Inspirerande løpetrening med Christina Vukicevic!

Eg var så utruleg heldig å vinne ein konkurranse på Instagram, og fekk vera med på løpetrening med Christina Vukicevic i regi av Sportsgalleriet. Ah. Det var kjempegøy! 🙂

  Litt mørkt i Hordnesskogen, men det gjorde ingenting.
Først varma vi opp litt, tøygde og så øvde vi på teknikk. Først ut var armane. Mange lar armane dingle frå side til side. Vi skulle øve på å ha dei godt inntil kroppen, 90 grader bøy, slappe av i skuldrane og la dei svinge fram og tilbake som ein pendel.

Fekk tips om å øve på dette foran speigelen for å rette på evt. feilstillingar.

Så var det haldning og høge kneløft som skulle øves på. Rett i ryggen, hoftene fram, og lande på forfot. Fokus på å få krafta i steget til å føre oss framover. Landar du med foten langt foran kroppen, bremsar du farten. Øvde på å lande steget rett under kroppen. Etterpå gjekk vi over til gåande utfall.

Så var det dags for sprint-intervallar. Ca. 60 meter (?). Fram og tilbake, med 20 sek pause. Ganske intensivt. Fekk tips og råd frå Christina undervegs. Innsåg at det var ganske vanskeleg å skulle springe veldig fort og fokusere på teknikk samtidig. Gløymde alt vi hadde lært om både armane og steget.

Så tok vi nokre spensthopp og tåhev før vi jogga roleg tilbake.

Alt i alt ei veldig kjekk økt, og veldig greit å få tips til teknikk. Skulle sjølvsagt ønske ein kunne få meir individuell rettleiing, men Christina gjorde ein kjempejobb. Og herlighet for ei pen dame! Ikkje lett å posere ved sidan av ho… :p  

 Kjempekjekk kveld, og veldig inspirerande! Kjem nok til å legge inn litt meir korte intervallar og teknikk i programmet mitt framover. Hadde heilt gløymt kor gøy det er å springe kort og raskt! 🙂

Roleg joggetur

Denne veka har vore litt i overkant travel. Og ganske tøff på treningsfronten. Mest pga. Vinterkarusellen. Ei oppsummering:

Mandag: 10km på 50:07

Tysdag: Svømming, roleg ca. 1500m

Onsdag: Spinning 90 min

Torsdag: 60 min styrketrening 

Fredag: Kviledag

Laurdag: Roleg langtur

Søndag: Roleg fjelltur, kanskje svømming?

Vanlegvis trenar eg styrke også på tysdagar, og springer gjerne ein kort tur på torsdagen. Men vinterkarusellen satt godt i, så eg trur det var bra at eg ikkje rakk styrketrening på tysdag. Den rolege svømminga var veldig grei for å få løyst opp. Såpass tøff spinning på onsdag og tung styrketrening torsdags morgon var ingen høydare. Men no er det sjeldan eg har moglegheit til å delta på spinningen onsdagene, så det får gå for denne gong.

Ellers følte eg meg så ufatteleg full av energi på fredagen at det nesten bobla over. Men då måtte eg rett og slett tvinge meg til å ikkje trene, fordi eg trengte ein kviledag.

Neste veke må eg få lagt inn nokre intervallar, for det er alt for lenge sidan sist.

Arkivfoto. Gløymde å ta bileter. Urutinert.


Laurdag var det klart for ein roleg restitusjonstur. 70 minutt roleg. Det vart ein særdeles roleg tur, med snittfart på litt over 7 min per km. Eg sleit verkeleg med å halde farten nede. Det var nesten pinleg å subbe rundt på den måten. Men eg skulle halde pulsen lav, så det måtte til. 

Eg prøver å bli flinkare til å trene med pulsbelte no, for å passe på at eg trenar i dei riktige sonene. I sommer trente eg nok for mange tunge økter, og vart veldig kvalm når eg pressa meg. No har eg prøvd å trene veeeeldig roleg når eg har rolege økter, og det kjennes mykje betre.

Ellers må eg berre fortelje at eg vann ein konkurranse på Instagram! Yay! Sportsgalleriet stiller med ein time løpetrening med Christina Vukicevic samt goodiebags! 🙂 Woop-woop!

  Som dotter av ein gamal hekkeløper, samt mor til ei som gjerne vil bli det, er dette ekstra stor stas. 
Kanskje får eg nokre gode teknikk-tips som gjer at eg klarar sub 50 på neste Vinterkarusell. Gledar meg VELDIG! 

 

Vinterkarusellen

Det er tid for vinterens store happening på løpsfronten: Necon Vinterkarusellen.

Det er rett og slett eit løp som gjentek seg (karusell) ein gong kvar tredje veke utover vinteren. Ein kan velge mellom 10 og 5 km. Om eg ikkje tek heilt feil, er dette tredje året eg deltek. Det er verkeleg eit kjempearrangement, som berre har blitt meir og meir populært.

I går vart det i følge Kondis sett ny deltakarrekord, med over 1200 på startstreken: http://www.kondis.no/rekordmange-loepere-i-vinterkarusellen-i-bergen.5811268-127676.html

Målet mitt er, som vanleg, å komme under 50 minutt. Eg har ein pers på 10km på 50:00. Altså femtiBLANK. Det føles så meiningslaust. Eg har fleire gonger sprunge på rett over 50, og det går meg veldig på nervene. 😦 

Planen var å gå roleg ut, og auke etterkvart. Her er km-tidene mine frå Nike+ appen, som ikkje er heeeeilt nøyaktig på distansen. Men det gir jo ein viss peikepinn:  

   Ganske greit etter planen, men må nok justere litt. Prøver jo alltid å springe med såkalt “negativ split” dvs. Avslutte siste halvdel raskere enn den første. Det er vanskeleg. Kanskje særleg her? Problemet er at 10km løypa på vinterkarusellen har ein del stigning på slutten (trur Nike har juksa litt her også). Difor er i alle fall den siste km ganske så vanskeleg å springe raskare.

Eg følte meg piggoglett, offensiv og full av ungdommelig overmot. I alle fall fram til slutten av 8km. Så byrja det å gå litt trått. Rett før hadde eg nemleg gitt på litt ekstra for å springe forbi ein tightskledd midtlivskrisemann, og kosta på meg eit leikande, men kanskje hakket for arrogant “kom igjen” då eg passerte han. Lett som ein gazelle. Jadda! 

Kanskje uødvendig å seie at han tok meg igjen på flata litt seinare…

Siste km såg eg at eg var heilt på grensa til ny pers, men såg det var innafor hvis eg berre gav litt på. Prøvde, men plutseleg gjekk tiden så alt for fort! Gjennom maratontunnelen, ut på stadion, KOM IGJEN! Prøvde, prøvde, men neeeeiii. 50:07. Æsj. Jaja. Første løp. Det kan berre gå oppover.  

  

Squashgetti

Tenkte eg skulle dele ei oppskrift, sidan det er ei stund sidan sist. Denne oppskrifta fann eg på nettet for veldig lenge sidan, og eg lurer på om det var hos http://dedication.blogg.no  

 Veldig godt, veldig enkelt og veldig sunt. Denne gongen hadde eg pasta i tillegg, men ynskjer du å kutte på karbohydratane, er det berre å bruke squashen som pasta. Eg seier som Ole Brumm: Ja takk, begge deler.

  
Steik karbonadedeig og løk, tilsett raspa gulrøter og hakka tomater. Når det har putra ei lita stund, tilsett ein god dash ketchup og det krydderet du vil ha. La det koke i 5-10 min. Kok opp pasta om du vil ha det.

Squashen strimlar du på langs med ostehøvelen, eller hvis du feks har eit Julienne-jern kan du bruke det også. Strø over litt salt og pepper og la den ligge på papir og tørke litt, før du slenger den kjapt oppi kokande vann i eit par minutt.

Dryss over nyriven parmesan og pinjekjerner rett før servering. Digg. 🙂
PS! Hugs å handle inn alt du treng på førehand. Det gløymde eg, så eg måtte handle midt i joggeturen…Greit med store lommer på jakka. Får plass til mykje digg nedi der. 😉 

 

Første dag som sykkelpendlar :)

Då var endeleg dagen komen. Til tross for litt “utfordringar” i går, løyste det seg heldigvis greit med litt kyndig hjelp. 

  Sykkelen har stått ute (under tak riktignok) i eit par år, så kanskje ikkje så rart at dekka morkna…Heldigvis fann eg nokre gamle dekk i boden, og fekk hjelp til å skifte. (Ja, eg skal lære meg å gjere det sjølv.)
Eg pakka byteklede, såpe, handklede og alt eg trengte kvelden før. I tillegg la eg fram alt av sykkelutstyr, slik at det berre var å stå opp, kle på seg og sette igang.  

 Det var ganske mørkt i dag tidleg.

Turen gjekk veldig fint, og det var heldigvis mykje mildare i dag enn tidlegare. Eg brukte under 20 min til jobb, og ca. 15 minutt på dusj og skifte. Men samtidig dusja eg då ikkje før eg reiste heimanifrå, så eg tenker at eg sparte litt tid. Alt i alt veldig nøgd!  

På plass i sykkelgarasjen på jobb

Tips til vintersykling:

• Varme klede

Eg går alltid for ull innerst. På beina har eg ein fora vintertights frå Craft. Distansen er så kort at eg droppar bukse med padding, men vurderer å ha det under dei dagane eg evt. skal sykle ein langtur. 

• Overtrekk til sykkelsko

• Ei god vindtett/vanntett sykkeljakke

• Litt tjukke sykkelhanskar

• Buff

• Panneband

Ellers er det viktig (og påbudt!) med lys på sykkelen. Eg syklar også med refleksvest på morgonen.

Eg skal også investere i piggdekk til sykkelen i år. Må berre sjå litt på kva type osv. eg skal ha. Kan komme tilbake til dei i eit eige innlegg.

Ellers saknar eg raceren pittelitt. Og så mildt som det var i dag, kunne eg jo berre brukt den. Men hadde faktisk gløymt kor gøy det er å køyre offroad gjennom skogen her. :p

I morgon har eg to treningar, så då let eg rett og slett sykkelen stå. Det blir FOR upraktisk å få den logistikken til å gå opp…Men tenker å sykle på onsdag.

Ellers traff eg på masse kjekke sykkel-kollegaer i dag. Så hadde ein veldig fin dag! Sykkelpendling anbefalast så absolutt. 🙂

Det var så fint i dag at eg berre måtte jogge meg ein pitteliten tur etter å ha parkert sykkelen. Siste dagen med sol, visstnok. Sukk! 

 
 

Tid til trening?

I samband med flytting av arbeidsplass, har eg fått veldig mykje lenger tid til jobb. Før kunne eg hive meg i bilen når eg ville, og vera på plass 15 min etterpå. Luksus for andre, vane for meg.

No må eg ta buss, sykle eller jogge. Med ein distanse på 7-8km, heilt overkommelig. Men så var det desse praktiske hensyna då. Eller unnskyldingane: “Eg må ut på synfaring, så eg burde hatt bil”, “eg får hjelmhår”, “eg har masse greier eg må få med meg heim”, “eg skal noko etterpå, vanskleg å ha sykkel”, “eg orkar ikkje”. Slik har veka gått for min del. Eg har vore på kontoret 4 av 5 dagar, ein dag på jobbreise, men sykla/jogga 0 av 4 moglege dagar. Nærast kom eg på fredag. Då pakka eg treningstøy (dagen før, såklart), heiv meg på ein ekstra tidleg buss til jobb, og jogga og trente før jobb.  

   Så kva var problemet? Jo. Eg kasta vekk mykje tid. Hadde eg jogga TIL jobb, hadde eg løyst både trenings- og transportproblematikken. Kvifor jogga eg ikkje? For det vart så mykje å bære med seg i sekken, og den er ikkje spesielt god å løpe med. Håplaust.
Eg innser at eg må investere i ein god løpesekk. Men eg må også bli flinkare til å slutte å lage så mange hindringar og unnskyldningar for meg sjølv. Det er jo berre å komme seg ut. Sette i gang. Finne ein god rutine og komme inn i rytmen. Vi har trygg sykkelparkering, flotte garderobar og gode dusjar på jobb, så her ligg alt til rette. Så i morgon skal eg til pers. Eg skal sykle. No har eg sagt det høgt. Håpar det ikkje er glatt i morgon… (Der poppa det opp ein hindring/unnskyldning, gitt!)

Tilbake til poenget. Den nye kvardagen gjer altså at eg tapar ein del tid. Uansett kva transportmåte eg velger, får eg ca. ein time mindre å rutte med kvar dag. Det er i alle fall mykje i min kvardag. Å kunne få til transport som trening er difor ekstra viktig. I tillegg til at eg må skjerpe meg veldig på planlegging. Når eg ikkje har bil tilgjengeleg, er det vansklegare å komme seg til trening, få handla osv. Herlighet eg har vore bortskjemt! Men slutt på det no.

Så: For å få tid til trening, er altså planlegging essensielt. For mange er ikkje transporttrening eit alternativ, så då må ein bli flink til å utnytte tida si godt. 

Kan du trene før jobb? Legge deg litt før, jogge ein runde før du reiser til jobb? Har de treningsrom på jobb? Kan du trene der før eller etter jobb, er jo det eit veldig godt alternativ. Evt om det ligg eit treningssenter i nærleiken.

Faste treningsdagar er veldig greit å ha. Lettare å planlegge, vansklegare å snike seg unna. For min del handlar det mykje om å planlegge kombinasjonar av treningar. Intensitet, type økt og treningsform. Eg kan ikkje springe intervallar mandag, og trene knallhard styrke på bein tysdag. I tillegg må eg legge inn restitusjonsdagar. Det er til tider litt av eit reknestykke som skal gå opp. 

Uansett kor mykje eller lite ein trenar, kan det vera greit å ha ein treningsplan. Skriv opp fleire veker fram i tid, legg inn alle aktivitetar, konkurransar osv, og planlegg fornuftig ut i frå det. Hvis tiden er eit problem, tenk nytt! Skal du på jobbreise, sjekk mulighet for trening på hotellet eller i nærleiken. Kanskje er det ein fin liten fjelltopp i nærleiken? Kan du ta med ungane på trening, gå ein tur eller liknande? Kan du trene medan dei trenar? Her må ein berre vera kreativ.

Vi har faktisk alle like mange timar tilgjengelig i døgnet. Eg har “berre” eitt barn som eg deler på, men eg jobbar 100% og reiser ein del i jobben. Eg har ei ganske travel fritid, men brukar ein ganske stor stor del av den til trening. Og eg har tid til det fordi eg prioriterer det. Det er ikkje verre enn det. Ingvard Wilhelmsen sa noko veldig bra om det. Ein pasient sa han ikkje fekk trent så mykje som han ville. “Jo, det er akkurat det du får”, svarte Wilhelmsen då. 🙂

Bruk søndagen til å planlegge den kommande veka. Kanskje har du tid til meir enn du trur…

Impulstur til Trolltunga på laurdag. Jammen fekk eg tid til det også.

Tiden flyr!

Tiden går verkeleg i eitt for tida. Flytteprosess med jobben, trening, turar og livet generelt. 

Dei siste vekene har eg verkeleg ikkje vore “nedpå” i det heile. Det slo meg ikkje før i dag tidleg, då eg bestemte meg for å nytte høvet til å sitte 5 minutter ekstra i sofaen med ein kaffikopp. Dei fem vart til tjue. Og store deler av tiden stirra eg berre tomt inn i veggen.

Samtidig har eg meir energi enn eg har hatt på veldig lenge. Følelsen av at handbrekket har vore på, både i livet generelt og under konkurransar/trening er heilt vekke. Eg har meir energi enn på veldig, veldig lenge. Kanskje er det eit teikn på at alt endeleg har byrja å falle på plass. Eller, om ikkje alt, så i allefall at eg har innfunne meg meir med situasjonen og livet slik det har blitt.

Angsten for å føle seg fullstendig mislykka når ein sit heime åleine ein fredagskveld er bytta ut med: “Yay. Eg kan bestille sushi, kjøpe snop, sjå ein skikkeleg dårleg romantisk komedie og ligge på sofaen med joggebukse heile kvelden.”

Men, som nemnt. Eg har ikkje berre lagt på sofaen sidan sist. Ei kort oppsummering:

  Stoltzen gjekk ikkje så bra, men heller ikkje så dårleg som eg frykta. Inn på 16:19 mot 15:57 i fjor. Eg har definitivt meir inne her. I fjor var eg nærare 14-talet enn nokon sinne, diverre vart eg skada rett før sjølve løpet. I år har eg gått for lite i Stolzen. Punktum.
   

Utsikt frå Bakkanosi


Eg har gått nokre fantastiske fjellturar i nydeleg vær.

   
 I tillegg har eg sykla 100km tilsammen på to turar: 

    
 Den siste turen var kanskje ikkje heilt godt planlagt. Mørkret kom alt for fort på og eg vart kliss våt og iskald. Jaja. Ein lærer så lenge ein lever.

Ulriken fekk seg eit besøk: 

  

P.S. Det er lettøl

 
Og endeleg var eg innom www.bergenfitness.no 

 Lenge sidan eg har hatt det SÅ vondt. Då eg ufrivillig fekk ein pause på dei siste wall balls-ane, og måtte ta 5 burpees til, begynte eg nesten å grine. Dette var på tysdag, og eg er framleis stiv.

I morgon håpar eg på å få meg ein langtur, dersom været blir fint.

Hadde gløymt kor fantastisk hausten faktisk er. Den skarpe lufta og dei nydelege fargane. Og så regnar det nesten ikkje! Fantastisk. 🙂 Det er berre å komme seg ut, folkens!

  
 

Scottish halfmarathon racerapport

 

Vanskeleg å få tatt bilete, dette var eitt av dei få “vellukka”.

 
Laurdag var det klart for #Scottishhalf i Edinburgh. Vi visste lite om kva vi kunne forvente oss, anna enn ca. 3000 deltakarar, og ei flat, rask løype.

Vi møtte opp i GOD tid for å hente startnummer. Været vart rett og slett knallfint. Sola skinte og det var varmt og godt. Eg angra litt på at eg ikkje hadde med shorts, men var nøgd med å ha hugsa solbrillene! Dei kom godt med.

Vi hadde lada godt opp dagen før, med lasagne og sjølvsagt dessert. Eg gjekk for sjokoladekake:  

 Følte meg veldig bra, til tross for ein litt slunken frukost på hotellet. Engelsk frukost er litt for avansert for meg. Blodpølse, lizm? Eg heldt meg til toast og syltetøy. Hadde med meg ein Fresubin i tilfelle eg skulle kjenne eg trengte litt meir næring før start. I beltet hadde eg to Winforce-gel. 

Varma litt opp, og stod leeeenge i dokø. Så var det brått klart for start. God stemning!

  Eg stod i 1:48-gruppa. Noko ambisiøst, men eg meldte meg på i vår, så eg trudde jo faktisk eg ville vera der no i haust. Slik gjekk det ikkje…
Eg opna lett og ledig i 5:10-tempo. Måtte verkeleg halde igjen, for løypa var lettløpt, og enkelte sette opp eit voldsomt tempo. Var nede i 5:02 på andre km, men klarte å stabilisere meg på 5:10. Mot 10 km føltes kroppen utruleg lett og fin. Eg kjente meg rett og slett sterk. Prøvde å halde farten nede, sjølv om eg eigentleg hadde lyst å berre gasse på. Tok ein gel, viktig å fylle på FØR ein trur ein treng det. 11km på 5:12, 12km på 5:07, 13km på 5:10.

Vi sprang no langs kystlinja. Heilt fantastisk. Prøvde å nyte det alt eg kunne. 

 Etter å ha passert 13 km, kjente eg brått at noko ikkje stemte. Magen slo kolbøtte. Verkeleg ikkje bra. Kva gjer eg no? Vurderte å stoppe opp litt, men roa heller ned på tempoet. 14km på 5:33, 15km på 5:39. Så gjekk det berre nedover med tida. Brukte mykje krefter på å halde ut magesmertene, og eg stivna rett og slett heilt. Klarte aldri å få opp tempoet igjen, og kjente meg framleis ganske uggen. 

Men eg var nøgd likevel. Prøvde å gi litt på siste km, og fann ei med fin fart å ligge i ryggen på, det hjalp! Prøvde på ein liten innspurt, det gjekk tåleleg greit. Veldig glad då eg kom meg i mål. Ei stund var eg verkeleg redd for at eg skulle måtte bryte. 

Veldig kul medalje

Fekk t-skjorte og ein liten goodie-bag i mål. Prøvde å få i meg ein bar og litt mentos, men var veldig kvalm. Tida vart 1:53:43. Heilt greit. Ikkje så mykje å gjere med den. Veldig nøgd med løp og fart fram til magetrøbbelet. Sprang veldig jamnt, og det er jo bra! Samtidig var det jo ei flat og fin løype.

Trur disponeringen min var bra, men vanskeleg å vite når eg fekk trøbbel undervegs. Kunne jo kanskje gått på ein smell likevel? 

Eg er uansett ganske overbevist om at pers på halvmaraton kan komme i år likevel. Så no gledar eg meg til maratonkarusellen! Det er utruleg kjekt å kunne fokusere meir på løpingen no. Hadde gløymt kor mykje eg saknar det!

Etter løpet var det middag, og så måtte vi sjølvsagt innom ein lokal pub… 🙂 

Ein må alltid ha dessert…

  

Edinburgh by night

  
  

Alt i alt var det ein kjempefin tur. Tips til andre: Ha joggeskoa i handbagasjen. Ei i reisefølget var så uheldig å ikkje få kofferten sin, så ho måtte ut og kjøpe alt ho trengte til løpet…

Scottish half marathon here I come

  
I dag set vi oss på flyet og reiser avgarde til Skottland, nærare bestemt Edinburgh. “Vi” er ein gjeng løpevenninner, som har sprunge saman ei god stund no. Eg gledar meg som ein unge! Eg har aldri vore i Skottland før.

Det å kombinere ferie med løp, er heilt genialt. Eg har tidlegare vore med på halvmarathon i Paris og Amsterdam. Reiser du ned eit par dagar før, eller tilbake litt etterpå, får du tid til både springing og det å vera turist. Men eg vil ikkje anbefale å freiste å gå opp i Eiffeltårnet rett etter å ha sprunge. Det gjorde eg i fjor, og det endte med at eg nesten besvimte, for vi hadde ikkje ete skikkeleg etterpå (planlegg gjerne middag ganske kjapt etter løpet!). Bleik og svimmel måtte eg sende min dengang betre halvdel opp dei siste trappene medan eg kasta meg over ein belgisk vaffel dynka i Nutella frå ei bod under Eiffeltårnet. Classy. 

Uansett. Det er ei veldig spesiell atmosfære på løp med mange tusen deltakarar. Eg spring som regel med btc-skjorta mi, så då har eg norsk flagg på ryggen. Då er eg garantert å få tilrop frå andre nordmenn. 🙂

Eg er veldig spent på kva tid eg kjem til å havne på i dette løpet. I utgangspunktet var eg optimist, og skreiv meg inn på 1:48. Diverre er nok ikkje det oppnåeleg. Løpetreningen har fått lide dei siste månadane, og eg merkar at eg har blitt veldig treig. Samtidig har kroppen føltes veldig bra den siste tida, så eg lever jo i håpet om å i alle fall ikkje vera så veldig mykje over det.

Å springe i utlandet krev ikkje så mykje anna enn å springe innanlands. Nokre løp krev legeattest, men det står i såfall opplyst ved påmelding. Så er det berre å finne eit hotell i nærleiken, sjekke ut transportmåtar og finne startområde, opplysningar om henting av nummer osv.  

Bilete frå expoen i Paris i 2014


På løpet i Skottland, er det mogleg å levere inn tøy som du får ved målgang. Tommel opp for det. Eg tek alltid med meg nokre gamle filler eg ikkje er så redd for. I tillegg er det greit å ha ein ekstra genser ved start, som du kan kaste når du byrjar å springe. Eg tek med meg ein gamal Ulvang-gensar med malingflekkar. Her gjeld det å halde seg varm, ikkje å sjå bra ut.

Eg har pakka med meg litt ulike variantar av klede. Langarma, t-skjorte, løpevest, to tightsar, ein kort og ein lang, kompresjonsstrømper, panneband, treningstopp og to ulike oppevaringsbelter for mobil. Flip-belt og Spibelt. Har ikkje heilt bestemt meg for kva for eitt eg skal gå for…I tillegg har eg vanntett etui til mobilen. (Eg har allereie drukna ein iPhone, vil ikkje drukne ein til.) 

Praktiske løysingar for mobiloppbevaring


Ellers pakkar eg alltid joggesko i handbagasjen. Grunnen til det er jo hvis bagasjen skulle forsvinne, har du i allefall joggeskoa. Å springe i nyinnkjøpte joggesko anbefales ikkje. Alt utstyr må vera testa og utprøvd på førehand.

Kofferten er pakka, og eg er klar. Håpar berre ikkje mini har smitta meg med forkjølelsen sin…

  

  

Korleis begynne å trene?

Eg omgir meg stort sett med folk som trenar MYKJE. Vi diskuterer trening, utstyr, skadar, og alt som høyrer til. Men så sit eg der i jobben på luch, på fest med venner, i middag med familien osv. og føler meg rett og slett ganske teit. Eg vil helst ikkje snakke om kor mykje eg trenar. Kvifor? Fordi folk ser på meg som eg har matrestar i trynet. Eit litt måpande blikk som lyser avsky.

Så då svarar eg kort, og skiftar emne ganske kjapt.

Mulig eg er paranoid, men av og til verkar det som om folk faktisk mislikar deg fordi du trenar. Ja, eg deler jo alt for mykje av mine glade treningsbileter. Men er det for å booste egoet mitt? Nei, ikkje eigentleg. Eg vil berre så gjerne at folk skal oppleve den gleden eg kjenner ved å trene.

Eg skjønar jo at det kan bli kvalmande. Glansa bileter av folk dryppande av sveitte med startnummer på brystet og medaljen i kjeften. “Alle” springer marathon og driver med triathlon. Gapet mellom dei aktive og dei inaktive har aldri vore større.

Facebookfeeden din er plutseleg full av liksom-toppidrettsutøvarar. No trenar tilogmed kjærestar saman. Biletteksten er den same “Kvalitetstid <3” Men biletet av to glas vin og kortreist økologisk biff er brått bytta ut med bilete av to omslynga par føter med joggesko på toppen av Stoltzen.

My ass. Å trene med kjærasten er aldri ein god idé. Med mindre ein er i NØYAKTIG like god form. Minst ein av dykk kjem til å bli furten eller dritsur. Konkurranseinnstinktet > kjærleiken. 

(Ja. Eg er bitter.)

Illustrasjonsfoto, sidan de sikkert treng avlastningen mellom all teksten…

 
Tilbake til poenget: Korleis byrje å trene? Og korleis kan ein minimere gapet mellom dei inaktive og dei overaktive?

Dei overaktive kan kanskje byrje å ta meir hensyn? Dempe seg litt? Og dei inaktive kan kanskje prøve å la være å bli provosert av dei overaktive? Eller skal vi prøve å leve godt, side om side? Kanskje kan vi møtast på midten ein plass?

Sanninga er at vi bevegar oss for lite som nasjon. Kor mange er eigentleg aktive 30 minutt om dagen?

Eg trudde eg var flink til å bevege meg i kvardagen. Men den avslørande helse-appen på iPhonen har synt meg noko heilt anna. Eg går alt for lite i løpet av ein dag! Dei dagane eg ikkje trenar, går eg frå senga til bilen, frå bilen til jobb, og tilbake igjen. Innom butikken, så finn eg sofaen. Galskap.  Då er det mykje betre å leve eit liv med meir kvardagsaktivitet.

Målet med bileta mine på Facebook og Insta, og målet med denne bloggen er ikkje å slå folk i hovudet mitt med “sjå kor flink eg er”, tvert i mot! Eg vil at fleire skal oppleve gleda ved fysisk aktivitet. Eg vil inspirere og motivere. Eg vil jo ikkje at folk skal tenke “det der blir for voldsomt”, det gidd eg ikkje.

Ein må heller ikkje gløyme at eg har trent i mange år. Men eg byrja ein plass eg også. Dei første joggeturane mine etter eg fekk dottera mi, var på knappe 3km. Men for meg var det meir enn nok! Slik heldt eg på. Veke etter veke, månad etter månad. År etter år. Prøvde meg på Sats, men kom aldri skikkeleg inn i rutinen.

Vendepunktet vart vel då eg byrja å melde meg på løp. Fanamilen, Ulriken opp osv. Etterkvart utvida eg sesongen, og byrja å springe på vinteren. Då meldte eg meg på Vinterkarusellen. Å ha eit løp å sjå fram tid har vore alfa og omega for mi trening. Veit eg at eg skal delta på noko, er det vansklegare å droppe treninga.

Men det er meg. Kva skal til for å få deg ut? Det veit du best sjølv. Likar du å springe? Ingen elskar det frå dag ein. Men så blir det ein vane, og før du veit det er vanen blitt til lidenskap. Det er heilt sant! 

Kanskje er ikkje jogging noko for deg. Ok. Kva med sykling? Spinning? Symjing?Saltimar på treningsstudio? Likar du best å trene saman med andre eller åleine? Styrketrening? Eg anbefalar sjølvsagt BergenFitness på det varmaste. Til alle. Uansett nivå.

Eller kva med å berre gå ein fjelltur. I byrjinga kan ein fjelltur i veka vera nok. Eller berre ein rundtur i nærmiljøet. Ikkje gjer det så veldig avansert. Men gjer det jamnleg. Ein gong i veka, så to. Få med deg ei venninne eller ein kompis. Så aukar du gradvis på etterkvart. Men ikkje overdriv! Det er lett å bli overivrig og gå på ein smell. Easy does it.

Sett deg mål. Springe 5 km neste sommer? Klare 10 armhevingar om 6 månader? Klare å sykle til og frå jobb utan å stryke med? Meir enn nok det. 

MEN: Finn deg eit konkret mål som motiverar deg. For du gjer dette for deg sjølv, ingen andre.