Å berre vera kvinne

Eg har aldri vore noko raudstrømpe. Heilt ærleg, har eg tykt dei verka noko mannevonde desse sv-damene med raudvinsglaset og økologiske bambus-klær.

Det har alltid framstått som veldig bittert og mannehatande.

Men så blir ein etterkvart litt meir vaksen, så opplever ein litt forskjellig, og tilslutt innser ein at dei faktisk har eit poeng.

Det er rimeleg naivt å tru at vi er likestilt i dette landet. Det er rimeleg naivt å tru at du som kvinne kan gjere akkurat det du vil. Det er rimeleg naivt å tru at du som kvinne ikkje vil verte forskjellsbehandla.

For uansett kva du gjer. Du vil alltid berre vera kvinne.

Hvis du trur eg bløffar, eller finner på dette, berre sjekk facebook og i kommentarfelta der ei kvinne har stukke seg fram. Det florerer jo av personhets. Særleg dersom det er ei kvinne som frontar ein upopulær sak.

Her i Bergen frontar byråd Anna Elisa Tryti frå Ap auken i bompengar. Eg oppfordrar alle til å lese kommentarane på nettavisene til sakene om bompengeauken, og lese på alle facebooksider og -innlegg. Det er forkasteleg og skamfullt.

Og kva med Lan Marie Nguyen Berg frå Miljøpartiet de grønne? Greitt nok at ein av og til kan vera ueinig i politiske synspunkt, men hadde debatten blitt like personleg, og hadde ho fått like mykje stygge kommentarar dersom ho var mann?

I tillegg er det denne seksualiserte hetsen. Den er det kun kvinner som får. Alt skal stappes i alle hull. Det er ufatteleg kva “vaksne” menn kan få seg til å skrive.

Eg tek meg i å undre korleis mødrene til desse mennene hadde reagert, dersom dei fekk vite om dette.

Vi lever så beskytta, vi kvinner i dag. Og vi har så stor valgfridom, at vi faktisk ikkje anar kva kvinnefrigjeringa betyr.

Så bortskjemte har vi blitt.

Vi sitter der på advokatkontoret, i sjefsstolen, i kassa på Rimi, i lastebilen, så stolte over å vera likestilte, så stolte over å kunne gjere som vi vil. Faktisk så ovenpå at vi hoverer rundt kvinnefrigjeringa og likestillinga. Meiner det har gått FOR langt. At det nesten er litt flaut å snakke om. For må vi snakke meir om det no?

Ja. Vi må det. Alvorleg talt. Ser de det eg ser? Leser de samme som meg? Leser de kva enkelte middelaldrande menn kunne tenke seg å gjere med desse kvinnene som stikker seg fram?

Føler du verkeleg du er heilt likestilt? At kva kjønn du har, verkeleg ikkje har noko å seie?

Kvifor fekk vi då hashtaggen #jegharopplevd? Og kva med slutshaming. Mansplaining. Stadig nye ord og uttrykk som berre skriker ut:

Beklagar. Men uansett kva du gjer. Du vil alltid berre vera kvinne.

Advertisements

Menn

Denne bloggposten handlar om menn. Snille menn. Slemme menn. Menn som ikkje heilt veit kva dei driv med – menn.

Til tross for korleis det kunne framstå i førre bloggpost, så har eg svært begrensa erfaring med menn.

Eg har hatt eit fåtall kjærestar, og omtrent ikkje vore på date.

Men: Eg treffer menn kvar dag. På bybanen, på jobb, på butikken, på uteplassar osv.
Menn er veldig forskjellige. Heilt klart. Men nokon fellestrekk har dei alle. 

Det største fellestrekket:

– Dei er enklare enn kvinner

Punktum.

Menn er rett og slett ikkje like kompliserte som kvinner.

Men dette er ikkje nødvendigvis berre negativt.

Lat meg kome med eit konkret eksempel:

Eg og mannleg kollega joggar. Mannleg kollega legg ut i eit høgt tempo (til trass for at eg er i langt betre løpeform. Men nok om det.) 

Mannleg kollega sakkar plutseleg tempoet drastisk. “Kva fan skjer?” seier eg. Mannleg kollega: “Herregud. Såg du ikkje ho i tights som stod og tøygde ut?”

Nei. Eg såg ikkje ho. 

Men kva skjer her? Kva er mekanismane? Og kva blir resultatet? 

Jo, mannleg kollega er godt nøgd resten av joggeturen og kanskje enda lenger etter synet av den tightskledde blonde skapningen som stod og tøygde ut.

Eg lurer oppriktig på korleis livet mitt hadde vore dersom eg kunne følt så mykje glede over ein så banal ting. Eg trur eg hadde vore mykje lukkelegare og eit mykje betre menneske. Rett og slett.

Men det var eigentleg ein type menn eg hadde tenkt å skrive om akkurat i dag. 

Den type menn som eg trur alle kvinner på eitt eller anna tidspunkt har vore borti. Hvis eg seier Big. Frå Sex og singelliv. Er eg ganske sikker på at veeeldig mange veit kva eg snakkar om.

Big har nemleg commitment-issues.

Eg trur dette er ei liding veldig mange menn har. Menn likar fridomen sin. Dei likar å kunne gjere kva dei vil, når dei vil. Menn er ikkje interessert i å lage avtalar og planlegge.

Kvinner lagar alltid unnskyldningar for slike menn. Dei bortforklarer og analyserer og tolkar. Diverre er det slik, i 99% av tilfella i alle fall, at “he’s just not that in to you”.

Ein mann som vil vera med deg, er ikkje tvetydig. Han treng ikkje analyse. Han treng ikkje forklarast og bortforklarast. Dette fordi menn er veldig enkle. Dei ser det dei vil ha, og tar det. Så slepper dei taket om det ikkje var så interessant likevel.

Kvinner klenger seg fast til håpet. Trur at det kanskje kan gå denne gongen. Tenker at han berre har nokre issues han treng hjelp til å komme gjennom.

I samtale med min mannlige kollega over ein kopp kaffi, fortalte han oppglødd om ei jente han er interessert i. Eg siterer: “…Og då hadde eg berre lyst å rive av ho tightsen med tenna.”

Eg satte nesten kaffien i halsen, og ropte: “Herregud, too much information!”

Men så diskuterte vi litt vidare. Eg snakka om ein fyr eg har chatta litt med, men at han rett og slett virkar mindre interessert, og at eg sakte, men sikkert byrjar å innsjå at han rett og slett ikkje er “that into me”.

Det var då hjartesukket mitt kom:

“Jammen, eg vil berre at han også skal føle det det sånn. At alt han vil er å rive av meg tightsen med tenna.”

For det er der eg tenker at engasjementsnivået bør ligge. At det ikkje skal vera nokon tvil om kor interessert ein er.

Men kvinner lagar unnskyldningar, forklaringar. Kanskje blir det betre denne gongen. Kanskje vil han ein dag våkne opp og skjønne at han elskar deg inn i evigheten.

Nei. Det fungerer ikkje slik. Menn fungerer ikkje slik. Men likevel held vi fram med å klamre oss fast. Klamre oss til håpet.

Det er på tide å sleppe taket no.

Det er grenser for kor mange unnskyldningar ein kan lage. Seriøst. Ingen har så mange issues. Du er rett og slett ikkje riktig kvinne for han.

Punktum.

Menn fungerer ikkje slik som kvinner, og vi må slutte å tillegge dei så kompliserte tankar som dei vi opererer med.

Men dette er sjølvsagt ikkje berre kvinnene sin feil. Mennene må også vera sitt ansvar bevisst her.

Mange menn trur at det er nok å sei “dette er ikkje riktig for meg”. 

Men i kvinner sitt hovud, betyr dette berre: “Han veit ikkje heilt kva han vil akkurat no.” “Han trenger berre litt tid.” “Han er livredd for å knytte seg til nokon.” “Han er redd for å miste meg, difor prøver han å skyve med vekk.”

Galskap? 

Nei. Heilt vanlege tankar hos ei ulukkeleg forelska kvinne.

Eg skulle ønske vi kvinner kunne slutte å lage oss slike illusjonar. Eg skulle ønske vi kunne slutte å la oss såre, gang på gang. 

Å la seg sjølv bli i eit slikt forhold, er som å frivillig la seg slepe bak ein bil i sakte fart. Til slutt vil det ikkje vera noko igjen av deg. 

Er du usikker på kva han føler? Er du i tvil?

Beklagar.

He’s just not that into you.

A Tinderella story

Av og til kjennes det som eg er fødd i feil tiår. Eg kjenner ikkje dei sosiale normene. Føler meg som ein framand.

Det blir veldig tydeleg for meg når det kjem til kjærleiken. Den vakre, altoppslukande kjærleiken. Den som vi alle forhåpentlegvis skal oppleve i alle fall ein gong i løpet av livet. Eller skal vi det?

Eg er usikker.

Eg er ein håplaus romantikar. Eg sluker amerikanske filmar og tv-seriar rått. Eit tilfeldig møte i ein tilfeldig by. Ein kopp kaffi, og DER. Drømmemannen. Ein berre veit det umiddelbart. Og alle heiar på dei. Alle heiar på kjærleiken. Uansett. Til tross for så mange uoverkommelege hinder, bakgrunn, alder, historie. Dei misser kvarandre kanskje litt undervegs, men så finn dei tilbake til kvarandre. Nettopp fordi dei var meint for kvarandre.

Dei som kjenner meg, veit at mine kjærleikshistoriar sannsynlegvis hadde gjort seg best mellom to permar. Moglegvis som dårleg kiosklitteratur, men likevel. Dei inneheld det meste. Utroskap, drama, ulukkeleg kjærleik, tragedier og med eit dash av krim.

Som ein håplaus romantikar, er det vanskeleg å skulle tilpasse seg dagens løysingar for å finne denne draumeprinsen. Etter skilsmissa, var eg på Tinder i sånn ca. 15 minutt. Lite visste eg at dette ikkje akkurat var ein app for å finne ein du ville dele resten av livet med, heller den neste halve timen. I rein panikk, kasta eg nesten mobilen ut av vinduet. (Den er arbeidsgjevarfinansiert, så glad for at eg faktisk ikkje gjorde det.)

Det finnes mange ulike appar og nettstader for dating. Eg tenker sjølvsagt at dette kun er noko for freaks og øksemordarar, men samtidig er jo EG der. Så då må vel det finnes nokon normale?

Eg er livredd og skeptisk på nett. Verkeleg.

Mitt andre forsøk så langt i livet innanfor datingapptesting er Happn. Ein kan bli paranoid av mindre. Den syner folk du har passert i løpet av dagen. Folk du går forbi, berre poppar opp. Eg kjem aldri meir til å gå på bybanen utan tung sminke og perfekt hår. Eg berre seier det.

Medan eg blar gjennom profilane, plasserer eg dei potensielle i to kategoriar. Den eine er «Han ser snill ut»-kategorien, den andre er (kanskje ikkje så overraskande) «potensiell øksemorder»-kategorien.

Det som er praktisk med datingappar, er at du kan lage til ein kort og heftig redigert profil. Eg har eit kornete bilete tatt på lang avstand. Men tenna mine ser i det minste kvite og fine ut. Tru meg. Eg badar i kompliment. Omtrent 80% kallar meg vakker (igjen, basert på det pittelille snevet dei ser av meg). Vakker. Sukk. Eg trur kanskje aldri eg har blitt kalt det IRL (in real life, noobs).

Det fine er at ein etter kvart kan byrje å tru på det.

Så der sit eg. Relativt smart, heilt ok utsjånad, aktiv og i god form, relativt god humor, tendenserar til artig, riktignok også ganske syrleg og sarkastisk, men det prøver eg å skjule så best eg kan.

Og eg lukkast. Ganske mange vil tydlegvis treffe den sterkt redigerte utgåva av meg.

Men det er jo her det byrjar å bli problematisk. For etter ein lett og ledig prat på nett, så skal du faktisk møtes. Eg kan faktisk ikkje tenke meg noko meir kleint. Det er så kleint at eg heller seriøst vurderer å få meg masse kattar og berre omfamne crazy catlady-livsstilen umiddelbart. Det vrenger seg i magen berre ved tanken. Ah.

Uansett. Du skal møtes. (Sjølvsagt etter ei grundig vurdering og frenetisk googling, for å utelukke at han er ein øksemordar.)

Du får ein date. Kanskje ein time. Det er som eit jobbintervju. Du MÅ prestere. Du MÅ vera sjarmerande. Du MÅ vera morosam, søt, smart. Men ikkje FOR smart. (Tru meg. Som jurist, er det mange menn som berre springer i rein frykt for at eg er smartare enn dei. Det er eg nok mest truleg. Men eg pleier å vera flink og høfleg nok til å skjule det.) Du må vera interessert, men ikkje FOR interessert. Du er jo IKKJE desperat!

Så då sit du der då. Med ein nervøs latter og lepper som klistrar seg til tørre tenner fordi du har smilt sjarmerande heile tida. Du er svolten, for du kunne jo faktisk ikkje ete. Han kan jo tru du kjem til å bli feit. Samtidig som du kjenner på den lett skuffande kjensla av at viss du no ikkje har prestert nok, så byttar han deg ut. Med eit sveip. Det står alltid minst ti andre klar til å hoppe inn.

Bruk og kast- samfunnet har fått ei ny meining. Ei trist ei. Vi kastar mennesker ut av livet vårt med eit lite sveip på telefonen. Eit lite trykk. Vi tar oss ikkje tid til å bli kjent. Vi dømmer etter utsjånad og ein kjapp speed-date.

Viss kjemien ikkje stemmer umiddelbart, er du ute.

For resten av livet.

kjole

Så var det slutt…

I alle fall for ei god stund.

Det har vore lite aktivitet på bloggen i den siste tida. Livet har komt i vegen, for å sei det slik.

Planen var å ha ein treningsblogg for å motivere meg sjølv og andre. Etterkvart kom behovet for å skrive meir om andre ting. Ting som har lagt i bakhovudet lenge, og som berre måtte ut.

Eg er framleis heilt forundra over kor mykje merksemd innlegget “Kjære jenter..” Fekk. Spalteplass i BT og så mange tusen treff at eg nesten har mista tellinga. Framleis blussar trafikken på dette innlegget opp, og det lever tydlegvis sitt eige liv.

Eg har alltid hatt behov for å skrive, men ser at det er svært forskjellig korleis folk tolkar det eg skriv. Noko er sjølvsagt rett frå levra, men andre ting er meir flyktige tankar som kanskje passar best å halde for seg sjølv.

Det har uansett vore utruleg spanande å faktisk bli lest av så mange.

Samtidig har det også dukka opp ein del absurde problemstillingar. Ting har blitt mistolka, og meiningane mine vridd på. 

Ein ukjent mann gav uttrykk for at han visste kvar eg hadde vore på tur dei siste vekene. Han visste også kvar eg skulle neste dag, og ville gjerne møtes (slik går det når du legg ut offentleg kva løp du deltek på). Eg kan le av det no, men eg var ikkje så høg i hatten då eg brått kjente at eg hadde litt vondt i halsen, og droppa løpet.

Enkelte har også gått litt vel langt i å analysere meg, noko som forsåvidt er forståeleg, men likevel føles underleg. 

Tekstar har blitt “stjelt” og gjengitt utan kreditering. Det siste  høyres nok rart ut at kan vera eit problem, men det har vore meir ubehageleg enn eg såg føre meg. “Det er jo mine ord! Kva gjer dei her?”

Noko må nok tilskrivast min naivitet og den krafta som faktisk ligg i å dele noko offentleg.

I tillegg har treningen har vorte veldig amputert i år, difor har eg hatt lite å oppdatere med på den fronten. Ein skada fot held meg framleis på sidelinja. Eg vonar likevel at eg vil klare å delta på mine to hovudmål, Ironman Haugesund og Axtri.

Livet kan rett og slett ikkje planleggast. Det er for flyktig og ustabilt til det. Av og til må ein berre halde seg fast og følge straumen.

Det er på tide å konsentrere seg om andre ting. Og bli litt meir privat, kjenner eg. Eg er ein av dei som verkeleg har utnytta sosiale medier, fordi det var det eg hadde behov for der og då. No er ikkje det behovet det lenger. I alle fall ikkje på same måte.

Samtidig er eg meir engasjert enn på lenge. Men dette engasjementet vil eg prøve å ta med meg til andre sider av livet mitt.

Eg har laga meg eit digitalt liv eg ikkje kjenner meg att i lenger. For all del, det har vore godt å ha, som eit skall.

Men no treng eg å berre vera meg sjølv ei lita stund.

Eg kan ikkje avslutte dette utan å takke alle som har fulgt meg på vegen. Herlighet! Så mykje positive tilbakemeldingar eg har fått. Det varmar! Verkeleg.

Bloggen, og dei fleste innlegga vil bli liggande ei stund til før eg slettar den heilt.

Takk for no!

-Jannesmil-

Klar for 2016?

Klokka hadde såvidt bikka tolv før dei første artiklane låg på framsida av landets nettaviser: “I toppform på 6 veker”, “Gå ned 2 kilo i veka”, “Her er oppskrifta på flat mage” osv.

For det er i år det skal skje, er det ikkje?

Eg lagar meg aldri ei liste på nyttårsafta. For kva er eigentleg vitsen? Skal eg byrje 1. januar med å mislukkast? For eg går alltid i den same fella, og set meg alltid for høge mål. Det eg i staden har begynt med, er å bruke dei første vekene i det nye året til å tenke litt, kall det gjerne filosofering

Sjølv om nyttårsforsett kanskje er tåpeleg, er det noko med at eit nytt år faktisk kan gi deg kjensla av å starte med blanke ark.

Det eg lærte mest om i 2015, var kor mykje som kunne endrast berre ved å gå i seg sjølv, og gjere dei endringane ein faktisk ynskjer. Det høyres unektelig litt kvasi-psykologisk ut. Men det rare er at det er skremmande lett. Eller, det krever sjølvsagt mykje innsats i byrjinga, og at du blir meir bevisst på dine tankar og handlingar.

Det er faktisk aldri for seint å endre seg. Men som ellers i livet, er det enkelt for nokon, og vanskleg for andre. Men alle KAN. Spørsmålet er om du vil?

Du seier du vil trene meir, ete sunnare. Men så kjem februar og du er utslitt av å henge på treningssenter 4-5 gongar i veka. I tillegg er det møter og fotballtrening, og ferdigpizzaen lyser mot deg i frysedisken. Då er det lett å gi opp. Slutte å trene, gjeninnføre kvardagsgodt istadenfor laurdagsgodt og stadig velge hurtigmat til middag.

Men det må ikkje være sånn.

Det er heilt ok å ete usunn mat innimellom. Så lagar du den sunne maten når du har betre tid. Kanskje må du berre planlegge handlingen litt betre? Det er smart å identifisere kva som gjer at du stadig endar opp med å ta feil valg, ellers kjem du ingen veg. Kan ungane få ei skive og eit glas juice før treningen, så lagar du middag medan dei trenar, så er den klar til dei kjem heim?

Treningen. Likar du eigentleg å trene? Sidan du gir opp heile tida? Er du for ambisiøs? Trenar du for hardt når du først trenar? Kanskje er ikkje treningsstudio noko for deg. Men kva med ein tur på fjellet i nærleiken?

Trening må ikkje være “blodsmakikjeftenogtrangtilåspy”. Det kan være ein roleg kveldstur, sykkeltur med familien, og veldig mykje anna.

Du trenger ikkje sixpack. Men du treng ein tur ute i frisk luft. Det er godt for helsa. Så uendeleg mykje meir verdifullt enn mange trur.

Det er heilt flott å sette seg mål, meld deg gjerne på konkurransar, sleng deg med ei treningsgruppe. Men hugs at mål også kan og bør justeres i løpet av året. Dersom du ser at du ikkje lukkast, er det betre å justere målet, enn å gi heilt opp. Men hugs å lytte til deg sjølv og kroppen, og finne ut kvifor du ikkje lukkast.

Og dersom ting ikkje går som planlagt, er du ikkje mislukka av den grunn. Kanskje har du rett og slett planlagt for dårleg, eller du har berre ikkje funne “di greie”.

Men det viktigaste er at eventuelle endringar, må kome frå deg sjølv. Ikkje frå utsida. Endringar du gjer for andre sin del er omtrent umogleg å lukkast med, og gjer du det, endar du neppe opp særleg lukkeleg.

Vær nøgd med det du får til, innanfor dine eigne rammer. Ikkje samanlikn deg med andre. Konkurrer mot deg sjølv. Og ikkje vær misunneleg på andre, som kanskje på utsida ser ut til å lukkast betre enn deg sjølv. Då kastar du vekk veldig mykje energi du kunne brukt på deg sjølv.

Pass på å gi deg sjølv mange klapp på skuldra i 2016. Og aksepter at om ikkje alt er perfekt, så er det “godt nok”. Vær nøgd med å ha jogga 2,5km, sjølv om naboen sprang 21,1km, vaska huset og lagde ein fantastisk gourmetmiddag til familien etterpå. 

Det er deg og dine mål det handlar om, ingen andre.

Håpar 2016 blir året vi alle senker skuldrene litt, blir meir nøgd med oss sjølv og finner glede i dei små tinga.

Til slutt, eit lite tips:

Kjelde: Ukjent

Sorga

Den er vanskeleg å skildre. Den er unik, for den er di.

Lat ingen fortelje deg korleis di sorg skal bærast. Bær di sorg som du vil. Bær den med mot og styrke.

Nokon kallar den ei klo. Mi sorg er ein klump i bringa.

Somme dagar kjenner eg ikkje sorga. Men eg veit ho er der. Ei lukt. Eit minne. Brått er ho der. Det knyter seg i halsen. Ho veks som ein ballong. Presser slik på at eg mest ikkje får puste.

Mi sorg er ikkje større enn andre si. Men den er mi.

Eg dyrkar ikkje sorga. Men ho er der likevel. Sjeldan synleg for andre. Men nokre gonger brister det.

Sorga vil aldri bli ein ven, men vi følgjer kvarandre tett, eg og sorga. Ein gammal kjenning du helst ikkje vil treffe på. Men brått står ho der i døra.

Av og til let eg sorga sleppe inn. Eg let ho sakte krype opp i sofaen. Vi sit der saman, under teppet.

Nokre dagar reiser eg meg brått, og kastar ho ut. Måtte du aldri kome tilbake.

Men ho ligg der ein stad. Der ute i mørkret og ventar. Ventar til eg ikkje er klar.

Kom deg ut! Kan eg skrike. Men det hjelper så lite.

Sorga er mi, og eg må bære ho med meg.

Nokon ber si sorg som eit smykke. Så uendeleg vakkert, men så grusomt likevel.

Andre ber sorga som ein rustning. For å ikkje sleppe andre inn. 

Somme syner ikkje sorga. Men vi veit ho er der, vi kjenner ho igjen. Vi gir eit anerkjennande nikk. Du veit, vi veit.

Vi vil så gjerne hjelpe deg å bære, men veit at di sorg må du bære sjølv. For ho er di, og ingen andre si.

Sorga er over oss alle, nokre øyeblikk. Samtidig kan vi ikkje leve utan. For utan sorg hadde vi heller ikkje hatt glede.

Gleden jagar sorga vekk. Om enn for ei kort tid.

Bær di sorg som du vil og føler. Vær stolt av dine arr. For utan sorg, kan vi heller ikkje leve. 

Vi sit her i sofaen, eg og sorga. Eg prøver å overbevise ho om at det er på tide å gå.

Eg kjem att! Seier ho snurt, og går.

Eg veit.

Du kan invitere sorga inn. Men lat ho ikkje bli for lenge. 

Pass på at ho går igjen.

Å gå viralt over natta…

Det er kjekt å skrive. Kjekt å ha ein blogg. I går skjedde det som forsåvidt sikkert mange håpar på: Det eine innlegget mitt vart plukka opp av eteren. Kjempekjekt, men samtidig visste eg at det kom til å kome kritikk.

Eit blogginnlegg skribla ned på kveldstid etter ein lang dag på jobb og trening blir aldri det same som ein artikkel skriven av noko som har førebudd seg, gjort bakgrunnsjekkar osv. Samtidig meiner eg at nettopp det må vera poenget med ein blogg. Litt meir fri dressur.

Veldig mange kommentarar er veldig positive. Innlegget er lest av over 27.000, delt av uendeleg mange på facebook, likt av 1100 på bt si side på facebook, 60.000 treff på bt.no. 

Men så er det den lille håndfullen med negative kommentarar. At eg no er med på å hetse desse stakkars jentene, at eg legg ein større byrde til deira belastning med å bruke peikefingeren, at eg brukar innlegget til å framheve meg sjølv (den var ikkje så veldig sårande), at det er strengare krav til karakterar no for tiden for å få jobb (saksopplysning: eg gjekk ut i 2011, og var også arbeidssøker på nytt med lite jobberfaring i 2012/13, det er ikkje så veldig lenge sidan.) 

Innlegget er skriven med tanke på litt eldre jenter enn kanskje dei som har reagert mest. Samtidig står eg for det eg seier, så får folk tolke det slik dei vil. Men det er viktig for meg å få formidle at det var meint som eit hjartesukk, ikkje ein peikefinger.

Hvis de les det neste innlegget med diktet “Dans dotter mi, dans” ser de kanskje betre kva setting det var skrive i.

I tillegg har teksten sine åpenbare manglar, og eg har hellet ikkje brukt mykje tid på sosiale medier si rolle osv. Men det er også bevisst. I tillegg har eg formulert meg litt vel bastant enkelte stader, men igjen. Det er ein blogg, ikkje ei vitskapleg avhandling.

Men det som eg tykkjer er vanskeleg å oversjå er alle som kommenterer at: Jammen vi må ha kjempegode karakterer. Ja. Hvis du skal bli akkurat det du ønskar, kanskje? Skal du bli lege, må du ha matte, fysikk og kjemi. Og veldig gode karakterar. 

Men: om du sliter deg sånn ut at du held på å gå i bakken i jakten på desse karakterane, så burde du kanskje bli noko anna? Og: Er ein då i det heile eigna til å vera i eit slikt yrke?

I dag kan alle bli akkurat det dei vil, men ikkje alle skal bli alt. Det må vi være ærlege på. Konkurransen er større, ja. Men det har også festa seg ein oppfatning av at ein berre kan skli gjennom studiene og lande drømmejobben, berre ein har gode nok karakterer. Snart er den tida forbi. I dagens arbeidsmarknad er ein mastergrad ikkje lenger nokon garanti for jobb. For mange tar for lang utdanning. Ikkje alle kan bli akademikarar. 

Det vil bli tøffare tider framover, og alle må innstille seg på at ein kanskje ikkje kan bli akkurat det ein vil. Men då må ein tenke nytt, finne nye draumar, og tenke at uansett kvar eg endar opp, så er eg faktisk god nok. For det er du, utan tvil.

Dans dotter mi

Tusen takk for all respons på førre blogginnlegg! Det er tydleg at dette er noko som engasjerer. Sjølv er eg så heldig at eg har ei fantastisk lita jente som etterkvart skal bli sjølvstendig og kaste seg ut i det nye og ukjende.

Eg håpar eg kan gi ho nok ballast på vegen til at ho blir trygg, sterk og sjølvstendig. 

Eg veit jo at ho skal oppleve mykje glede, men også mykje sorg. Det gjer vondt i mammahjertet å tenke på. Samtidig vil alt dette gjere henne sterkare, og det treng ho. For livet er ikkje alltid like enkelt.

Når ho blir litt eldre, skal eg få ramma inn dette diktet av Bente Bratlund Mæland og gi det til ho:

Dans dotter mi

Ta på dei raude

danseskorne dotter mi

og dans

La ingen få knebla

din song eller

hemma din draum

Dans dotter mi

Dans

Grip dagen

og fyll han

med din styrke

Vakker er du

Slå vakt om

grensene dine

Vent ikkje på å

bli vald av livet

Velg sjølv

Av Bente Bratlund Mæland

Igjen: Utruleg kjekt med så stor respons på førre innlegg. Denne bloggen handlar jo eigentleg om trening, men av og til må ein jo kunne skrive om litt andre ting.

  

Kjære jenter…

Kjære unge, stressa, utslitte jenter. Beklagar å måtte sei det, men nokon har bløffa dykk.

I artikkel etter artikkel les eg om dei utslitte jentene, som jaktar på det perfekte, og føler seg stadig meir mislukka. Heilt seriøst. No må de gje dykk. Ingen er perfekte, og det er heller ingen som forventar at de skal være det. Isåfall har nokon lurt dykk. Kraftig.

Eller, er det slik at de har laga desse forventningane sjølve?

Kven har skulda? Er det foreldra? Foreldra med dei dyre jakkene, fine bilane, gode jobbane, som postar bilete av vinglass foran peisen etter dagens tomils løpetur?

Er det bloggarane? Dei perfekte jentene som har alt dei ynskjer seg og litt til? 

De må vakne. Det er ikkje ekte. Ingen kan sjå perfekt ut kvar dag. Bak eit flott bloggbilete står det 100 refuserte. Kva med redigering? Akkurat som motebransjen alltid har gjort. Men seriøst. De er jo smarte, heile gjengen. Dette veit de jo?

Ingen kan shoppe vesker til titusenvis av kroner samtidig som ein får seg ei utdanning med toppkarakterar. Med mindre, såklart, ein har foreldre som sponsar, eller ein deltidsjobb som gir maksimalt med inntekt for minimalt med jobbing. Men kor mange er så heldige? Seriøst. De veit jo at dette også er tull.

Ingen kan studere, jobbe, shoppe, trene, være sosial OG sjå perfekt ut kvar dag. Det er heller ingen som krever at du skal det. Trur de verkeleg det?

Samtidig nektar eg å tru at det var så mykje betre før. Det har alltid vore viktig å vera pen, vera flink på skulen og god i idrett. I tillegg har det alltid vore viktig å ha dei “rette” klærne. Men vi gjekk då ikkje under på grunn av dette? Vi kjempa og prioriterte, og kom oss gjennom.

Eg ser at jussen er ein av dei studiestadane der presset er verst. Slik var det då vitterleg då eg gjekk der også. Men eg hadde ein nyfødt baby då eg byrja, så eg valde vekk veldig mange ting å bekymre meg for. Eg prioriterte dottera mi aller først, så det å faktisk fullføre ei utdanning. For meg var det ein seier. Så mykje meir var det heller ikkje rom for. Men det var mitt valg. Eg også såg dei pene jentene med dei dyre veskene, med dei kule skoa og avocado og cottage-cheese til lunch. Men eg valde å ignorere det.

Eg såg også jentene som besvimte av utmattelse under eksamen. Så kanskje er ikkje presset så mykje større i dag, men fleire når fram med sine stemmer, sine historier. Blogg og sosiale medier gjer at fleire når ut til ei mykje større gruppe enn før. Kanskje er det også blitt lettare å faktisk sei at ein sliter.

Men dette “presset” verkar som noko ein sjølv har skapt. Alle snakkar om det, alle fryktar det. Men kva er det eigentleg? Heilt konkret? Og kvar kjem det frå? Ingen forventar jo at de skal vera perfekte. Det er jo heilt latterleg.

Til mi kjære dotter, og alle andre som veks opp i denne tydlegvis alt for krevjande tida: Ta livet tilbake. Ta kvardagen tilbake. Gode karakterar er viktig, men ikkje for ein kvar pris. Gode trenings- og kostholdsvaner er viktig, men ikkje overdriv! Dyre klær og vesker er ikkje og vil aldri bli viktig, punktum.

I tillegg består livet av så utruleg mykje meir. Dersom du i dag ikkje taklar å få ein B på eksamen, korleis skal du då takle dei verklege utfordringane i livet?

Dei kjem til å komme. Om du vil det eller ikkje. Dødsfall, ulykker, samlivsbrot, sjukdom og anna som vil kunne slå deg så hardt i bakken at du lurer på om du nokon sinne kjem til å klare å reise deg igjen.

Den dagen vil B-en, kampen for den perfekte kroppen, den dyre veska, ja eigentleg det meste, framstå som heilt ubetydeleg og fullstendig uviktig å kaste vekk tida på.

-Janne-

Roleg joggetur

Denne veka har vore litt i overkant travel. Og ganske tøff på treningsfronten. Mest pga. Vinterkarusellen. Ei oppsummering:

Mandag: 10km på 50:07

Tysdag: Svømming, roleg ca. 1500m

Onsdag: Spinning 90 min

Torsdag: 60 min styrketrening 

Fredag: Kviledag

Laurdag: Roleg langtur

Søndag: Roleg fjelltur, kanskje svømming?

Vanlegvis trenar eg styrke også på tysdagar, og springer gjerne ein kort tur på torsdagen. Men vinterkarusellen satt godt i, så eg trur det var bra at eg ikkje rakk styrketrening på tysdag. Den rolege svømminga var veldig grei for å få løyst opp. Såpass tøff spinning på onsdag og tung styrketrening torsdags morgon var ingen høydare. Men no er det sjeldan eg har moglegheit til å delta på spinningen onsdagene, så det får gå for denne gong.

Ellers følte eg meg så ufatteleg full av energi på fredagen at det nesten bobla over. Men då måtte eg rett og slett tvinge meg til å ikkje trene, fordi eg trengte ein kviledag.

Neste veke må eg få lagt inn nokre intervallar, for det er alt for lenge sidan sist.

Arkivfoto. Gløymde å ta bileter. Urutinert.


Laurdag var det klart for ein roleg restitusjonstur. 70 minutt roleg. Det vart ein særdeles roleg tur, med snittfart på litt over 7 min per km. Eg sleit verkeleg med å halde farten nede. Det var nesten pinleg å subbe rundt på den måten. Men eg skulle halde pulsen lav, så det måtte til. 

Eg prøver å bli flinkare til å trene med pulsbelte no, for å passe på at eg trenar i dei riktige sonene. I sommer trente eg nok for mange tunge økter, og vart veldig kvalm når eg pressa meg. No har eg prøvd å trene veeeeldig roleg når eg har rolege økter, og det kjennes mykje betre.

Ellers må eg berre fortelje at eg vann ein konkurranse på Instagram! Yay! Sportsgalleriet stiller med ein time løpetrening med Christina Vukicevic samt goodiebags! 🙂 Woop-woop!

  Som dotter av ein gamal hekkeløper, samt mor til ei som gjerne vil bli det, er dette ekstra stor stas. 
Kanskje får eg nokre gode teknikk-tips som gjer at eg klarar sub 50 på neste Vinterkarusell. Gledar meg VELDIG!