mykje mindre tid enn sist vi sykla, så eg var ganske positiv ganske lenge.

Mot toppen gjekk det lettare, for då visste eg at det snart ville bli flatare.

På toppen kom det endeleg litt utforkøyringar. Men i alle dager! Skikkeleg grusom motvind, og ein ekkel sidevind! Eg vart kasta til sida fleire gonger, og følte ikkje eg hadde kontroll i det heile. Ei ung jente passerte meg i full fart. Og forsvann…Eg skjønte at dette gjekk dårleg, men prøvde å halde oppe farten. 

Det var herleg å komme til matstasjonen. Bytta ut flaskene med Fresubin og energidrikk, og fekk ei ny med vann og ei med energidrikk tilbake. Åt eit halvt eple og litt chips. Tok ein sjokolade med meg i lomma. Så bar det nedover. Shit! Elendig asfalt. I tillegg byrja dei raskaste å komme oppover, og ikkje alle låg til høgre for å sei det sånn! Nokon låg tre i bredden. Flott det. Så eg turte ikkje køyre på for masse. Til trass for god merking, traff eg masse humpar. Fekk kjekke tilrop på vegen frå andre BTC-arar, det varma! Skjønte at eg låg laaaangt bak dei andre. Men måtte berre komme meg ned. 

Stoppa kjapt i Erdal for å ta av jakka, trekke ned beina og byte hanskar. Så fekk eg gulpa i meg ein gel. No byrja eg verkeleg å slite. Brekningsrefleksen vart utløyst kvar gong eg prøvde å putte noko i munnen. Prøvde alt. Lefse, sjokolade, nøtter, men nei…Det var slutt. Orka ikkje energidrikk heller. Berre vann. Så utruleg godt å få skylt munnen med reint vann. Skjønte at dette var ei oppskrift på katastrofe, men måtte berre fortsette. Angra på at eg ikkje hadde meir Fresubin, sjølv om eg heldt på å kaste opp av den også tilslutt. 

Det verka som evigheter mellom kvar hundrede høgdemeter. Det var grusomt. Det var varmt. Eg måtte tisse. 

Mot toppen såg eg at eg hadde brukt ALT for lang tid. Dette kom ikkje til å gå med mindre eg skjerpa meg. Tvang i meg sjokolade, litt sportsdrikk, og trådde vidare. Måtte ut i buskene for å tisse. Gjekk litt med sykkelen for å få igang igjen beina. Knea var såre, og kreftene forsvunne. 

Mot toppen kom han på matstasjonen ned til meg. Midt i den bratteste og lengste bakken. Det føltes godt. Fekk salttablettar og chips. Deilig! Kasta meg over den nyopna posen han kom med. Han spurte om eg kom til å rekke det. Eg sa nei. Han sa eg kunne sitte på nedatt. Eg sa nei. Eg skulle til T2. Uansett.

Etter å ha fått i meg mat, gjekk det litt betre. Men no sleit eg med motivasjonen. Det kunne jo ikkje gå. Men eg ville jo prøve likevel. Fortsatte vidare. Hugsar berre motvinden. Den grusomme motvinden. Alt gjekk så seint! Trudde aldri eg skulle komme over platået. Ca. Midt oppå fjellet gav eg offisielt opp. Det var slutt. Finito. Ikkje meir å gå på. Eg gjekk av sykkelen. Ville ikkje meir. Gjekk opp ein bratt bakke. Eg var tom.

Endeleg såg eg slutten på platået, og humøret kom seg. Det var godt å byrje utforkøyringa. Men vinden var ekkel i byrjinga! Fekk kontroll og køyrde roleg nedover. Trengte ikkje stresse, og det var godt. Hendene vart stive og vonde etter ein lang tur ned. Men eg orka ikkje køyre fortare. Kva var vitsen? 

Bilen stod i Aurland, og eg kunne stoppa der. Men sta som eg er, skulle eg til Vassbygdi og inn til T2. Då eg var komt halvvegs, angra eg slik at eg heldt på å byrje å grine. Tanken på å måtte sykle TILBAKE 8 km for å hente bilen var uuthaldeleg. Det vart ein lang tur inn til T2. Kom meg inn. Då var tidtakingsutstyret pakka vekk.

Det var litt fortvilande å stå der og sjå på vegen mot Aurlandsdalen og vite at eg ikkje ville få lov til å springe i mål på Østerbø. Menmen. Eg var klar over det, og førebudd på det. Eg var ikkje rask nok. Punktum.

Heldigvis fekk eg haik tilbake til Aurland. Det var fantastisk. (Håpar berre stakkaren rakk ferga si!) 

Østerbø. Måtte diverre ta bilen opp…

 

Den opprinnelege planen var jo å delta på Axtri i 2016. Så var eg så heldig å få ein billett! Eg skjønte jo at det var litt prematurt. Men eg prøvde likevel. Og eg klarte den berykta svømminga. Og eg klarte jo heile sykkeletappen! Men meir spesifikk trening må til. Samtidig veit eg no kva eg går til. Og no gledar eg meg verkeleg til neste år!

Ferietrening

  Nylagt asfalt rett oppom huset til mor og far passa jo perfekt for bakkeintervallar. 🙂 
Det er ferie, og kvile står på menyen. Samtidig må eg jo førebu meg på det h… eg skal gjennom i august. 

Syklinga er jo det eg må prioritere, diverre klarar eg ikkje meir enn 20-30 min før kneet berre hyler i protest. Skal inn å få sjekka om det er noko som kan gjerast med innstillinga på sykkelen, håpar det er så enkelt som det. 

  
Kneet er ellers heilt fint. Kjenner lite til det under jogging og fjellturar, sjølv om det protesterer bittelitt i nedoverbakkane.

Har valgt å køyre overgangøkter denne veka. Sykla intervallar i motbakke, så ein joggetur i middels tempo etterpå. Greit å venne beina til overgangen sykkel-løp. I dag vart det ein roleg sykkeltur på ca. 12km, dei siste km ganske bratt oppoverbakke.
Så vart det ein roooooleg joggetur på ca. 7 km innover i Henjadalen. Kjenner at kroppen framleis prøver å protestere når eg setter opp tempoet, litt sånn: “Skru på bremsene, no skal ho tvinge oss med på ein ny Ironman!” Så eg er vel kanskje ikkje heilt restituert enda, eller så er det berre kroppen som spelar meg eit puss…

  Planen var jo å ta meg nokre turar på Bjørgahaug. Men det går det jo jammen meg kyr! Mini vart livredd i går, og sjølv var eg noko skeptisk. Vi gjekk roleg oppover, og brått høyrer vi busker som knakar og ei vanvittig rauting. Eit besøk på ein gard på New Zealand for mange år sidan, lærte meg at enkelte kyr faktisk er onde. Så…No more Bjørgahaug på meg! Ok. Kanskje…Men då må eg jammen kvinne meg opp eit par hakk. Har ikkje lyst å få panikk oppi der, eg kunne finne på å kasta meg utfor ei skrent.

 Fekk også testa ut den iskalde Sognefjorden i dag. Fullstendig dekka av neopren, riktignok. Våtdrakt, sokkar, hanskar og to badehetter. Det vart ikkje lange turen. Klokka nekta å registrere distanse i dag, det var litt bummer. Men det var uansett ein kort tur. Det var rett og slett for kaldt. Og verre blir det i Aurland! I tillegg vart eg angrepen av måker. For det var ungar der. Flott det!
Kryssar fingrane for at eg får tilpassa sykkelen min i morgon, slik at kneet berre på magisk vis blir bra. 🙂

Ellers har det sjølvsagt også vore tid til kos:

 

Fresvik

  

Frøys hus

    
  
 

Ikkje heilt som planlagt…

Det er vel sjeldan livet går som planlagt. Men av og til blir det nesten litt for mykje av det gode…

Feber og tannverk har slått meg heilt ut. Eg fekk betennelse i tannkjøttet pga. visdomsjekselen min, og har knaska Penicillin og Paralgin Forte. Eg har våkna om natta på grunn av smertene. Aldri hadde eg trudd at ein slik liten filleting skulle slå meg sånn ut.

Men driten er ute, og det byrjar å bli betre. Kjennes ut som kjeven er forstua (det krevde litt brutalitet frå tannlegen å få tanna ut.) 

Eg har gått litt turar, men må stoppe undervegs, fordi høg puls får det til å dunke og verke som besatt.

Eg måtte droppe Ulriken Opp, og no blir det neppe heller Bergen-Voss på meg.

Men eg skal ikkje klage. Det kunne vore verre. Eg har hatt nokre fine dagar innimellom. 

 I dag er det første løp i Sommerkarusellen. Eg tel på knappane. Vil veldig gjerne vera med. Fornuften seier nei, men samtidig må eg snart komme i gang igjen.

Var på svømming i går, og det gjekk rimeleg greitt, sjølv om eg måtte ta det med ro. Er snart klar for å byrje utesvømmingssesongen. Det blir kaldt! 

Ironman Haugesund nærmar seg med stormskritt. Eg kjenner panikken byrjar å bre seg. Samtidig veit eg at eg har eit godt grunnlag. No må eg berre gjere ting riktig framover.