Ikkje heilt som planlagt…

Det er vel sjeldan livet går som planlagt. Men av og til blir det nesten litt for mykje av det gode…

Feber og tannverk har slått meg heilt ut. Eg fekk betennelse i tannkjøttet pga. visdomsjekselen min, og har knaska Penicillin og Paralgin Forte. Eg har våkna om natta på grunn av smertene. Aldri hadde eg trudd at ein slik liten filleting skulle slå meg sånn ut.

Men driten er ute, og det byrjar å bli betre. Kjennes ut som kjeven er forstua (det krevde litt brutalitet frå tannlegen å få tanna ut.) 

Eg har gått litt turar, men må stoppe undervegs, fordi høg puls får det til å dunke og verke som besatt.

Eg måtte droppe Ulriken Opp, og no blir det neppe heller Bergen-Voss på meg.

Men eg skal ikkje klage. Det kunne vore verre. Eg har hatt nokre fine dagar innimellom. 

 I dag er det første løp i Sommerkarusellen. Eg tel på knappane. Vil veldig gjerne vera med. Fornuften seier nei, men samtidig må eg snart komme i gang igjen.

Var på svømming i går, og det gjekk rimeleg greitt, sjølv om eg måtte ta det med ro. Er snart klar for å byrje utesvømmingssesongen. Det blir kaldt! 

Ironman Haugesund nærmar seg med stormskritt. Eg kjenner panikken byrjar å bre seg. Samtidig veit eg at eg har eit godt grunnlag. No må eg berre gjere ting riktig framover.

Advertisements

Sommerkarusellen

sommerkarusellen

Foto: Sommerkarusellen

 

sommerkarusellen2

Foto: Sommerkarusellen

Mandag vart det tid for årets siste sommerkarusell. Utruleg greit tilbod for å halde formen ved like i løpet av sommaren. Det var fem løp totalt, og eg deltok på alle. Utruleg kjekt arrangement! Løypa er på 5km og lettløpt. Det var difor gode moglegheiter for ny pers. Det lukkast eg med i første løpet, som var før sommarferien. Då sprang eg på 23:30. Dermed låg alt til rette for å jobbe seg ned mot 22-talet, som var målet. Så kom sommarferien, gitt! Sååå…Det gjekk diverre ikkje denne gongen. Tidene gjekk berre nedover etterpå. Men spring rimeleg jamnt. Så det er vel noko å ta med seg. Eg kjem sterkare attende neste år!

Litt av poenget med å springe såpass mange 5km løp, var også å jobbe med farten. For å perse på 10 km og halvmarathon, må eg rett og slett springe fortare. Så enkelt, men likevel så vanskeleg. Samtidig trur eg at desse løpa har gitt meg eit godt grunnlag å jobbe vidare med. Eg er veldig spent på korleis det vil gå på halvmarathon under Knarvikmila 6. september. Det vil vera ein god peikepinn på korleis eg ligg an før hovudmålet mitt i oktober: Amsterdam halvmarathon.

Håpar alle melder seg på neste års Sommerkarusell. Gneist gjer verkeleg ein knalljobb med dette arrangementet. Utruleg kjekt å sjå at så mange frivillige står på for å lage til eit så flott arrangement. Til og med været har vore upåklageleg alle gongene. 🙂 Alle som deltek på 4 av 5 løp, får medalje:

sommerkarusellmedalje

Bergen Fitness ❤